Hopp til innhold

Studentar kjenner seg einsame: – Det går opp og ned

Ny undersøking frå Folkehelseinstituttet viser at fleire slit med einsemd under koronapandemien. Det er spesielt studentar og aleinebuande som har vorte ramma hardast.

Dennis Li i St hanshaugparken

Dennis Li er student i Oslo.

Foto: Emily Louisa Millan Eide / NRK

– Det går opp og ned. Eg føler berre at eg må gjere mitt beste, men det er nokre gongar eg tenker at livet er ganske kjedeleg.

Dennis Li er ein av dei mange studentane i Oslo. Han har kjent på korleis kvardagen har endra seg under pandemien.

Det har også student Simen Berge. Han seier han føler på ei større einsemd no, uansett om han er med andre eller ei.

Simen Berge

Simen Berge studerer medium og kommunikasjon i Oslo.

Foto: Emily Louisa Millan Eide / NRK

– Eg kan vera med andre og føla at eg har venar, men framleis føla på ei einsemd. Eg trur det er fordi ein gjer mykje mindre og sit meir inne.

Forbløffa over høge tal

Vi har vorte meir einsame under koronapandemien. Det viser ei undersøking frå Folkehelseinstituttet.

Studentar og skuleelevar peikar seg spesielt ut: Ein av tre oppgir at dei er einsame – det er høgare enn det har vore før.

Andelen som opplever å vere einsame er også høgare blant dei som er arbeidsledige, uføre eller permitterte. Og blant dei som bur aleine. Det er i byane folk har det vanskelegast.

– Det er i byane folk er mest einsame og føler at det skortar på livskvaliteten. Og då spesielt Oslo og Bergen, seier Ragnhild Bang Nes, seniorforskar ved FHI.

Ragnhild Bang Nes

Ragnhild Bang Nes, seniorforskar ved FHI: Ho er blant forskarane bak studien.

Foto: Emily Louisa Millian Eide / NRK

Ho legg til at tala mest sannsynleg reflekterer smitteverntiltaka som har vore strengare i Oslo og Bergen enn andre plassar.

Undersøkinga viser også at det er like mange med psykiske plagar no som idet koronanedstenginga starta då dei fleste var bekymra og redde.

Nes og resten av forskarane er overraska over at talet ikkje har gått ned.

– Vi har tenkt at vi trass alt har det ganske bra, og vi såg lovande tal i sommar. So vi er nok litt forbløffa faktisk over kor mange som opplever å ha det vanskeleg, seier Nes.

Ho trur likevel at tala speglar smitteverntiltak framfor meir varige endringar.

Eit tema ein ikkje snakkar om

Sidan NRK snakka med Li på seinsommaren har han flytta inn med ein kompis frå studiet og byrja å sjå ein psykolog.

Det har hjelpt med å få vekk kjensla av einsemd. Han føler det ikkje er eit tema så mange snakkar om.

Dennis Li i St hanshaugparken

Dennis Li er takksamt for at han bur med ein annan i kollektiv.

Foto: Emily Louisa Millan Eide / NRK

– Det er sikkert nokon som føler seg einsame, berre at det ikkje er so lett å snakke om det på sparket. Det er i alle fall det eg har opplevd.

Per Arthur Andersen, betre kjent som Helsebror, fortel at skam kan hindre oss i å oppsøke hjelp. Men slik bør det ikkje vere.

– Det siste ein skal gjere er å skamme seg fordi ein har det vanskeleg, seier han.

Han oppfordrar alle til å nytte seg av helsesenter for ungdom eller andre sosiale knutepunkt for å få menneskeleg kontakt.

– Ikkje ver redd for å ta ein telefon til ein du tenker på. Fordi dei tenker heilt sikkert på deg også, seier han.

– Du er ikkje åleine

Helsebror forstår godt at studentane har hatt det ekstra tøft i år, og er redd dei er ei litt gløymt målgruppe.

– Du skal starte eit nytt liv i ein ny by og få nye venar. Det å vere student er krevjande frå før av, men å bli det midt i ein pandemi kan vere forferdeleg tungt.

Det kan student Berge kjenne seg att i.

Per Arthur Andersen

Per Arthur Andersen, betre kjent som Helsebror, oppfordrar folk til å vere kreative i måten ein kan møtast på i denne tida.

Foto: Kaja Marie Andreassen / NRK

– Eg er veldig sosial og liker å ha mange rundt meg. Plutseleg skal ein redusera til eit par stykke.

Han påpeikar likevel at det er fint at retningslinjene har vore strenge.

– Eg vil mykje heller kjenna på einsemdkjensle ein periode enn å leva med dei retningslinjene resten av livet. Ein må berre gjera det beste ut av situasjon.

– Det er ei tøff periode og du har sikkert høyrt dette tusen gongar, men hald ut, og hugs at du ikkje er åleine der ute, avsluttar Li.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.