NRK Meny
Normal

Vi treng nye blikk

I dagens P2-kommentar foreslår Sigrun Slapgard at det kan vere nyttig å lese historie med litt andre kilder enn de tilvante.

Hanna Winsnes

Hanna Winsnes - ei kvinne som har Sigrun Slapgard har lært av.

Foto: SCANPIX

KOMMENTAR: Sigrun Slapgard
Foto: NRK

Mye ufortalt historie gøymer seg i tilvant tankegang. Og kanskje ikkje minst når kanon får stjele det meste av merksemda.

Hent fram tre uvanlege kvinner for å bli oppglødd og lære nytt om Norges historie!

Sjølv treng eg ofte å bli minna om at det ikkje alltid er dei opplagt største som er mest interessante. Kanskje særleg når eg har brukt mye tid på ei kvinne ved namn Undset som har sin sjølvsagte plass på podiet.

Lise Lindbæk

For ei tid tilbake brukte eg mye tid på ei kvinne som var gløymt, kanskje til og med fortrengt. Historia til Lise Lindbæk viste seg å kaste lys over ein lite omtalt del av vår nære historie: det norske engasjementet i den spanske borgarkrigen. I tillegg kunne ho vise ved sitt eksempel at journalistikk kan handle om samfunnsengasjement, at ein uredd journalist kan komme til å bety mye både for historias gang og forteljinga om det som skjedde.

Spesiell fotoutstilling

I fjor haust var eg i Kirkenes og vart oppslukt av ei spesiell fotoutstilling på museet der. Eg såg ein flik av nordnorsk historie som ikkje er alt for påtrengande for oss søringar. Bilda var attpåtil tatt av ei kvinne som var blant dei først til å ta i bruk fotoapparatet her i landet.

Ein skulle ikkje sjå lenge på denne talande dokumentasjonen før ein fatta interesse for kvinna som hadde trykt på utløysaren. Namnet gir signal om borgarskap: Ellisif Wessel heitte fotografen, men bilda taler sitt eige språk om ei uredd talskvinne for dei fattige si sak.

På museet fekk vi vite at denne kvinna, legefrua, vart ein kjent revolusjonær og medstiftar av fagforeininga Nordens Klippe i 1906. Det demra ein stad langt bak i skallen, skreiv ho ikkje dikt også? Jo visst, og så broderte ho. Men det Ellisif Wessel broderte var utfordrande tekst på fagforeiningsfanen: ”Ned med tronen, alteret, pengeveldet.” Kanskje ikkje rart vi ikkje lærte om Ellisif Wessel verken i historie- eller norsktime?

Ho var åpenbart ein rebell, ein slags nordisk Jean d’Arc, utan verken å ha blitt helt eller helgen. Men kanskje burde vi hatt henne litt meir framme i pannebrasken, vi som både vart opptatt av journalistikk og leita etter inspirerande formødre.

Himmelstormeren

Nå er romanen ”Himmelstormeren” her, med ei rivande forteljing om denne fortrengte, lite framheva kvinna. Journalist og romanforfattar Cecilie Enger oppdaga henne da ho skulle skrive om nedlegginga av AS Sydvaranger.

Ho oppdaga raskt at dette rabiate kvinnelivet hadde alle ingredienser til ein sterk roman. For min eigen del var det denne romanen som måtte til før eg skjønte alvoret som lå bak fotografia i Kirkenes og kor ufortalt historia om Ellisif Wessel eigentleg var.

Kanskje er ikkje dikta til Ellisif Wessel av det som blir ståande i norsk litteraturhistorie, men det slår meg at ho kanskje skal ha ein fastare plass i vår faktiske historieforteljing: både fordi ho gjennom sitt eige liv er eit uvanleg eksempel på personleg mot og vilje, og fordi ho var ein pioner gjennom sitt fotografiske arbeid. Ellisif Wessel døde i 1949, ho levde lenge nok til at ho burde høyre til i våre ferskaste historiebøker.

Magdalene Thoresen

Magdalene Thoresen er ei anna kvinne eg var heldig å bli minna om i alt snakket om Bjørnson, Ibsen, Undset og kanon og kven er størst. Ein vakker sommardag stod eg og plukka bringebær og snakka med pensjonert journalistkollega Eva Braathen Dahr om alt anna enn veret.

Samtalen vandra frå Sigrid Undset til nettopp Magdalene Thoresen. Heldigvis for meg. Eg måtte innrømme at eg ikkje heilt hadde klart for meg kven ho var, bortsett frå stemor til Suzannah, gift med Henrik Ibsen og visst nok inspirator for Bjørnson?

- Ikkje berre diktar, men vår første kvinnelige journalist, meinte min kollega, og minna om hennar vestlandsreportasjer frå 1871 som vart utgitt under tittelen ”Billeder fra Vestkysten av Norge”. Magdalene Thoresen rapporterte seinare frå sine reiser i Finmark og da under overskrifta ”Billeder fra Midnatssolens land”. Ho rapporterte i ein stil som var nyskapande og svært populær. Men før sine pionerreportasjer hadde den danskfødte kvinna hatt eit nokså spesielt liv.

Danskfødte Magdalene hadde hatt eit heftig kjærleiksforhold til den islandske Grimur Thomsen etter ein særskilt hardfør oppvekst. Til Norge kjem ho for å tre inn som stemor og elskarinne for prost Thoresen på Herøy. Etter å ha født og sett bort eit barn som truleg var prostens, blir dei to gift og med ein barneflokk på ni slår familien seg til i Bergen i 1844.

Venn og uvenn med Bjørnson

Her skapte ho ein heim som vart møtestad for dei som ville skape eit norsk teater. Ole Bull var ein av dei. Fire av dei teaterstykka ho skreiv vart seinare oppført anonymt da Det Norske Theater i Bergen vart stifta. Ibsen vart ein omgangsvenn. Seinare gifta han seg da også med stedottera Suzannah.

”Digte af en dame” var den dristige diktsamlinga som vart eit resultat av hennar nære vennskap med Bjørnstjerne Bjørnson. Her vik ho ikkje tilbake for ei nokså direkte behandling av det kvinnelege eros. Men vennskapet med Bjørnson tok brått slutt da den eigenrådige Magdalene gav ut ”Min Bedstemors Fortælling” og Bjørnson meinte seg portrettert i ei forteljing om erotikk og utruskap.

Var det kanskje slik ho var på sikker veg til å hamne i skuggen, den store kvinneskuggen? Ho fekk ikkje diktargasje da ho søkte, over hundre år seinare var ikkje Magdalene Thoresen pensum verken i norsktimane eller i litteraturkunnskap der eg gjekk på skole eller studerte. Først i godt vaksen alder måtte eg bli nysgjerrig på denne løvetannkvinna som ingen såg ut til å kunne knekke, verken enkemenn eller genierklærte mannlege diktarvenner.

Nå ser det endeleg ut til at nyare litteraturhistorie tar henne med og at ho får ei slags oppreising. Magdalene fortener vår interesse, både for levd liv og sin uredde og nyskapande penn.

Hanna Olava Strøm

Ei anna kvinne møtte eg også i sommar, på ein måte kjent, men likevel eigentleg ukjent. For kven var i grunnen Hanna Olava Strøm? Vi kjenner henne bedre som Hanna Winsnes og assosierer henne med ei kokebok. Men gjennom Hilde Diesen oppdaga eg at eg hadde gått glipp av den viktige biten av historia: Hanna Olava Strøm, seinare Winsnes, er ikkje berre eit eksempel på ei oppvakt kvinne født i revolusjonsåret 1789, men ei fascinerande historie om vilje til overleving og kreativitet. Ho vart ei mye omtalt kvinne på 1800-talet, men gir vi ho plass og ære etter forteneste i dag? Historia om henne fortener i alle fall vår interesse.

Fekk ikkje utdanning

Ho var embetsmannsdottera som alltid skulle komme til å klage over at ho ikkje fekk utdanning, men som likevel gjorde alt ho kunne for å utdanne dei som kunne mindre enn henne sjølv. Og det var ikkje berre koking ho kunne lære vidare: ”For tarvelige Familier i By og Bygd” heitte ei bok med gode råd for familiar med dårleg økonomi, ho skreiv ei bok med gåter, ei diktsamling, og ei barnebok: ”Aftenerne paa Egelund”.

I tillegg skreiv ho lærebok for veving og for tjenestepiker og flere andre skrifter til hjelp for de fattige. Ho var som ei utrøytteleg opplysningstid i eigen person. Kven tenker vel på det når vi ser det blondekappeomkransa portrettet som følgjer viss matoppskrifter?

Alias Hugo Schwarz

Hanna Winsnes vart også ein tidleg kvinneleg forfattar under namnet Hugo Schwarz og skildra Drammens-miljøet ho vaks opp. Ho skreiv romanen ”Grevens datter” og ”Det første skridt” blant anna og ho er tydeleg prega av si store leseglede: Hanna Winsnes kunne sin Goethe, Dickens og Walter Scott.

Hugo Schwarz alias Hanna Winsnes var med sine populære romanar ein viktig forløpar for det som seinare kom av såkalla dannelsesromanar. At ho skreiv under pseudonym var kanskje fordi ho var gift med ein prest. Men ei samling dikt med den beskjedne tittelen ”Smaa-Digte” gav ho til slutt ut under eige namn.

Viktige møte

Å møte slik kvinner, anten gjennom romanar eller i biografiar, har for meg alltid vore som å blir ønskt velkommen inn i historiefaget. Eg må på ein måte alltid få vite litt om dei liva som vart levd den gongen i revolusjonstida, i opplysningstida, i vårt nære nittenhundretal, for å skjøne kva som har rørt seg i skyggen av dei store.

Her finst forteljingar til å få farge og lukt av, til å skjøne kva kampar kunne handle om og kva kostnaden var på det personlege plan. Og ikkje minst: Kvifor ikkje unne seg privilegiet av å møte tre fargerike, på kvar sin måte eineståande dokumentaristar av levd kvinnefortid?

Les Eva Bråten Dahrs varme forteljing om ”Fruen fra Bergen”, les romanen ”Himmelstormeren” av Cecilie Enger og les Hilde Diesen om Hanna Winsnes. Eg kan love at du får eit nytt blikk på norsk historie. – Og kanskje har dei alle tre eitt og anna å seie oss som nå er på søk i ei kjønnsrolleforvirra nåtid.

Litteratur:

Cecilie Enger: ”Himmelstormeren”

Eva Bråthen Dahr: ”Fruen fra Bergen”

Hilde Diesen: ”Hanna Winsnes”