Hopp til innhold

– Absolutt ein av mine favorittar

At Mario Vargas Llosa i dag vart tildelt Nobelprisen, gjer forfattar Jon Michelet litt ekstra lukkeleg.

Mario Vargas Llosa

I dag vart det kjent at Mario Vargas Llosa får Nobelprisen i litteratur for 2010.

Foto: SUSANA VERA / Reuters

I dag kunngjorde Svenska Akademien at årets Nobelpris i litteratur går til den peruanske forfattaren Mario Vargas Llosa . Det er ei tildeling som fell i smak hjå forfattarane Jon Michelet og Perdro Carmona-Álvarez.

– Eg tenkjer at endeleg er det ein nobelprisvinnar eg kjenner. Så det er veldig moro. Og så synest eg det er flott at prisen går til Sør-Amerika, det er lenge sidan sist, seier forfattar Jon Michelet.

Han har sjølv møtt Mario Vargas Llosa fleire gonger. Første gong var på ein fotballstadion i VM i Spania i 1982, der dei dekte VM for kvar si avis.

Jon Michelet

Forfattar Jon Michelet vart kjent med prisvinnaren på ein fotballkamp.

Foto: Richardsen, Tor / SCANPIX

– Vi såg kampen Italia-Kamerun. Vi heia alt vi kunne på Kamerun, Vargas Llosa fordi Peru var vorte ydmyka, og han ville sjå Italia slått ut, og det ville eg også, fortel Jon Michelet.

Begeistra for Hamsun

Seinare har også Michelet besøkt nobelprisvinnaren heime i Lima i Peru.

– Der snakka vi mellom anna om hans begeistring for Hamsun, og om hans eigen forfattarskap.

– Kva slags menneske vil du seie han er?

– Han er ein veldig vakker mann. Han er sannsynlegvis den penaste mannlege nobelprisvinnaren nokon gong. Han er veldig blid og imøtekomande og han er svært konservativ.

– Mest morsame eg har lese

Trass i at Mario Vargas Llosa til og med stilte som presidentkandidat for det konservative partiet i Peru, har ikkje det påverka Jon Michelet, som politisk står langt til venste, sitt syn på forfattarskapen.

– Han har absloutt vore min favoritt. Fiendskapen hans med Gabriel García Márquez var legendarisk og politisk. Men for meg som nordmann å lese Vargas Llosa noko heilt anna, fordi han er ein så bra forfattar.

Han trekkjer også fram humoren i bøkene til Mario Vargas Llosa. Spesielt anbefaler han å lese Pantaleón og tjenerinnene.

– Det er noko av det mest morasame eg nokon gong har lese, seier Michelet.

– Eg er faktisk litt lukkeleg i dag, avsluttar Michelet om dagens tildeling av nobelprisen.

Anna bilete av Sør-Amerika

Pedro Carmona-Alvarez
Foto: Bjørn Sigurdsøn / SCANPIX

Også den norske-chilenske forfatteren Perdro Carmona-Álvarez synest årets nobelprisvinnar er eit godt val. Sjølv las han bøker av Vargas Llosa då han var ung.

– Det er ikkje mange andre latin-amerikanske forfattarar i dag som kunne ha fått den prisen, seier Perdro Carmona-Álvarez.

Han synest at det er hyggjeleg at prisvinnaren står for ein annan type litteratur enn det som vanlegvis vert trekt fram når ein snakkar om søramerikansk litteratur, som er den magiske realismen, Garcia Marquez og Isabel Allende.

– Vargas Llosa bryt med det sementerte biletet av latin-amerikanske forfattarar. Han er ein danna, grå-håra moderat.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Kulturstrøm

  • Nynorsk litteraturpris til Edvard Hoem

    Edvard Hoem er tildelt Nynorsk litteraturpris 2023 for boka Husjomfru.

    Prisen er på 50 000 kroner og blir tildelt på landsmøtet til Noregs Mållag i helga.

    Litteraturprisen er blitt delt ut sidan 1982, og saman med mållaget er det Det Norske Samlaget og Det Norske Teatret som står bak prisen.

    Husjomfru av Edvard Hoem
  • Tre norske er nominert til Nordisk Råds barn- og ungdomslitteraturpris

    Grøssaren «Udyr» av Ingvild Bjerkeland og høgtlesingsboka «Oskar og eg» av Maria Parr og illustratør Åshild Irgens nominert frå Noreg.

    I tillegg er Saia Stueng frå Karasjok nominert for ungdomsromanen «Hamburgerprinseassa – Eallá dušše oktii» i kategorien for det samiske språkområdet.

    Totalt 14 nordiske biletebøker, barnebøker og ungdomsromanar nominerte til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris 2024.

    Fleire av dei nominerte tek for seg eksistensielle spørsmål om livet og døden. Eit anna tema som går att er menneska sin relasjon til naturen.

    Vinnaren vert offentleggjort 22. oktober.

    Montasje forfatterportrett Maria Parr og coveret til barneboka Oskar og eg
    Foto: Samlaget/Jula Marie Nagelstad
  • Tungtvann feirer 25-årsjubileum i Operaen

    I år er det 25 år siden Tungtvann slapp sin første EP «Reinspikka Hip Hop».

    Det feirer de med å opptre på Operaen i Oslo.

    15. september blir det nemlig nordnorsk rap på menyen i hovedstadens storstue. Kringkastingsorkestret (KORK) blir også med på feiringen.

    I tillegg er hiphop-profiler som Petter, Jaa9 & OnklP, Lars Vaular, Oscar Blesson, Tyr, Grim Pil og Rambow invitert til jubileet.

    – Med den line-upen vi har så lurer jeg på om operaen er stor nok til å huse oss, sier Jørgen Nordeng i en pressemelding.

    – Sånn rent publikumsmessig, understreker han.

    Nordnorske Tungtvann er regnet for å være de første til å lykkes med rap på norsk.

    – Da vi begynte var det for å bevise at det gikk an. Vi følte at det meste vi hadde hørt av norsk rap ikke hørtes ut som hiphop, sier Nordeng.

    Arrangementet er i regi av Bodø2024.

    – Grunnen til at vi ønsker å gjøre det i Oslo, som den eneste produksjonen vi gjennomfører der, er at dette fenomenet funker på norsk takket være nordlendinger. Da gir det mening å ta det til hovedstaden, forteller programsjef Henrik Sand Dagfinrud

    Tungtvann opptrer på operaen 15. september
    Foto: Tarjei Krogh