Hopp til innhold

Versace designar for H&M

Luksusdesignaren Donatella Versace samarbeidar med svenske H&M om ein haustkolleksjon.

– Ein får ikkje Versace-kvalitet gjennom H&M, meiner moteekspert.

Donatella Versace

Donatella Versace er neste designar ut i rekkja av designarar som samarbeidar med H&M. Her i ein kjole frå haustkolleksjonen, då ho presenterte Versaces herrekolleksjon i Milano denne veka.

Foto: H&M

Kolleksjonen som er laga i samarbeid mellom det italienske motehuset og den svenske gigantkjeda kjem ut hausten 2011 og vil vere signert Donatella Versace sjølv.

– Eg er kjempenøgd med å samarbeide med H&M og å få sjansen til å nå ut til deira store publikum. Kolleksjonen vil vere typisk Versace, perfekt for H&M- og Versace-fans verda rundt, seier Donatella Versace i ei pressemelding.

Deler design frå arkivet

Versace er eit av dei mest kjende luksusmotehusa i verda og har base i Milano. Det vart grunnlagt i 1978 av Gianni Versace, som revolusjonerte moteverda med modige, som regel svært utfordrande, kjolar og utbreidd bruk av ikon. Han stod mellom anna bak den ikoniske sikkerheitsnål-kjolen til Elizabeth Hurley.

Sidan 1997 har Donatella Versace sete i sjefsstolen for motehuset, etter at bror hennar vart skutt ned utanfor huset sitt.

(Artikkelen held fram under biletet)

Versace for H&M

Margareta van den Bosch, kreativ sjef i H&M, og Donatella Versace prøver klede på ein modell.

Foto: H&M

Kreativ sjef i H&M, Margareta van den Bosch, er også nøgd med det eksklusive samarbeidet.

– Versace er eit av dei mest spanande merka i nyare tid. Donatella Versace deler ikoniske design frå Versace-arkivet med oss. Dette er ein kolleksjon perfekt for partysesongen, seier ho.

«The Iconic Collection» vil innehalde plagg både for kvinner og menn, samt interiørobjekt.

Marianne Jemtegård, redaktør i gratismagasinet Vixen, ser for seg ein overdådig stil, mykje gull, dyreprint og flotte kjolar. Men ho presiserer at ein ikkje må tru at ein kjøper ein ekte Versace-kjole.

– Plagga er designa av Versace, men held framleis H&M-kvalitet. Går ein ned i pris blir stoffa og kvaliteten deretter, sjølv om nokre av designsamarbeida til H&M ofte er prisa høgre enn vanlege H&M-plagg, seier ho til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Versace

Kolleksjonen vil også innehalde herreplagg.

Foto: H&M

Ville ikkje samarbeide

I 2008 uttalte Donatella Versace at det ikkje var snakk om at ho ville samarbeide med den svenske motekjeda.

– Eg respekterer alle som gjer det. Men grunnen til at eg ikkje vil det, er at eg jobbar svært hardt for å halde Versace-merket innanfor luksussegmentet. Eg trur det ville skape forvirring rundt merket dersom eg putta Versace inn i H&M, sa ho til New York Magazine.

Marianne Jemtegård

Vixen-redaktør Marianne Jemtegård trur Versace-kolleksjonen vil slå godt an i Noreg.

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

Jemtegård meiner at Versace no likevel samarbeidar med H&M er eit uttrykk for kor stor makt kleskjeda har.

– Det er ein måte for Versace å nå ut til heile verda på, ikkje berre den eksklusive gruppa dei vanlegvis sel til, seier ho.

– Nokre av kjolane blir hengande igjen

Donatella har ikkje berre designa haustkolleksjonen, som blir sleppt 17. november i 300 utvalde butikkar og på Internett.

I tillegg har ho laga ein pre-vårkolleksjon som vil bli eksklusivt tilgjengeleg i land med H&M online-butikkar frå og med 19. januar 2012.

H&M har fleire gongar samarbeida med kjende designarar, mellom anna Karl Lagerfeld, Stella McCartney, Comme des Garcons, Jimmy Choo og Lanvin. Lanvin-kolleksjonen, som kom ut i fjor, var utselt i løpet av få minutt, melder Vogue. Fleire av plagga vart deretter selt for høge prisar på Ebay.

Jemtegård meiner suksessen til designsamarbeida har variert, ofte frå land til land.

– Nokre av kjolane blir faktisk hengande igjen på stativ i butikken. Kolleksjonane får mykje merksemd i starten, men så er det ikkje så stas når du ser 100 andre i same kjolen på fest, seier ho.

Men ho trur at Versace er eit så kjent merkenamn at denne kolleksjonen vil slå godt an i Noreg.

Versace

Nokre av plagga som blir å finne i haustkolleksjonen til Versace for H&M, i klassisk sexy Versace-stil.

Foto: H&M

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober