Hopp til innhold

Verdas minst populære bergensar

 Er dette den mest forhatte nordmann nokon sinne? Han har i alle fall pryda tranflasker verda over i 120 år.

Himmelfarten

Hør: Himmelfarten, verdas mest hata bergensar

I 1974, medan britiske Christopher Harris blar gjennom ein bunke gamle fotografi frå Bergen ser han plutseleg ein kar han dreg kjensel på. Det er jo fiskebæraren frå tranflaska han hata som liten gut!

Mosaikk frå London

Me møter fyrstearkivar ved Statsarkivet i Bergen, Christopher Harris, ved ein vegg i Solheimsviken i Bergen. Bak eit stillas dekt av grøn duk kan me skimte ein enorm marmormosaikk innramma i messing. Mosaikken pryda Scott & Bowne sin fabrikk utanfor London frå 1906 til bygget blei rive i 1975, og i fjor, etter fem års iherdig forhandling med eigaren, fekk Christopher Harris endeleg kunstverket til Bergen.

Mystisk foto

Rekonstruksjon av korleis fiskebæraren ’Himmelfarten’

Rekonstruksjon av fiskebæraren.

Foto: Privat eige, Christopher Harris.

Men attende til mysteriet, - kva gjorde karen frå barndommens tranflaske på eit gammalt foto frå Bergen? Sidan 1974 har Christopher Harris gravd fram heile historien.

Det var ein gong ein bergensar som heitte Hardi Felgenhauer Sinchelberg. På 1790-talet blei han fiskebærar på Torget, og tenestejenter som kjøpte stor fisk kunne leige Hardi, eller 'Himmelfarten', som han blei kalt, til å bære fisken heim att for dei. Alle i bergen kjente til Himmelfarten, og ein ser han på mange samtidige teikningar.

Avdød ble berømt varemerke

Reklamebilete frå Hong Kong

Reklame frå Hong Kong

Foto: Privat eige, Christopher Harris.

I 1869 blei ein mann kledd ut som den forlengst avdøde Himmelfarten, og fotograf Marcus Selmer tok eit foto han kalla 'En fiskedrager fra Bergen'.

I 1884, kom nokre representantar frå det store amerikanske selskapet Scott & Bowne Ltd. til Bergen for å kjøpe tran. Dei kjøpte òg ein kopi av fotografiet, registrerte det i USA som sitt eige varemerke, og snart var alle tranprodukta deira pryda med teikningar av fiskebæraren frå Bergen. Himmelfarten blei verdensberømt. Christopher Harris meiner det er eit av dei mest berømte varemerka i heile verda, for Scott's Emulsion er eitt av dei verkeleg store tranmerka på verdsbasis.

Ukjent verdensstjerne

Christopher Harris

Christopher Harris

Foto: Gøril Grov Sørdal / NRK

I Norge var det Møllers tran som regjerte, og Scott's Emulsion, som Harris måtte gulpe ned som liten gut i England, er ikkje kjent her. Men no er Himmelfarten attende i Bergen. GC Rieber Fondene har bistått med finansieringa, og i morgon føremiddag skal mosaikken avdukast med pomp og prakt. Harris vonar den til slutt endar opp på Torget, der Himmelfarten bar fisk på 17- og 1800-talet, men i mellomtida kan alle som køyrer gjennom trafikkmaskina Danmarksplass få eit glimt av Bergens mest ukjente verdensstjerne. Og den kanskje minst populære bergensaren nokonsinne.

Norgesglasset NRK P1

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.