Det er 10 år sidan laget gav ut sin førre CD "Skinnfelleken". Tittelen på den nye CD-en "Takk for sist", avspeglar namnet på ein reinlender av Harald Haug (1920-1999) frå Vågå. Harald Haug var musikalsk leiar for laget gjennom nesten 37 år. Han arbeidde også mykje med å arrangere folkemusikk, ein tradisjon spelmannslaget ynskjer å vidareføre. Sidan 1993 er det sonen, Trond-Ole Haug, som har vore musikalsk leiar for det Vågå Spelemannslag.
Fornying og utvikling
Vågå spelmannslag er opptekne av å utvikle samspelet vidare både i bygdedans- og
runddansmusikk. På den nye CD-en vekslar dei mellom eldre tradisjonsstoff som bånsullar, springleikar og hallingar til nyare runddansmusikk. Ein gjennomført god CD-produksjon med dyktige utøvarar både i solo og samspel. Ikkje minst er det ei plate med mange gode og velklingande arrangement. Lyden er det ingenting å seie på, - den har ekte spelemannslagssound. Med seg, saman med eit tjue tals feler, har dei munnspel, flygel, fele og kontrabass. Akkurat dette er også med på å gje produksjonen ein variert og frisk klang.
Konsert i matteltet
Vågå spelemannslag held konsert i matteltet
Under travle dagar som arrangør tok laget seg tid til ein liten konsert i matteltet torsdag ettermiddag. Med taktfast og drivande spel fekk Vågå spelemannslag det til å rykkje i dansefoten for dei frammøtte. Eit vitalt innslag frå ein ung 50-åring.
Tekst og foto Gunn Sølvi Gausemel