Vegard er ute av Stjernekamp

Det er klart kva tre artistar som får vera med i semifinalen, men Vegard Bjørsmo er ikkje blant dei. – Eg har vakse som person, og lært utruleg mykje, seier han rørt.

Vegard Bjørsmo i program 8 av Stjernekamp

RØRT: Vegard Bjørsmo måtte ut av Stjernekamp i kveld. Det var lett å sjå at deltakinga har betydd mykje for det unge stjerneskotet.

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

Bjørsmo fortel at han hadde ei god kjensle etter kveldens framføring, og at denne sendinga faktisk var den han kjente seg best i. Dermed var det ein trist beskjed å få at han var den som måtte ut av konkurransen.

– Det er litt blanda kjensler. Då eg såg gjennom videoen av alt eg har gjort, blei eg veldig stolt. Men det er trist å ryka ut. Det gav meg så mykje å vera med på det, seier Vegard.

Han fortel at han har fått mykje erfaring og at opplevinga har gitt meirsmak.

– Det å stå på scena var heilt annleis første gong enn i dag. Eg har lært veldig mykje, og tar med meg erfaringa vidare. Eg har fått jobba med så flinke folk og blitt kjent med så mange fine folk.

Vegard hausta lovord frå dommarane i begge sjangrane i kveld, men det haldt ikkje til pallplassering.

Dermed var det Knut Marius Djupvik, Ingeborg Walther og Sandra Lyng som sikra seg plass i semifinalen neste laurdag.

Vegard tok også ekspertpanelet og sjåarar med storm i første program av sesongens Stjernekamp.

Dette sa NRK sin meldar om kveldens resultat:

«Vegard må ganske overraskende forlate Stjernekamp i kveld, og jeg må innrømme at jeg ikke hadde trodd at Sandra skulle overleve denne kvelden med de tre konkurrentene som stod ved hennes side. Han er den minst rutinerte av de fire som startet konkurransen i dag, og det har vist seg at Sandra har et større spenn og mer å by på i en sammenheng som dette. Jeg er likevel overbevist om at vi ikke har sett det siste av Vegard!»

Listepop og stadionrock

I kveldens utgåve av Stjernekamp skulle det avgjerast kva tre artistar som gjekk vidare til semifinalen.

Gjestedommar TIX i program 8 av Stjernekamp

Andreas Andresen Haukeland, også kalla TIX, var gjestedommar i kveldens program.

Foto: JULIA MARIE NAGLESTAD / NRK

For første gong i Stjernekamp var listepop eit eige tema. Artistane skulle velja låtar som har vore på hitlistene i Noreg i 2020. I denne sjangeren var Andreas Andresen Haukeland alias TIX mentoren til artistane gjennom veka.

Ida Maria var gjestedommar i program 8 av Stjernekamp

Ida Maria Børli Sivertsen var gjestedommar saman med TIX og Mona B. Riise.

Foto: JULIA MARIE NAGLESTAD / NRK

I andre del av sendinga var det duka for stadionrock, med artist Ida Maria Børli Sivertsen som mentor.

Begge var saman med faste Mona B. Riise ekspertar gjennom sendinga.

Les kva meldaren til NRK meiner om prestasjonane i kveld her.

Desse listepoplåtane framførte artistane:

1. Vegard Bjørsmo: Don´t Start Now – Dua Lipa

Først ut var Vegard, som førre laurdag blei beundra av ekspertpanelet. Han fortalde at han ikkje høyrer mykje på listepop, og at dette dermed var eit nokså ukjent terreng for han.

Men det manlga ikkje på lovord frå ekspertpanelet.

– Då me møttest første gong, verka det som du var nærmast redd for låten. No osar det av sjølvtillit av deg. Det er skikkeleg imponerande å sjå korleis du har tatt til deg den mest grunnleggande bodskapen i låten og viser det, sa mentoren hans TIX.

– Fy søren! Det er sørgeleg for popmusikken at du ikkje er så interessert, for du er jo ei popstjerne, sa Riise energisk.

Vegard Bjørsmo sang Dua Lipas «Don’t Start Now» i Stjernekamp 17. oktober 2020.

2. Sandra Lyng: What´s Love Got To Do With it – Kygo, Tina Turner

Denne klassikaren av ein låt blei blåst nytt liv i av Kygo, og i kveld var det Sandra sin tur til å setja sitt preg på låten. Ho hadde låten på kassett som lita, og sa at ho har gleda seg veldig til å synga ho i Stjernekamp.

– Du er ei stjerne, Sandra, sa Ida Maria og hylla ho for låtvalet sitt.

– I dag viser du for tusande gong at du kan synga dritbra, sa TIX.

Sandra Lyng sang Tina Turner-låta «What´s Love Got To Do With it» i Stjernekamp 17. oktober 2020.

3. Knut Marius Djupvik: Someone You Loved – Lewis Capaldi

Knut Marius hadde vald det som for tida er ei av verdas mest populære låtar. Det låg ein sterk personleg motivasjon bak valet, nemleg eit tungt kjærleiksbrot. Denne sårheten prøvde han å henta fram i kveldens framføring.

Riise sakna litt dans, men var elles svært fornøgd.

– Du fangar kjensla av sorg og smerte, og gjer han til noko vakkert for oss. Du syng heilt nydeleg, sa Riise inderleg.

Ida Maria hylla han mellom anna for å vera ein mann som stod støtt i å visa kjenslene sine.

Knut Marius Djupvik sang Lewis Capaldis «Someone You Loved» i Stjernekamp 17. oktober 2020.

4. Ingeborg Walther: Somebody – Dagny

Den største draumen til Ingeborg er å bli popartist, kunne ho melde i forkant av framføringa av «Somebody». TIX spådde under øvinga at ho kom til å ta publikum med storm.

Og både publikum og han sjølv såg ut til å ha blitt sjarmert av framføringa.

– Eg fekk frysningar, du syng så fint, sa Riise.

Ingeborg Walther sang Dagnys «Somebody» i Stjernekamp 17. oktober 2020.

To favorittar etter første runde

Ekspertpanelet hadde alle nokre favorittar etter første runde.

Ida Maria utnemnde Vegard som favoritten sin. TIX var imponert over alle, men spesielt over Ingeborg. Mona klarte ikkje å velja berre éin favoritt, og sa Vegard og Ingeborg.

Neste runde var det klart for sjangeren stadionrock. Her var Ida Maria mentoren til artistane.

Desse låtane valde artistane innan stadionrock-sjangeren:

1. Vegard Bjørsmo: When You Were Young – The Killers

Vegard måtte jobba litt med å komma seg ut av komfortsona, noko som under framføringa blei tydeleg at han fekk til.

– Fantastisk, Vegard, fantastisk! Det er heilt rått, det er mykje betre enn The Killers, var dei store orda frå mentor Ida Maria.

Vegard Bjørsmo sang The Killes-låta «When You Were Young» i Stjernekamp 17. oktober 2020.

2. Sandra Lyng: You Shook Me All Night Long – AC/DC

Som Sandra sa sjølv, var kveldens framføring ein stor kontrast til førre framføring då ho fekk leika Disney-prinsesse saman med KORK.

– Endeleg har du kome ut av skapet, du er jo rockestjerne, sa mentor Ida Maria.

Sandra Lyng sang AC/DC-låta «You Shook Me All Night Long» i Stjernekamp 17. oktober 2020.

3. Knut Marius Djupvik: Run To The Hills – Iron Maiden

Knut Marius måtte henta fram autoriteten i seg då han skulle synga denne kraftfulle låten. Det var ingen tvil om at han klarte å overtyda Ida Maria.

– Det er heilt sinnssjukt, du er heilt utruleg! Det er dette me kallar «rocke-autoritet», sa Ida Maria.

Knut Marius Djupvik sang Iron Maidens «Run To The Hills» i Stjernekamp 17. oktober 2020.

4. Ingeborg Walther: Rock The Night – Europe

Ingeborg var stressa for at det ikkje skulle bli kult nok, sa ho i forkant av framføringa. Men ho gav alt og det var heilt tydeleg.

– Fy søren du er så rå, sa Riise.

Heile ekspertpanelet lét seg imponera av stadionrocken til Ingeborg.

Ingeborg Walther sang Europes «Rock The Night» i Stjernekamp 17. oktober 2020.

Kulturstrøm

  • Rocklegende Spencer Davis er død

    Den britiske rockmusikeren Spencer Davis er død, 81 år gammel. Davis hadde sitt eget band, Spencer Davis Group, sammen med blant andre Steve Winwood. Deres største hits var «Keep on Running» og «Gimme Some Lovin'», ifølge Daily Mirror.