Hopp til innhold

Vidar Johnsen ute av Stjernekamp

Vidar Johnsen hadde lært seg både tysk og opera i løpet av ei veke, men måtte ikveld pakke fugledrakta og forlate Stjernekamp. – Det var heilt fortent, seier han sjølv.

Vidar Johansen i fugleantrekk (Opera)

Vidar Johnsen er ute av Stjernekamp.

Foto: Julia Naglestad / NRK

Vidar Johnsen troppa opp i fuglekostyme, utstyrte seg med fløyte og framførte «Der Vogelfänger bin ich ja» frå den tyske operaen Tryllefløyten – på tysk.

Vidar Johnsen i stjernekamp

Vidar Johnsen utstyrte med både fløyte og fugledrakt – men publikum fekk likevel ikkje sansen for tysk opera.

Foto: Julia Naglestad / NRK

Men konkurransen i operasjangeren blei for stor, og Vidar måtte ta vingane fatt og forlate Stjernekamp.

– Eg var ikkje god nok

– Det var heilt fortent at eg gjekk ut i dag. Eg var ikkje god nok, eg klarte ikkje å halde hovudet kaldt, seier han.

Men han avviser at det var manglande øving som var årsaka. I løpet av denne veka har Vidar vore nøydd til å lære seg både opera og tysk, og sjølv om han hadde kontroll, blei han aldri heilt komfortabel.

– Eg var godt førebudd, men det var for mykje rot i hovudet mitt. Eg kunne teksta ganske godt, men eg fekk aldri roa, seier han.

I sitt rette element

Det er ikkje berre Vidar som har rørt seg langt utanfor komfortsonen sin, då deltakarane med sine forskjellige bakgrunnar trådde inn i operaen si verd. Høge tonar, triller og særeigen songteknikk har vore ei utfordring langt utanfor det normale for dei fleste, unntatt éin. Nemleg operasongaren Eli Kristin.

Saka held fram under biletet

Eli Kristin i Stjernekamp - opera

Eli Kristin boltra seg i sitt rette element, men ikkje utan utfordring.

Foto: Julia Naglestad / NRK

Eli Kristin er den raudkledde eksplosjonen av ei operasangerinne som boltra seg elegant og kraftig i sitt rette element på scenen i kveld.

Ho la lista høgt for seg sjølv då ho valde «Sempre Libera» frå operaen La Travita, eit krevjande stykke sjølv for ein trent operasongar. Det var ingen krystallglas som gjekk i tusen knas, men publikum fekk servert eit teatralsk operadrama av ei røyst som trilla over heile den menneskeleg høyrbare lydskalaen.

– Eg la lista så høgt at eg har sjanse til gå rett på trynet, seier Eli Kristin, til jublande tilbakemelding frå Mona B. Riise i dommarpanelet.

– Det er sterkt å høyre når det går frå å vere ei menneskeleg stemme til noko guddommeleg, seier Mona.

Opera-coach Solveig Kringlebotn understrekte for eit utrena operapublikum at Eli Kristin verkeleg har lagt lista høgt i kveld.

– De må vite at dette er opera på sitt aller beste. Ho kunne ha tatt mageplask, men ho gjorde ikkje det, seier Solveig.

– Skulle ønske du ville bli operasongar

Ein opera-debutant som har gjort seg merka denne veka, er, ikkje overraskande, storsjarmøren Atle.

Atle syng opera i Stjernekamp

Atle serverte både saft, eit saftig trekantdrama og ein stor operaprestasjon.

Foto: Julia Naglestad / NRK

Han har imponert både dommarpanelet og publikum i stort sett alle sjangrane han har prøvd seg på, og det var intet unnatak når han kasta seg ut i operasjangeren ikveld.

Han serverte både saft, eit saftig trekantdrama, og ein stor operaprestasjon.

– Faktene, mimikken og dei store munnrørslene. Eg er så imponert over alt du får til. Du har beherska kvar einaste sjanger du har fått kasta i trynet, er den overveldande positive dommen frå Vinni.

– Eg veit det ligg mykje arbeid bak, og du er ein stor entertainer, held han fram, og opera-coach Solveig Kringlebotn stemte i ein liten bøn for å få han på tanken om å byrje med opera på heiltid.

– Eg skulle ønske du hadde hatt lyst til å bli operasongar, for det hadde du fått til, seier ho.

Over halvvegs i årets Stjernekamp var det den tyske operaen som måtte gi tapt. Neste gong skal dei resterande fem deltakarane leite fram lidskapen og prøve seg på sjangeren Latino.

Stjernekamp Opera

Deltakarar under opningsnummeret.

Foto: Julia Naglestad / NRK

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.