Hopp til innhold

Var han ein løgnar?

Henrik Ibsen fullførte aldri sin eigen sjølvbiografi, og det var det kanskje ein god grunn til...

Henrik Ibsen (1828-1906)
Foto: Scanpix / Scanpix

Frokost-TV sin eigen kunstekspert, Tommy Sørbø, har tatt for seg Henrik Ibsen sin sjølvbiografi, eller i alle fall Ibsen sitt utkast av ein sjølvbiografi.

- For det første er den utruleg fasinerande, fortel Tommy.

Nett-TV: Var Henrik Ibsen ein løgnar?

Kunne sjå alt

Sjølvbiografien startar med at han blei tatt opp i kyrkjetårnet av hushjelpa for å sjå utsikta. Tårnet var rett ved der han budde på denne tida. Hushjelpa skal ha løfta vesle Henrik ut av gluggene på tårnet.

Ibsen skriv at han hugsar veldig godt kva han såg frå tårnet. Han beskriv denne ”lilleputt-verda” som han såg der nede. Der han blant anna såg mora i vindauget, heilt forskrekka over at Henrik hang og dingla utanfor kyrkjetårnet.

Alle detaljar

Tommy Sørbø

Tommy Sørbø forklarar kvifor Ibsen ikkje kunne sjå frå kyrkjetårnet og over på bakgarden av huset.

Foto: Birte Njøsen Horne / NRK

Han beskriv og at han såg alle detaljane i huset, han såg over taket og ned i bakgarden der blant anna hestane og spannene sto.

Sidan Tommy sjølv er kjent i Skien byrja han å tenke over dette.

- Eg tenkte om dette var mogeleg. Kan han ha sett dette? Er dette eit litterært grep frå Ibsen si side?

Og svaret Tommy kom fram til er at dette ikkje kan stemme i det heile tatt.

Papir

Henrik Ibsen sine papir.

Foto: Roald, Berit / SCANPIX

Heilt feil

- Han kan ikkje ha sett alt han fortel om. Han kan ikkje ha sett over kanten på huset, fortel Tommy. 

Den kjente kunsteksperten har faktisk funnet ut at om så tårnet hadde vore dobbelt så høgt, hadde han ikkje klart å sjå denne bakgarden.

Men Tommy påstår ikkje at dette var fri dikting av Ibsen.

Ingen løgnar

- Folk har vore inne på om dette var eit litterært grep.

Dette kan faktisk vere grunnen til at Ibsen aldri fullførte sjølvbiografien sin.

- Det kan hende at han såg at dette blei fri dikting og at det blei meir som ein roman, trur Tommy.

Her bodde Henrik Ibsen

Her bodde Henrik Ibsen

Foto: NRK

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober