NRK Meny
Normal

100-åring toppar i Storbritannia

Dame Vera Lynn har det mestseljande albumet i Storbritannia, gjeve ut av ein kvinneleg artist i 2017. Plata kom i samband med at songaren fylte 100.

Britain Vera Lynn

Vera Lynn blei superstjerne blant britiske soldatar under andre verdskrigen. Ho fylte 100 år tidlegare i år, og platene hennar sel framleis godt i Storbritannia.

Foto: Lefteris Pitarakis / AP

I mars fylte Vera Lynn 100 år. I forbindelse med det, kom plata «100» ut. Ho selde godt, og enda på tredjeplass på den britiske albumlista. Ho er med det den eldste som har vore på topp ti på denne lista. Og no ser det ut til at dette også blir det mestseljande albumet gjeve ut av ei kvinne i Storbritannia i 2017, skriv The Guardian.

Plata ligg no på 28.-plass over dei mestseljande platene i år. Lista omfattar både fysisk sal og nedlastingar.

Soldat-elskling

Under andre verdskrigen blei Vera Lynn stor stjerne blant dei britiske soldatane, og blei kalla dei britiske soldatane sin elskling. Ho hadde eige radioprogram for soldatar som var stasjonert i utlandet.

Ho reiste også til Egypt, India og Burma for å opptre for dei britiske soldatar som var stasjonerte der. Ho fekk også den britiske militærmedaljen Burmastjerna for å ha opptredd for britiske soldatar i Burma. Lynn blei særleg kjend for songar som «We'll Meet Again», «The White Cliffs of Dover» og« A Nightingale Sang in Berkeley Square».

Vera Lynn, Titten Tei og Rolf Kirkvaag

Vera Lynn gjesta Rolf Kirkvaag og Titten Tei på Momarkedet i 1976.

Foto: Momarkendet

Kan bli forbigått

Det er førebels usikkert om Vera Lynn framleis har det mestseljande albumet av ein kvinneleg artist når 2017 er omme. I løpet av hausten kjem fleire kjende kvinnelege artistar med nye album, som kan vippe 100-åringen ned frå trona.

Blant dei det knyter seg mest forventningar til er Taylor Swift, som blei den kvinnelege artisten som tente mest pengar i verda då hennar førre plate kom i 2014, Pink, som kjem med ny plate for første gong på fem år, og Kelly Clarkson, som i Norge kanskje er best kjent for å bli nummer to i World Idol, etter Kurt Nilsen, men som på verdsbasis har seld 25 millionar album.

Music-Taylor Swift-Ready for It

Taylor Swift kjem med nytt album i november. Dersom det sel godt, kan det vippe Vera Lynn ned frå trona på dei britiske salslistene.

Foto: John Salangsang / AP