Etter fleire år med andre samarbeidsparterar, som The Hilliard Ensemble, e Jan Garbarek no tilbake i kvartettformat. Med tyskarane Eberahrdt Weber på bass og Rainer Brüninghaus på piano, og danske Marilyn Mazur på perkusjon.
I grenselandet
Musikarane gav publikum nøyaktig det dei var komne for å høyra. Eit utval vakre melodiar frå Jan Garbareks lange karriere. Musikk i grenselandet mellom før og no, øst - vest-nord og sør. Dei enkle, sterke melodiane, med klare referansar til folkemusikk og natur - som e eitt av dei fremste varemerka til Garbarek. Store, opne musikalske landskap, med den intense, gjennomtrengande saksofonen fremst i lydbildet. I tillegg til tenor og sopraninosaksofon fekk me og oppleva Garbarek på Seljefløyte.
Signatur
Dette e musikarar på skyhøgt nivå som både saman og kvar for seg set sin heilt krystallklare signatur på alt dei gjer. Weber med sin elektrisk/akustiske basstone som snor seg som ein slange rundt akkordar og melodilinjer e ikkje til å ta feil av. Heller ikkje Marilyn Mazur, som mest av alt minner om ein villkatt, der ho står og slår om seg i eit bur av klokker, symbalar, gongar og trommer.
Savner galskapen
Men, med unntak av Mazur, var det lite ved denne konserten som bar preg av musikalsk leik. Visst er det vakkert inn til det fullkome. Innimellom så intenst og inderleg at ein blir redd for å utvikla permanent gåsehud. Men eg saknar likevel galskapen. Overgangane mellom dei ulike komposisjonane, mellom nedskrevne og meir frie parti - alt sklir avgårde, presist og feilfritt, som eit tysk ekspresstog.
Nøye planlagt
Alt virkar så til dei grader nøye planlagt at eg innimellom lurer på om Brüninghaus og Weber kjedar seg, der dei sit med steinansikta sine. Ein av dei få gongene eg hadde kjensla av at dette tok av, var då Brüninghaus i ein lang pianosolo gjekk laus på innsida av flygelet i Grieghallen, og gav det ei kiropraktorbehandling det neppe har fått før. Men først og fremst var dette altså ei vakker oppleving, som kanskje blei litt velpolert og forutsigbar innimellom. Men publikum fikk full valuta for pengene.
av Halvor Folgerø
Kulturnytt, NRK P2, tirsdag 27. ,mai 2002
Bearbeidet for nett av Ana Maria Borge Tveit