Kanskje dei var veldig hårete og skitne?
Det ser sånn ut når det blir laga film som liksom skal vere frå den tida. Men det er ikkje sikkert det var sånn.
Kanskje dei var reine og fine, pynta seg masse, fletta håret sitt, og alltid var nybarterte med flintstein?
Grunnen til at vi ikkje kan vite det sikkert er at nesten alt fra den tida har rotna. Det er nesten berre steinredskapane deira vi finn, og det er jo derfor vi kallar det for akkurat steinalderen. Når arkeologar finn beinrester av folk, er det stort sett berre bitte små bitar som er igjen.
Dessutan kan eg tenke meg at både mennene og damene såg ganske veltrente ut. Dei måtte slite meir enn oss for å få tak i mat, og sjokolade og sånne usunne ting hadde dei i alle fall ikkje. Men nøtter og bær hadde dei, og det spiste dei visst mykje av.
Det største lukkefunnet som er gjort må vere Ötzi. Han budde ikkje i Noreg, men vart funne i Alpane. Der låg han frose inn i ein isbre i 5300 år. Endeleg kunne vi sjå kordan ein mann frå den tida såg ut.
Ötzi hadde på seg ein ermelaus kappe av vevd gras. Han hadde ei skjorte av geitepels, og ei bjørnelue på hovudet. For å halde beina varme hadde Ötzi nokre slags skinnbukser. I lomma i beltet han hadde på seg vart det funne flintstein og bein til å lage eld av, og han hadde sko av lær og gras.
Det er utruleg alt dei fekk vite berre ved å finne han. Dei siste måltida fann dei i magesekken, det var korn, planter, geit- og hjortekjøtt. Dei fekk til og med sjå med eigne auger at folk tatoverte seg, ettersom han hadde mange kryss på kroppen.
Tenk deg andletet på arkeologane då dei skjønte at det som var funne i isbreen var ein ekte steialdermann!
Men om han var hårete og skiten eller nybarnert og velduftande det har eg ikkje funne svaret på nokon plass.
I Newton søndag 24. mai 2009 skal det handla mykje om steinalderen. Følg med då :)
Hilsen Solveig