Hopp til innhold

Vår fortid i skrift

Spisse runer i ein trebit, feite typar i ei avis og ømme ord i eit kjærleiksbrev, - gjennom tusenvis av år har me nordmenn kommunisert med kvarandre ved hjelp av skriftteikn.

Pergamentfragmenter
Foto: Gøril Grov Sørdal / NRK

Ein sogneplog møter eit mysterium

5. juni 1917 finn plogen til Nils J. Eggum noko som set garden i Sogndal på det språklege verdskartet. Eit tomt gravkammer, der taket er ei steinhelle med 180 runer. Runene blei rissa inn på slutten av 600-talet, noko som gjer dette til den lengste innskrifta ein kjenner til med det eldste runealfabetet.

I dag, 90 år seinare, ligg Eggjasteinen på Bergen Museum, og den eldgamle teksten er framleis eit mysterium. For sjølv om ein kan tyde runene kan teksten tolkast på ulike måtar. Er det eit minnesmerke for nokon som døydde på havet, eller for ein bonde som blei sviken og drepen?

Det er mykje ein framleis ikkje veit om runene, men ein reknar med at skriftsystemet oppstod ved Middelhavet i det fyrste eller andre århundre etter Kristus. Men kvifor lage eit nytt skriftsystem når ein alt hadde det latinske alfabetet?

Ein ting er professor i språkvitenskap ved Universitetet i Bergen, Helge Dyvik, sikker på, den som klekte ut runeteikna visste kva han gjorde.

Hør: Eggjasteinen

Runene under bryggen

Runesko

En sko med runer, funnet under Bryggen i Bergen.

Foto: Bergen Museum

I 1955 brenn store deler av Bryggen ned, og tragedien avdekkar middelalderbyen Bergen. I grunnen under branntomta gjer arkeologar mange funn, og når ein avsluttar utgravingane har ein funne 600 runeinnskrifter. Funna viste at runer blei brukt av dei fleste til det meste, til alt frå brennheite kjærleiksbrev til forretningskorrespondanse.

Dessutan fann ein mange døme på at runer og det latinske alfabetet levde fredeleg side om side i fleire hundre år. Runer blei brukt til å skrive latin i tillegg til gammalnorsk, og ein fann runeinnskrifter teikna av personar ein veit kunne skrive med latinske bokstavar.

Reporter Gøril Grov Sørdal vitjar Bergen Museum sine middelaldersamlingar for å ta ein kikk på nokre av runeinnskriftene. 

Hør: Runer til kvardags og fest

Runer og latin, eit 300 år langt samliv

James Knirk

Runolog James Knirk

Foto: Gøril Grov Sørdal / NRK

Med kristendommen kom latinen, og det latinske alfabetet, men runene veik ikkje plassen. I 300 år levde dei to skriftspråka fredeleg side om side, og mange nordmenn beherska begge to. Ein valde skriftspråk etter kva bodskap ein ville formidle.

Reporter Gøril Grov Sørdal møter runolog James Knirk og språkvitar Helge Dyvik i Bergen Museum sine middelaldersamlingar.

Hør: Runer og latin, eit 300 år langt samliv  

Ei bok - eitt årsverk

Åslaug Ommundsen

Åslaug Ommundsen

Foto: Gøril Grov Sørdal / NRK

I dag kan eit moderne trykkeri produsere tusenvis av bøker på nokre få timar. Men ein gong låg det eit heilt årsverk bak ei vakker bok.

I middelalderen kunne ein flink munk skrive 6 til 7 sider kvar dag, eller ca 100 sider på ein månad. I tillegg kom arbeidet med å preparere pergament av saue- eller kalveskinn, og å lage blekk av galleeple og jernsulfat. Skulle boka ha vakre illustrasjonar måtte ein dessutan ha ein illuminatør.

Åslaug Ommundsen ved Senter for middelalderstudier i Bergen fortel at ei bok kunne koste like mykje som ein Ferrari i dag. Dyre, religiøse bøker var ofte statussymbol som viste at eigaren både var rik og from.

Hør: Ei bok - eitt årsverk

Arven etter Karl den store

I dag har me ingen problem med å kjenne att bokstavane i spanske og italienske aviser, sjølv om me ikkje forstår språket. Det kan me truleg takke Karl den store for. På 700-talet var det nemleg så store skilnader mellom korleis ein skreiv bokstavane i det latinske alfabetet i dei ulike landa at det ofte oppstod misfortåingar og feil under kopiering av tekstar. Dette kunne ikkje den gudryktige frankarkongen leve med. Han ville ikkje risikere at prestane mistolka Guds ord, og for å sikre folket sitt frelse sette han i verk ei opprydding i den europeiske kulturen. Eitt av resultata vart den karolingiske minuskelen, ei klar og tydeleg skrift som utkonkurrerte dei regionale skrifttypane.

Åslaug Ommundsen seier me finn spora etter Karl den store overalt rundt oss i dag, også i våre eigne notatar.

Hør: Arven etter Karl den store

Våre minste kulturskattar

 

Sjølv dei minste pergamentbitane har ei historie å fortelje. Skrivestil, skrifttrekk og sjølve pergamentet kan fortelje mykje både om kvar, når og av kven teksten var skriven. I somme tilfelle kan ein til og med sjå kva munkeorden skrivaren tilhøyrde.

Og det er mange bitar å pusle saman, berre i Riksarkivet i Oslo ligg det 6000 fragment av middelalderske håndskrifter på pergament. Desse er ofte små fordi dei i århundra etter blei brukt til alt anna enn lesestoff.

Åslaug Ommundsen ved Senter for middelalderstudier i Bergen fortel at takka vere det me i dag ser på som vandalisme, sit me på restar av over 1000 håndskrivne bøker frå middelalderen. Og det er jo langt betre enn ingenting?

Hør: Frå gjenbruk til kulturskatt

Oppfinninga som endra verda

Isaac Newton, Francis Bacon og Nicolaus Copernicus, alle er representantar for ein av dei viktigaste periodane i den naturvitskaplege historia. Men kunne oppdagingane på 1600-talet funne stad om det ikkje hadde vore for arbeidet til ein tysk gullsmed 150 år tidlegare?

Og kva med 1700-talet og opplysningstida? Hadde verda vår sett ut som den gjer i dag om ikkje denne gullsmeden hadde laga lause typar i bly?

Neppe. Det seier professor i idèhistorie ved Universitetet i Oslo, Trond Berg Eriksen.

Hør: Trykkekunsten moderniserer Europa

Redda trykkekunsten Martin Luther frå bålet?

Martin Luther

Martin Luther

Foto: Scanpix

I 1415 blir teologen og reformatorern Jan Hus brent på bålet som kjetter. 102 år seinare skriv Martin Luther sine 95 teser mot den katolske kyrkja, og resultatet blir ein reformasjon. Kva hadde Luther som Hus ikkje hadde? Trykkekunsten.

Det seier professor i idèhistorie ved Universitetet i Oslo, Trond Berg Eriksen.

Kyrkja sine forsøk på sensur slo feil, ofte virka dei mot sin hensikt. Folk oppsøkte gjerne tekstane kyrkja fordømte. Medan den katolske kyrkja fekk ein fiende i bøkene, såg Martin Luther trykkekunsten som ei gåve frå Gud.

Hør: Trykkekunsten, Guds gåve til Luther

Vis meg skrifta di, og eg skal seie kven du er

Håndskrift

Kan du gjette alderen på den som har skrevet dette?

Foto: Gøril Grov Sørdal / NRK

Kvifor ser eit brev frå tanta mi heilt anleis ut enn eit brev frå mor mi? Det er mykje fordi dei blei fødde på kvar si side av hovudskiljet i skriftopplæringa innan skuleverket.

I det fyrste norske læreverket i skrivefaget frå 1868 står det at håndskrifta skal vere ei samanhengande, høgrehellande løkkeskrift. Den var inspirert av tysk skuleskrift, som igjen var ein variant av gotisk skrift.

Det store skiljet kom med formskrifta i 1947, eit skriftsystem med utgangspunkt i den engelske tradisjonen. Sidan har skuleverket gjennomført fleire mindre justeringar i skriveundervisninga.

Så om håndskrifta di ikkje kan seie så mykje om kven du er, så kan den i det minste seie noko om kor gammal du er.

Reporter Gøril Grov Sørdal intervjuar tanta si, Annemor Eikeland, og venninna hennar Ragnhild Tistel, om skjønnskrifta dei lærte på skulen i 30- og 40-åra.

Hør: Skrift 9 - Frå skjønnskrift til tastatur

Norgesglasset NRK P1

 

Kulturstrøm

  • Ny undersøkelse: Færre leser for barna sine

    Stadig færre foreldre leser høyt for barna sine. Andelen boklesere i befolkningen synker sakte, viser Leserundersøkelsen 2024, som blir sluppet i dag, skriver Den norske forleggerforeningen i en pressemelding.

    – Foreldres lesing er avgjørende for barns ordforråd og leseglede. Nå faller også disse tallene, dette er dramatisk, sier Trine Skei Grande, administrerende direktør i Forleggerforeningen.

    Én av fire foreldre leser aldri høyt for barna sine. I 2017 svarte 93 prosent av foreldre med barn under 10 år at de leste høyt for barna sine. I 2023 var tallet 75 prosent. Samtidig viser undersøkelsen at de som leser for barna sine, gjør det oftere enn før.

    Leseundersøkelsen har blitt gjennomført av Forleggerforeningen og Bokhandlerforeningen siden 1977.

    – Leserundersøkelsen bekrefter at vi trenger et krafttak for lesing, sier Trine Skei Grande i Forleggerforeningen og Anne Schiøtz i Bokhandlerforeningen.

  • Årets verk og Årets utøver

    Årets verk og Årets utøver 2023 ble delt ut i Spillerom, NRK P2, søndag 21. april. Dirigent og fiolinist Lars-Erik ter Jung er kåret til Årets utøver 2023. Tre vinnere får prisen Årets verk; Jan Erik Mikalsen for Fleurs, Nils Henrik Asheim for Organotopia, Tine Surel Lange – Two sides of the River. Prisene deles ut av Norsk komponistforening.

    Årets utøver og Årets verk 2023
    Foto: Kristin Kverndokk / NRK
  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober