- Og kanalen hadde ikkje retta seg etter kritikk og ikkje teke signal frå departementet og allmennkringkastingsrådet om at dei var misnøgde med programverksemda sett ut frå allmennkringkastingsoppdraget, seier Enli.
Etter at det blei klårt at Kanal4 skal ta over P4-konsesjonen frå nyttår, har det heile tida blitt hevda at dette ikkje blei gjort for å straffe P4, men fordi konkurrenten hadde ein betre søknad. P4 klaga saka inn for Sivilombodsmannen, og no viser brevvekslinga frå Kulturdepartementet at dei var misnøgde med P4. Kommunikasjonsdirektør i P4, Ole Tom Nomeland, seier at dette stadfestar det dei har meint heile tida.
- Det stadfestar eigentleg ein hypotese vi har hatt, om at P4 blei straffa for å ha brote nokre vilkår i den føregåande konsesjonsperioden. Dette har det alltid blitt nekta for når dei har gjeve ein grunn for kvifor Kanal4 fekk konsesjonen vår, og vi ikkje vi fekk forlenga han.
Grundig forarbeid
Ansvarleg redaktør i Agder-posten og styremedlem i Kanal4, Stein Gauslaa, meiner at dei fekk konsesjonen på grunn av eit grundig forarbeid.
- Vi las sjølvsagt alle rapportane til allmennkringkastingsrådet om P4, og vi var klåre over det departementet har skrive i forskjellige høve i stortingsdokumenta, og vi var klåre over dei svake sidene til P4.
Fokus på juss
Det som har blitt konsekvensen av behandlinga av denne saka er at makta i mediepolitikken har blitt flytta. Enli meiner vi har fått ei rettsleggjering av mediepolitikken.
- Det vil seie at mediepolitikken ikkje lenger er basert på gjensidig tillit mellom aktørane og mediehøyringsinstansane, men på juridisk rett. Det er juridiske dokument som regulerer, og ikkje berre meir diffuse forventningar til kva kanalane skal levere av innhald.
Kulturnytt, NRK P2, onsdag 5. november 2003