NRK Meny
Normal

Vår tids ekte vikingar på Avaldsnes

Frå den opne bålplassen stig røyken opp. Det boblar i gryta, og den gode lukta av kjøtsuppe breier seg over tunet. Fleire kvinner samarbeider om matlaginga. Nokre smågutar øver seg på å skyte på blink med pil og boge. Fleire menn står saman i klynger og diskuterer våpen og handverksteknikkar. Vi er på vikinggarden på Bukkøy på Avaldsnes i Karmøy.

 

Marit Synnøve Vea og May Britt Haukås.

Prosjektleiar Marit Synnøve Vea festar skålspennene på programleiar May Britt Haukås.

Foto: NRK

Norge Rundt, NRK 1 fredag 8. juni kl. 1930. 

Programleiar may Britt Haukås får hjelpe til med maten.

Programleiar May Britt Haukås får hjelpe til med matlaginga.

Foto: NRK

- Det blir så mykje snakk om kongar og store slag. Målet vårt er å vise fram kvardagslivet for folk flest i vikingtida. Det seier Marit Synnøve Vea, leiar i Avaldsnesprosjektet , og ein av initiativtakarane til Vikingklubben Karmøy. Det er medlemmane i klubben som skaper liv i tuna og husa på den vakre garden.  

Prosjektleiar Marit Synnøve Vea

Prosjektleiar Marit Synnøve Vea beherskar teknikken med brikkevev.

Foto: NRK

Over 80 personar frå barn til pensjonistar er med i klubben. Alle er kledde slik folk som budde i dette området var det for tusen år sidan. Reiskaper og våpen er også tidsrette. Og svært mykje av både kle, våpen og reiskapar er laga av medlemmane sjølve.  

Spinning med spinnehjul

Ull frå villsau blir spunne til garn på vikingvis.

Foto: NRK

Handverk

- Det gir ei eiga ro i sjela å halde på med slikt arbeid, seier Henny Drange. Med vante rørsler kardar ho ull av villsau, som ho så skaper om til tynn tråd ved help av spinnehjulet.  

Henny Drange er medlem i vikingklubben.

Henny Drange er med i vikingklubben.

Foto: NRK

Andre kvinner er i gang med å veve vakre pynteband med brikkevev. Medlemmane i vikingklubben har lært seg mange gamle handverk. Ein lagar boger og piler, ein annan smykker i gull, sølv og bein. Keramikaren i klubben har laga drikkekar og skåler. Ein del av det dei lagar er for sal på vikingmarknader, men mykje blir bytt mot ting ein annan i klubben har spesialisert seg på. Til saman kan dei lage det meste av det dei treng for å leve på garden på autentisk vis.  

John Jakobsen trenar med pil og boge.

Nestleiar i Vikingklubben Karmøy, John jakobsen, kan også handtere pil og boge.

Foto: NRK

Levande historie 

- Eg har alltid vore interessert i historie, seier John Jakobsen, nestleiar i vikingklubben. Men då Karmøy kommune bestemte å bygge opp ein kopi av ein vikinggard på Bukkøy, vart det naturleg først og fremst å lære om denne tida i norsk historie. Og interessa har ikkje minka etter kvart som kunnskapen har auka, tvert imot.

- Vi vil gjerne vise at vikingane var bønder, fiskarar og handelsmenn, ikkje berre ville krigarar, seier Jakobsen. Vikinggarden blir brukt som leirskule for skuleborn, som gjennom praktisk arbeid på garden får lære om korleis vikingane levde kvardagslivet sitt.  

Vikinggarden på Bukkøy på Avaldsnes.

Vikinggarden på Bukkøy på Avaldsnes.

Foto: NRK

 

Autentisk kopi

Vikinggarden på Avaldsnes er ein kopi, bygd slik vikingane sjølve gjorde det. Mest imponerande er langhuset og naustet. Sistnemnde er det einaste i sitt slag i Europa. Også langhuset er spesielt. Taket er dekt med om lag 100.000 handlaga trespon. Dette er det einaste langhuset som finst i dag som også er innreidd på autentisk vis. 

Medlemmar i Vikingklyubben Karmøy.

Medlemmane i vikingklubben lagar sjølve det meste av det dei treng av kle og utstyr.

Foto: NRK

 

Forfengelege

- Vikingane var kjent for å vere velkledde og velluktande, fortel Marit Synnøve Vea. Både kvinner og menn var svært opptekne av klesdrakt, smykker og sminke, både til kvardags og til fest.

- Påkledninga ga viktige signal om status, forklarer Vea. Vikingkvinnene var dei einaste i Europa som pynta seg med skålspenner på kvar side av brystet, gjerne med fleire halsband i mellom. Ein mann som kom heim frå vikingferder måtte dele ein del av rikdommen han kom heim med med kona si.

Godlukt

I motsetnad til det mange trur, var også hygiene viktig. Både kvinner og menn lauga seg, dei fletta hår og skjegg, og før kamp sminka også mennene seg. Dei hadde pinsettar, kammar, neglerensarar, og til og med ei eiga lita skei for å fjerne øyrevoks.

- Ein mann i England skreiv brev til biskopen sin og klaga. - Ikkje nok med at vikingane tek landet vårt, dei luktar så godt at dei tek kvinnene våre også! skreiv han, fortel Vea. 

Illustrasjonsbilde

Vikingar rundt matbordet i langhuset.

Foto: NRK