Hopp til innhold

Verdskjent motebloggar på trendjakt i Noreg

Facehunter er ein av verdas mest kjente gatemotebloggarar og aktuell med Armani-film. På besøk i Oslo sleit han med å finne stilige nok fotoobjekt.

Facehunter i Oslo

Rodic har funne ei interessant jente som kanskje hamnar på bloggen hans, Facehunter. Bloggaren er nøye når han vel ut folk til bloggen og kallar seg perfeksjonist.

Foto: Maren Kvamme Hagen / NRK

Vi er på Grünerløkka, ofte sett på som Noregs hipster-høgborg, ein ettermiddag. Det er sol og kaféliv, men Yvan Rodic, aka Facehunter, slit med å finne stilige nordmenn til bloggen sin. Den er på lista over dei mektigaste inspirasjonskjeldene i moteindustrien og NRK.no har fått eit eksklusivt intervju med mannen bak.

– Der har vi kanskje ei. Eller nei. Nja, jo, vi følgjer etter henne eit stykke, seier Yvan Rodic med mysande auge og vi kryssar forsiktig vegen, medan vi prøvar å skjule kameraa våre.

Rodic med eit nett lite kamera, som han brukar fordi han kan ta det med seg over alt og det ikkje skremmer folk, journalisten med eit litt større eit som er vanskelegare å skjule. Ei kvinne i kvit kjole, med høghæla sko og stor veske, står og betaler parkeringsavgift. Rodic studerer henne nøye, medan han kviskrar:

– Det er bra vi er to, då blir det ikkje så openlyst. Ofte kan folk ta meg for å vere ein «creepy stalker» når eg er ute og fotograferer, seier han.

Yvan Rodic aka Facehunter

Sveitsaren Yvan Rodic reiser verda rundt og fotograferer stilige menneske. Vi møtte han då han besøkte Oslo.

Foto: Maren Kvamme Hagen / NRK

Etter litt om og men slår han frå seg å fotografere kvinna og vi går vidare. Han tar kun bilete av menneske som han ser for seg kan passe inn på bloggen.

SJÅ: Bileta frå Noreg og resten av verda hos Facehunter

– Som å forelske seg

– Kven eg fotograferer er basert på intuisjon og min eigen personlege smak. Eg veit ikkje kva eg er ute etter før eg plutseleg ser personen. Det er som når ein forelskar seg, seier han.

Han ser etter «heile pakken», ikkje berre kleda, men personen bak.

– Mange puttar saman fleire trendy plagg til eit antrekk, men det kan bli kjedeleg. På kleda til folk kan du sjå om dei er interessante, om dei har substans, seier Rodic.

(Artikkelen held fram under biletet)

Facehunter-bloggen

Slik ser den ut, Facehunter-bloggen. Fleire designarar går hit for å hente inspirasjon frå gatene.

Foto: Skjermdump: Facehunter.blogspot.com

Han kjem opprinneleg frå Sveits, men interessa for mote starta då han flytta til Paris.

– Eg oppdaga ei heilt ny verd, der folk kledde seg på ein veldig estetisk måte, og ville dele denne fantastiske verda med andre, seier han.

Rodic byrja å ta med seg kameraet sitt på festar, ute i Paris og London, og delte bileta på nettet. Dette var i 2006, framleis i barndommen til motebloggane, og det fans berre nokre få isolerte bloggarar.

Facehunter vart ein pioner innanfor feltet.

– Eg forventa ikkje at bloggen skulle ta meg nokon plass, dette var ikkje noko bevisst karriereval. Eg kjente ikkje ein gong til fenomenet «streetstyle blogging», for det eksisterte ikkje på den tida, fortel Rodic.

(Artikkelen held fram under biletet)

Yvan Rodic og Barbro Andersen

Yvan Rodic tar så mange foto han kan av Barbro Andersen, for å få det best mogleg.

Foto: Maren Kvamme Hagen / NRK

Jobbar for Armani og Volvo

– Bloggen kjem frå mi interesse for folk og er ein naturleg del av det å gå ut. Eg la ikkje nokon plan. Det er i ettertid at folk har sett merkelappen gatemoteblogg på det eg gjer, seier han.

Det tok cirka eitt år før han byrja å tene pengar på bloggen.

– Korleis tener ein pengar på å ta bilete av folk, for så å leggje det ut gratis på nett?

– Bloggen er berre toppen av isfjellet. Det er ein måte å gjere seg synleg på. Så kjem magasina og media, deretter dei store merka som vil bli assosiert med deg, seier bloggaren, som har fått oppdrag av mellom anna Armani, Volvo og Nokia.

Neste veke presenterer han sin første kampanjefilm for Armani under moteveka for herrar i Paris.

– Dei internasjonale motemerka brukar bloggarane fordi det er ein mjukare måte å reklamere for eit produkt på, dei kan bruke han eller ho som fotograf, modell eller festvert, forklarar Rodic, som tydeleg har eit svært bevisst forhold til det han driv med.

I dag jobbar han fulltid med bloggen og fotooppdrag og reiser verda rundt. Han er sjeldan på ein stad meir enn to dagar om gongen.

– Å reise rundt slik er ei slags umogleg oppgåve. På den eine sida vil eg bruke så mykje tid som mogleg på ein plass, sjå byen og møte menneske. På den andre sida må eg heile tida jobbe med bloggen, laste opp bilete og redigere videoar. Det er litt trist å måtte vere inne på eit hotellrom og jobbe med det, men eg kan ikkje berre ta meg fri og legge inn eit automatisk fråværssvar på e-posten min, forklarar han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Yvan Rodic

Yvan Rodic har drive bloggen Facehunter sidan 2006. Han var ein av dei første som byrja å fotografere gatemote. Det tok eitt år før han byrja tene pengar på bloggen.

Foto: Maren Kvamme Hagen / NRK

– Nordmenn er ikkje trendsettarar

Til Noreg kom han for første gong for fem år sidan, og sidan har han vore tilbake fleire gongar, men berre i Oslo. No reiser han for første gong til Bergen og er spent på kva som møter han der. På Grünerløkka finn han overraskande nok ingen av interesse. Når ikkje Noregs trendsentrum opp eller er det berre dårleg utval denne dagen? Vi beveger oss nedover mot Nationaltheatret, der det er større gjennomfart av folk.

Dette meiner Facehunter om den norske klesstilen:

– Den er god, på ein ikkje-anstrengt måte. Folk ser bra ut, men dei er ikkje trendsettarar. Eg vil kalle stilen «avslappa velkledd». Men nordmenn er ikkje akkurat villige til å kle seg avantgardistisk, seier bloggaren høfleg, men med eit tonefall som røpar lite entusiasme.

Men Rodic trur bloggkulturen har endra litt på korleis nordmenn kler seg.

– Det verkar som motebloggane har gjort folk meir merksam på mote. Det er fleire unge folk her i dag som kler seg interessant enn det var for nokre år tilbake, seier han.

– Korleis vil du samanlikne Noreg med våre skandinaviske naboar når det gjeld mote?

– Nordmenn ligg langt bak sine skandinaviske naboar. Skandinavia har ein eigen signaturstil, men det fins ikkje ein eigen norsk signaturstil. Ein ser færre folk som skil seg ut, og det er kanskje fordi mote ikkje er så viktig her, svarar han, men presiserer at dette er basert på dei få gongane han har vore i Oslo.

(Artikkelen held fram under biletet)

Yvan Rodic og Barbro Andersen

Den norske bloggaren Barbro Andersen poserer for Yvan Rodic, ein av verdas mest kjente motebloggarar. -Nordmenn er ikkje trendsettarar, meiner han.

Foto: Maren Kvamme Hagen / NRK

– Ein stor inspirasjon

Bloggaren meiner at Facehunter handlar meir om personleg stil enn mote.

– Bloggane har sett fokus på det å ha ein personleg stil, å skille seg ut frå mengda. Kanskje spesielt på mindre plassar, der folk tidlegare ikkje hadde tilgang til kva som skjedde i motemetropolane, seier han.

Den norske bloggaren Barbro Andersen, som er ei av få som Facehunter fattar interesse for i Oslo-gatene, ser på bloggen som ein stor inspirasjon.

– Eg likar den fordi det er gatemote, ikkje styla eller iscenesatt. Det er ingen i Noreg som gjer det så bra som dette. Bileta held høg kvalitet, du ser jo kor opptatt han er av å få fanga det rette lyset, seier Andersen etter å ha posert i fleire minutt for fotografen.

  • Kva syns du om stilen til nordmenn? Er vi dårlegare til å kle oss enn våre naboar? Diskuter her!

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober