NRK Meny
Normal

Vann på alle punkt

Høgsterett konkludert med at norsk lov skal liggje til grunn i saka mellom Åsne Seierstad og bokhandlaren.

Åsne Seierstad

Forfattar og journalist Åsne Seierstad vann på alle punkt.

Foto: Berit Roald / Scanpix

Dette er var den tredje rettsrunden om det er norsk eller afghansk lov som skal gjelde i erstatningssaka mot Åsne Seierstad og forlaget Cappelen Damm.

Dermed har Åsne Seierstad vunne over Surai Rais, som meinte at afgansk lov skulle liggje til grunn i erstatningssaka mellom Seierstad og familien Rais.

Høgsterett har altså avvist kravet frå familien Rais, dermed vil saka om erstatningskravet gå i tingretten etter norske rettsprinsipp.

Bokhandlarkona Surai Rais må dessutan betale sakskostnadene til Åsne Seierstad og Cappelen Damm, totalt 85.000 kroner.

La vekt på ytringsfridom

Åsne Seierstad er ikkje overraska over dommen.

- Det var som venta. Det er sjølvsagt gledeleg at den er einstemming, at den er så klar. Og at den slår fast at for norske forfattarar og journalistar er det norsk rett som gjeld. Og den fundamentale tydinga av ytringsfridomen er det viktige for oss, seier Åsne Seierstad til NRK.

Høgsterett har no altså avvist kravet frå familien Rais, dermed vil saka om erstatningskravet gå i tingretten etter norske rettsprinsipp.

Dommen legg spesielt vekt på at ytringsfridom er svært viktig prinsipp i Noreg.

Så fundamental som vi betrakter ytringsfriheten, bør imidlertid våre ytringsfrihetsregler ikke bare beskytte ytringer fremsatt i Norge, men også ytringer som er fremsatt i andre land.

Utdrag frå dommen


25 mill i erstatningskrav

Suraia Rais

Kona til bokhandlaren, Suraia Rais vann ikkje fram i Høgsterett.

Foto: Tore Meek / Scanpix

Kona til bokhandlaren, Suraia Rais kravde på vegne av familien opp til 25 millionar kroner i erstatning frå Åsne Seierstad og forlaget Cappelen Damm. Bakgrunnen er utgjevinga av Åsne Seierstad si bok Bokhandleren i Kabul, som familien hevdar har spreidd krenkande og senitive opplysingar som har sett dei i livsfare.

Bohandlaren sin advokat Per Danielsen argumenterte i retten for utanlandsk lovgjeving burde brukast fordi verknaden av skaden i denne saken er størst i Afghanistan.

- Eg har snakka med familien allereie, dei synest det er heilt greitt. Det er ikkje så viktig som Seierstad skal ha det til, om ein vel det eine eller andre landet sitt rettsystem. Begge land respekterer ytringsfridomen, seier Per Danielsen om dommen frå Høgsterett.

Held fram i tingretten

Danielsen meiner dessutan at Høgsterett ikkje har teke stilling til det prinsippielle spørsmålet, om ein skal kunne bruke eit anna land si lovgjeving dersom det er gode argument for det. I staden meiner han at Høgsterett teke stilling i denne konkrete saka.

- Men det er i tingretten det store spørsmålet vil verte avgjort, dette var berre eit spørsmål om lovvalet, seier Danielsen.

- Hittil har vi vunne i alle instansar og vi håper at vi framleis har ei så god sak at det vil halde fram, seier Seierstad om den vidare prosessen.

Erstatningssaka mot Åsne Seierstad vil no halde fram i tingretten, seier advoktat for familien Rais, Per Danielsen.