Tal NRK Brennpunkt har henta inn viser at ein av tre bygningsbrannar i hovudstaden sidan 2002 skjedde i ein verneverdig bygning. Dette overraskar Morten Stige ved Byantikvaren i Oslo.
- Dette er eit overraskande tal som eg ikkje har forklaringa på, seier Stige.
Mange av dei verneverdige husa i Noreg står i dag tomme og manglar vedlikehald. Det aukar faren for brann.
- Det er fleire mekanismar som verkar i forhold til å få eit tomt hus fjerna. Det eine er at brannfaren aukar, det andre er at det naturlege forfallet aukar når huset står tomt og uoppvarma, seier Stige.
Dårleg butikk
Byantikvaren i Oslo får støtte i forklaringa si frå Erik Lerfald i Oslo brann- og redningsetat.
- Brannfaren er nok større i tomme hus med tilgang for publikum, enn kva han elles er, seier Lerfald.
Det at mange verneverdige hus forfell kan skuldast at vedlikehald er dårleg butikk for huseigarane.
- Det er stor gevinst i å bygge større, høgare og flottare. Difor er det alltid nokon som har interesse i å la eit verneverdig objekt forfalle så langt at det er mogleg å bygge noko nytt og større, seier Morten Stige ved Byantikvaren i Oslo
Det blir meir om dette i Brennpunkt på NRK1 i kveld klokka 21.30.