Verdas største bilde seld for over 530 millionar kroner på auksjon

Måleriet «The Journey of Humanity» av den britiske kunstnaren Sacha Jafri oppnådde over 530 millionar kroner på ein auksjon i Dubai måndag. Inntektene skal gå til å hjelpe vanskelegstilte barn.

Kunstner Sacha Jafri har laga måleriet «The Journey of Humanity»

Sacha Jafri blei inspirert av barns opplevingar under pandemien då han laga det store måleriet «The Journey of Humanity».

Foto: Kamran Jebreili / AP

Kunstnaren laga verket i ein konferansesal på eit stengt hotell i Dubai. Han brukte åtte månader på å få det nesten 1600 kvadratmeter store biletet ferdig.

Biletet består av 70 delar som er sett saman. Planen var å selje kvar del for seg, men den franske kryptovaluta-forretningsmannen Andre Abdoune kjøpte heile verket for over ein halv milliard kroner, skriv BBC.

– Måleriet verka veldig kraftfullt då eg såg det. Og for meg ville det ha vore feil å dele det opp i mindre bitar, seier Abdoune til nyheitsbyrået AFP.

Sacha Jafri og Andre Abdoune

Jafri (t.v.) saman med Andre Abdoune som kjøpte det store bildet måndag. No planlegg dei to å samarbeide også i framtida.

Foto: RULA ROUHANA / Reuters

Bildet er med det eitt av dei dyraste som er selt av ein levande kunstnar. Berre Jeff Koons, David Hockney og den digitale kunstnaren Beeple har oppnådd høgare salssummar for eit verk, ifølge Artnet.

Inspirert av barns pandemiopplevingar

Før Jafri starta på det store bildet, bad han barn frå heile verda sende han teikningar som fortalde noko om korleis dei hadde det under pandemien. Han fekk svar frå barn frå 140 land, som han brukte som inspirasjon.

– Eg såg gjennom alt eg hadde fått inn, og så måla eg frå underbevisstheita. Ingenting var planlagt. Eg hadde ingen skisser, seier han til BBC.

Han fortel at han helte ut måling og la på lag på lag til han fekk fram dei fargane, formene og kjenslene han ønska å formidle.

I september blei biletet godkjent som verdas største av Guinness rekordbok.

Heile salssummen av bildet blir delt mellom organisasjonane Dubai Cares, Unicef, Unesco og The Global Gift Foundation for å hjelpe barn som har det vanskeleg i land som Brasil, India, Indonesia og Sør-Afrika.

Verdens største bilde

«The Journey of Humanity» består av 70 bitar, som til saman måler nesten 1600 kvadratmeter.

Foto: ABDEL HADI RAMAHI / Reuters

Jafri har også tidlegare samla inn pengar til gode formål ved å selje kunst. Blant dei som har bilda hans i samlinga si er Barack Obama, medlemmar av den britiske kongefamilien, Paul McCartney og George Clooney, skriv Artnet.

Hardt arbeid

Hotellet der Jafri arbeidde med kunstverket var stengt for publikum på grunn av pandemien.

Det store lerretet han måla på, låg utover golvet i salen. Jafri har arbeidd aleine gjennom heile prosessen, og det har vore hardt arbeid.

Kunstner i arbeid

Sacha Jafri brukte ein sal i eit hotell i Dubai som var stengt på grunn av pandemien.

Foto: GIUSEPPE CACACE / AFP

På eitt tidspunkt måtte han på sjukehus fordi han fekk problem med ryggen og beina.

– Eg stod bøygd heile dagen medan eg brukte penslane på golvet. Det er ei dårleg stilling å stå i 20 timar om dagen. Eg var i ein slags transe, så eg forstod ikkje at eg skada kroppen min, seier han.

Kjøparen Andre Abdoune skal no bygge eit eige museum der bildet skal bli vist fram. I tillegg har han og kunstnaren planar om å lage ei stifting saman for at komande generasjonar skal kunne la seg inspirere av kunst.

Kulturstrøm

  • Roy Lønhøiden kan havne i fengsel

    Den Spellemann-nominerte artisten reagerer sterkt på boten han fikk etter å ha kjørt over en stengt grenseovergang. I mars ble Lønhøiden stansa av norsk politi etter å ha passert en stengt grenseovergang.

    – Jeg har ikke råd til å betale noen bot. Det har vært dårlig med spillejobber det siste året. Da blir det i så fall fengsel, sier han.

  • Iron Maiden til Norge i 2022

    Musikkfestivalen Tons of Rock avlyser årets festival. Samtidig annonserer de at britiske Iron Maiden gjester Oslo og Ekebergsletta sommeren 2022.

    Iron Maiden i Trondheim
    Foto: Jørn Gjersøe
  • Tons of Rock avlyst

    Festivalen Tons of Rock er avlyst, melder festivalen selv på sine nettsider. Festivalen skulle vært avholdt på Ekebergsletta 23.-25. juni. De som har kjøpt billett til årets festival - eller til fjorårets, som også ble avlyst - kan bruke denne på neste års festival.