Victoria Nadine er ein av Noregs mest populære artistar for tida.
24-åringen frå Skien starta med å lage musikk heime på soverommet, og var for fyrste gong i rampelyset da ho deltok i Idol 16 år gammal.
Gjennombrotet kom med låten «Be Okay» som handla om brotet med Funkyfam-profilen Silas Massa Vasstrand.
Den skaut fart på Spotify, og har nå 15 millionar avspelingar.
I desember i fjor var ho også på ein av dei store «Billboard»-installasjonane på Times Square i New York – eit nålauga dei færraste kjem gjennom.
Nå er ho ute med ny låt om kjærleikssorg med tittelen «Saw It Coming». Men denne gongen er ting litt annleis.
Ikkje god nok til å bli elska
– Låten handlar om den kjensla ein får før det er slutt, seier Victoria Nadine i Lindmo.
– Der ein tenker at: «Det berre er eit spørsmål om tid før du drar frå meg. For eg er ikkje god nok til å bli elska for alltid».
Victoria Nadine fortel at dette er tankar ho ofte har når ho er i forhold.
Til og med dei gongane ho har opplevd at ho og den aktuelle kjærasten har hatt det fint saman, kraup bekymringane inn om at vedkomande skulle forlate ho fordi ho ikkje var god nok.
– Det er trist at eg berre har godtatt det, understrekar ho.
– Men når ein har vorte såra fleire gongar så kjem du til eit punkt der du tenker at eit brot skjer. At det er dét som er kjærleik, fortel 24-åringen med tårar i augo.
Har treft den rette
Men nå har Victoria Nadine fått trua igjen på kjærleiken.
I november kunne ho bekrefte at ho og Kyrre Gørvell-Dahll, betre kjent som Kygo, hadde blitt kjærastar.
«Det nye superparet» som dei har blitt omtalt som, har fått mykje merksemd den siste tida og var blant anna på internasjonal kjendisgalla ved nyttår.
Når Anne Lindmo kommenterer at ho verkar veldig trygg saman med Kygo på bakrommet svarer Nadine bekreftande:
– Det er veldig koseleg og trygt.
– Har frykta du har hatt før forandra seg på nokon måte?
– Eg trur den kjensla, den frykta kjem til å vere der litt, fordi den er meg. Men når ein treffer den rette, er det noko som skjer. Det har eg gjort nå, seier Nadine.
Tør å satse på kjærleiken
Nadine fortel at den tryggleiken ho får med Kygo har gjort at ho tør å satse på kjærleiken. For fyrste gong tør ho å sjå ei framtid med partnaren sin.
– Det er den tryggleiken ein får der ein ikkje treng å bekymre seg over alle småe ting heile tida, fortel artisten tydeleg rørt.
Nadine peiker vidare på at det er fyrste gong i livet hennar at ho gler seg til den dagen «når» ho skal gjere ting med kjærasten sin.
– Og ikkje «viss» vi kjem dit om to år. Men «når» vi kjem dit, seier ho.
– Og det er veldig nytt, avsluttar Nadine.