NRK Meny
Normal

Vener i sjokk og sorg over Nyqvist-dødsfall

At Michael Nyqvist, var ein folkekjær skodespelar i Sverige, er dagens svenske aviser eit bevis på.

Michael Nyqvist

I går kunngjorde Michael Nyqvist sin familie at skodespelaren er død 56 år gammal.

Michael Nyqvist sin bortgang får fyldig dekning i dei fleste svenske aviser i dag, og kondolansane renn inn i kommentarfelta og på sosiale medium. På svt.se kan folk skrive korleis dei hugsar Michael Nyqvist. Her er nokre av helsingane:

Det gör ont i hjärtat ❤ att du inte finns längre här 💜🙏👼

Elisabet / SVT.SE

Vila i frid Michael. Du är min favoritsķådis ❤😓

Ulla / SVT.SE

Det är stor sorg man känner idag....En fantastisk skådespelare. ...De flesta filmer man sett med Michael har berört en djupt....R.I.P. 😢

Lena / SVT.SE
Helena Bergström

I SORG: Den svenske skodespelaren Helena Bergström har spelt i fleire filmar saman med Michael Nyqvist.

Foto: Knut Fjeldstad, Fjeldstad, Knut

Skodespelaren hadde lungekreft og døydde etter lengre tids sjukdom, likevel kom dødsfallet brått på mange, også på hans vener.

Den svenske skodespelaren Helena Bergström spelte mot Michael Nyqvist blant anna i filmen «Sånt är livet» frå 1996.

– Eg er i sjokk. Micke var ein fantastisk ven, menneske og kollega skriv Bergström i ein sms til SVT.

Programleiar Anders Timell i svenske TV3 sørgjer over Nyqvist på Instagram.

Laster Instagram-innhold

Den svenske journalisten og programleiaren Alexandra Pascalidou skriv på Instagram at Mikael Nyqvist var som den storebroren ho alltid lengta etter.

Laster Instagram-innhold

– Visste ikkje at han var sjuk

Då skodespelar Morgan Alling begynte på teaterskulen, sytten år gammal, var det Michael Nyqvist som blei hans fadder. Noko som skulle vise seg å vere ein god match. Dei to hadde begge vakse opp på barneheim og hatt ein tøff oppvekst.

– Eg hugsar han som ein ven som alltid var der, han viste meg rundt på skulen og vi støtta kvarandre, fortel Alling til SVT.

Det var nokre månader sidan sist Alling hadde hatt kontakt med Nyqvist, og han var ikkje klar over at han hadde lungekreft.

– For meg kom dette som eit sjokk. Eg visste ikkje at han var sjuk, seier Alling.

Gerard Butler: – Ein ekstraordinær person

Kort tid etter kunngjeringa av dødsfallet vende folk seg til sosiale medium. Nettet florerer nå av kondolansar og bilde av Michael Nyqvist som folk har publisert for å uttrykke sorga.

Den skotske skodespelaren Gerard Butler har gått eit steg lenger og lese inn ei videohelsing til Nyqvist si familie på Twitter.

Gerard Butler og Michael Nyqvist speler begge i den nye filmen «Hunter Killer» som nå er under post-produksjon. Nyqvist har tydelegvis gjort sterkt inntrykk på Butler, som nå heidrer Nyqvist på Twitter.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

Så tråkigt en de bästa skådespelare har gått bort. Man blir så ledsen. Så som i himlen 💛

Helena C / svt.se