Hopp til innhold

Valkampen engasjerer

Mediesatsinga på stortingsvalet kastar av seg. 95 prosent av oss følgjer med på valkampen.

Fjernsynsdebatt
Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

Sjå debatten her: Partileiardebatt

Norske medier satsar stort og breidt på haustens valkamp. Det har dei også all grunn til, syner ei ny undersøkjing Synovate har laga for NRK.

Eit utval på 1045 stemmeberettiga nordmenn har blitt spurt om sine medievanar og preferansar i samband med stortingsvalet.

Stort engasjement

7 av 10 oppgjev at dei er særs eller ganske interesserte i politikk, menn er meir interesserte enn kvinner, og heile 95 prosent av dei spurde kjem til å følgje valkampen og stortingsvalet.

Nesten like mange, 84 prosent, seier at dei er sikre på at dei skal stemme. Og over halvparten har allereie bestemt seg for kven dei skal stemme på, ein knapp månad før valet.

66 prosent av dei spurde meiner nyheiter er særs viktig for kva parti ein vel å stemme på.

Tv-mediet vinn valet

Når nordmenn skal følgje valet, vel dei fleste framleis fjernsynet. 80 prosent av dei spurde forventar at tv-kanalane gir den mest relevante informasjonen.

Statskanalen har framleis tillit - 69 prosent trur dei finn mest relevant informasjon om valet på NRK1, medan 48 prosent går for TV2.

Interessant nok er det like mange som føler dei finn mest relevant info på mediefora som Facebook - tre prosent - som på TVNorge og Radio Norge til saman.

VG og Aftenposten vinn på nett

Nina Owing og Atle Bjurstrøm

Nina Owing og Atle Bjurstrøm leiar partileiardebattane på NRK1.

Foto: Oddvin Aune, NRK

Vg.no går sigrande ut av kampen på internett. 35 prosent føretrekkjer å lese nyheiter på denne nettsida.

Men i valkampdekninga, trur flest på aftenposten.no.

23 prosent av dei spurde trur nettsida vil ha mest relevant informasjon, medan 18 prosent trur nettsida vil prege valkampen gjennom nyheiter og debattar.

Heller lokalavis enn riksavis

Medan nesten 9 av 10 trur tv vil setje dagsorden under valkampen, trur berre annankvar nordmann at avisene vil gjere det samme.

Mellom avisene, er det lokalavisene som går sigrande ut - 26 prosent føretrekkjer å lese valnyheiter i lokalpressa.

Blant papiravisene, er det Aftenposten som har mest kredibilitet. 32 prosent av dei spurde trur den mest relevante informasjonen om valet blir å finne her.

Mest tillit til P1

Radio er ein fattig prosent meir relevant enn nettet for valstoff, skal ein tru undersøkjinga. 39 prosent av dei spurde trur at dei viktigaste sakene og debattane under valkampen blir å finne på radio.

På radio, føretrekkjer 44 prosent av dei spurde å høyre nyheiter på NRK P1, medan 22 prosent helst skrur seg inn på P4.

1 av 3 trur NRK P1 kjem til å ha nyheitene og debattane som pregar valkampen.

Kultur engasjerer

Kvar fjerde nordmann er mest oppteken av kultur som politisk sak. Dette er meir enn både forsvar (12 prosent) og bistand (10 prosent).

Viktigast er likevel utdanning og forsking, heile 64 prosent av dei spurde engasjerer seg mest i dette, etterfølgt av helse og omsorg med 60 prosent.

Gelius er audmjuk

Jon Gelius

Jon Gelius.

Foto: Bjørn Sigurdsøn / Scanpix

Nyheitsredaktør Jon Gelius er audmjuk overfor folkets tillit og forventingar til NRKs valdekning.

- Dette er ein ekstra stor spore til fornya innsats i nyheitsjournalistikken. Tillit er ikkje noko ein plukkar opp tilfeldig, men noko ein opparbeider seg over tid. Makan til tillitserklæring skal ein leite lenge etter, seier Gelius til nettsida Kampanje .

  • I går starta valkampen på NRK for fullt med partileiardebatt på NRK1. Sjå debatten her: Partileiardebatt

I kveld blir det utspørring av lederen i Fremskrittspartiet, Siv Jensen kl. 21:30 på NRK1.

Kulturstrøm

  • Gåte er fornøyd, men spente

    Til NRK sier Gåte at de er fornøyde med plasseringen de har fått i sin semifinale, men at de samtidig er spente på stemningen i salen etter Israels opptreden.

    Tidligere tirsdag ble det kjent at Norge opptrer rett etter Israel i den andre semifinalen i Malmö 9. mai. EBU har fått kritikk fra flere hold for å la Israel delta.

    Jim Ødegård Pedersen, leder folkejuryen Adresse Malmö, tror det kommer til å gå bra. Men sier at Israels bidrag ikke er det enkleste å opptre etter i år. Også han er spent.

  • Madonna avslutter turné med stor gratiskonsert

    Madonna skal holde en enorm gratiskonsert på Copacabana i Rio de Janeiro 4. mai som avslutning på Celebration-turneen som startet i oktober.

    På Madonnas nettside omtales konserten som hennes «største show hittil». Den er en «takk til fansen for å ha feiret musikken hennes i mer enn fire tiår».

    Madonna
    Foto: Evan Agostini / AP