Kvar veke trenar Stian Grimseth kring 25 timar for å bli verdas sterkaste mann. Han er forlengst blitt verdas sterkaste nynorskmann. Det store målet no er EM i april neste år. Der vonar Grimseth også å kvalifisere seg til neste OL. I dag klarar Grimseth å løfte 430 kg totalt, fordelt slik:
Verdens sterkaste nynorskmann, Stian Grimseth. (NTB-foto: Jon Eeg / SCANPIX)
235 kg i støt
195 kg i rykk
Skal han ha medaljesjanse i dei store meisterskapa treng han å auke dette med kring 20 kg, slik at totalen vert 450 kg.
For å hjelpa han på vegen tek redaktør Tokvam i Radio Røynda med seg Vetle-Ivar til Naustdal for å sjå om sunnfjordingen klarar å løfte den hoftesvake og vindskeive Vetle-Ivar. Klarar han det er alt mogeleg. Vetle-Ivar på si side stiller med faktaboks og godt mot.
Radio Røynda vert laga av Finn Tokvam og Vetle-Ivar. Han som løfta sistnevnte i eit brura-løft var Stian Grimseth frå Naustdal. Verdas sterkaste nynorskmann, som no ser fram mot EM i april og vonaleg OL deretter!
Klikk på lenka i medieboksen over for å høyre heile innslaget.
Tilrettelagt for web av Per Kristian Johansen.