Hopp til innhold

Færre spekulerer i digital kunst

Nye tal viser at verdien på digital kunst har halvert seg det siste året. No opnar Noregs største digitale kunstnar sin første fysiske utstilling.

En mann i hvit skjorte og brune bukser står vendt mot en installasjon med grønne blader og blått lys. Mange ledninger stikker ut av installasjonen som er rundt og ganske høy. Rundt mannen henger mange bilder på veggene i et galleri.

Kunstnaren Øyvind Engevik, betre kjend som Engwind, byrja med 3D-kunst som 12-åring. Signaturen hans er teknologi i kombinasjon med natur.

Foto: Kai Rune Kvitstein / NRK

Øyvind Engevik har berre siste innspurt att før utstillinga hans er klar til opning når NRK møter han på vestkanten i Oslo. I fire månadar har han førebudd det publikum snart kan kome å sjå på Galleri Blank: Hans første fysiske utstilling.

Engevik, Alias Engwind, er uoffisielt Noregs største digitale kunstnar. Kunsten hans har omsett for 150 millionar kroner.

Men sjølv om 26-åringen med Rolex og Polo-skjorte har tent millionar på sal av kryptokunst dei to siste åra, skal han no forsøke å selje kunsten fysisk.

– Akkurat i dag er ikkje det digitale kunstmarknaden på topp. Men det er ikkje ein marknad eg har gjeve opp, seier Engevik.

To bilder henger på en vegg. De er helt gule i fargen bortsett fra to romfarere i mørke drakter som henger i en tråd og som strekker ut en hånd. De står vendt mot hverandre og de rekker opp en hånd mot det andre bildet og den andre romfareren.

Klimasaka er det viktigaste i Engeviks kunst, men han er ikkje framand for å bevege seg ut i verdsrommet.

Foto: Kai Rune Kvitstein / NRK

Svekka marknad

Denne opplevinga er han ikkje åleine om å sitte med.

Sotheby’s var eit av dei første store internasjonale auksjonshusa som hadde auksjon som utelukka var dedikert til digital kunst.

Marknaden for digital kunst er noko svekka sidan 2021/2022, seier Anette Krosby, representant for Sotheby’s i Noreg.

Verdien på kunstrelaterte NFT'ar gjekk frå 605,000 dollar i 2019 til over 20 millionar i 2020 og utrulege USD 2.9 milliardar i 2021, ifølge The Art Basel and UBS Market Report.

No har verdien falle til omtrent halvparten, 1,5 milliardar dollar. Det er eit fall på 49 prosent.

Damien Hirst

Damien Hirst er ein av verdas mest kjente kunstnarar. Også han har kastet seg inn i det digitale kunstmarknaden.

Foto: AFP

Det vi ser er at samlarar blir meir og meir selektive, marknaden blir sunnare, det blir mindre spekulasjonar og dermed vanskelegare å tene raske pengar.

Men samtidig som spekulantar forlèt marknaden, er fleire store kunstnarar i ferd med å etablere seg.

Etablerte kunstnarar som Damien Hirst, Takashi Murakami og andre bevegar seg over i marknaden for digital kunst gjennom å tilby digitale versjonar av kunstverk, seier Krosby.

«Ikkje gløym oss!»

Men for Engwind som har bygd seg opp eit publikum, er ikkje denne nedgangen veldig merkbar – enno.

– Medan eg har førebudd den fysiske utstillinga, har fleire av samlarane mine etterspurt meir kryptokunst. «Ikkje gløym oss!», seier dei. Det er veldig gøy, seier Engevik.

Når han no opnar si første fysiske utstilling, er det venta kunsthandlarar frå både inn- og utland.

– Det kjem folk frå USA, England, Italia, Spania, Tyskland og fleire andre. Rundt 20 land som eg veit om, seier kunstnaren.

En mann i hvit skjorte og brune bukser peker på et bilde på en vegg som viser to romfarere som flyter i lufta.

Øyvind Engevik syner fram døme på kunsten som har gjort han til millionær.

Foto: Kai Rune Kvitstein / NRK

Kulturstrøm

  • Nye retningslinjer frå Riksantikvaren

    Riksantikvaren har gitt ut nye retningslinjer for installasjon av solceller på verneverdige bygningar. Det gir håp for dei som ønskjer å kombinere solenergi og kulturarv. – Detter ikkje motstridande konsept, seier sjefen i Solcellespesialisten til Fremtidens Byggenæring.

  • Amerikanske myndigheter saksøker Amazon

    USAs konkurransetilsyn FTC går til søksmål mot Amazon, som tilsynet anklager for å bruke posisjonen sin innen netthandel til å svekke konkurransen.

    Søksmålet har vært ventet lenge etter årevis med anklager om at Amazon.com og andre teknologiselskaper bruker sin dominans innen nettsøk, sosiale medier og netthandel til å hindre konkurrerende bedrifter i å senke prisene. 17 delstater er med på søksmålet. (NTB)

    Amazon-logo på bygning i Tyskland
    Foto: Michael Sohn / AP