Vidar Lande, fødd i Froland i 1949, er spelemann og folkemusikkgranskar. Dei siste åra har han budd på Jessheim utanfor Oslo der han underviser i den vidaregåande skulen.
Og under landskappleiken i Rauland er han dommar i klassane for hardingfele.
Vidar får prisen for sin virke som spelemann. Han er ein framifrå spelemann, framhevar juryen. Han kan alt om sin eigen tradisjon, og svært mykje om dei fleste tradisjonar. Både her til lands og blant anna i det norske Amerika.
Vidar Lande er kanskje den personen i Noreg som kan flest slåttar. Sjølv seier han at han har inne mellom 500 og 600. Desse har han i minnet og held dei aktivt i bruk.
Norsk Folkemusikkfond hadde totalt 80 000 kroner til disposisjon i år. Det øvrige sum på 65 000 kroner vart delt ut til ulike folkemusikkformål. Deriblant støtte til utgjevingar på CD med folkemusikk.