Hopp til innhold

Utviding av krisepakke til lyd og lys: – Utan desse vert det ingen konsert

I siste liten ønskjer Stortinget å redde fleire aktørar på kulturfeltet. Denne gongen er det selskap som sørger for lys og lyd under konsertar og teater som skal få stønad.

Robyn - Øyafestivalen 2019

ILLUSTRASJONSBILETE: Robyn på Amfiet under Øyafestivalen 2019.

Foto: Tom Øverlie / NRK P3

– Vi har lagt inn 1,5 milliardar i krisepakkar til kulturen, som ikkje har treft lyd, lys og teknikk. No arbeider vi med å inkludere dei i ordninga, slik at vi faktisk får sjå ein konsert att. For utan desse vert det ikkje noko konsert.

Kristin Ørmen Johnsen

Kristin Ørmen Johnsen (H) er leiar for Familie- og kulturkomiteen på Stortinget.

Seier Kristin Ørmen Johnsen (H) som er leiar for Familie- og kulturkomiteen på Stortinget.

Tidlegare har konsertarrangørar og andre som lagar kulturarrangement fått krisepakkar som skal hjelpe dei gjennom koronakrisa. Avlyste konsertar, festivalar og store avgrensingar i forhold til talet på publikummarar har vore nokon av konsekvensane pandemien har hatt på bransjen.

No har regjeringa sendt eit vedtak til departementet som skal inkludere underleverandørane i konsert- og scenebransjen i krisepakkane.

– Tidlegare har dei falle mellom to stolar, men no skal dei som arbeider med lys, lyd og teknikk også få ta del i krisepakkane.

Fleire selskap som driv med scenerigging har allereie gått konkurs, men stønadsordninga skal no hjelpe fleire med å kome seg gjennom sommaren.

– Vi må passe på at ikkje denne kompetansen forsvinn og selskapa går konkurs. So må vi sjå på korleis dei skal overleve hausten.

Johansen påpeiker at det framleis er store avgrensingar på talet på publikummarar og at det difor vil ta tid før ein kan halde store arrangement att.

– Tre månadar med kamp

Hans Ole Rian

Hans Ole Rian er forbundsleiar i Creo, forbundet for kunst og kultur. Han er glad for at bransjen endeleg verte høyrd.

Foto: Emily Louisa Millan Eide / NRK

Hans Ole Rian er forbundsleiar i Creo, forbundet for kunst og kultur. Han er glad for å endeleg verte høyrd.

– Stemmer dette er det svært bra. Endeleg har vore avgjerdstakarar skjønt at for å ha eit levedyktig kulturliv etter koronakrisa, so må alle delar av kulturlivet verte kompensert.

– Dette har ein samla bransje kjempa for i snart tre månadar.

Ein av dei største aktørane innan lyd og lys gjekk konkurs for ei stund sidan. Fleire vurderer å leggje ned drifta sidan dei ikkje har fått kompensert dei store økonomiske tapa etter avlyste festivalar, turnear og konsertar. No er håpet at utvidinga av krisepakken skal hindre fleire konkursar.

Rian meiner at stønaden må verte gitt med tilbakeverkande kraft.

– Mange har allereie gått på svært store tap, heilt sidan starten av mars. So vi forventar at regjeringa kompenserer for inntektene som har gått tapt heilt sidan då. At det ikkje berre vert kompensert frå i dag.

– Vi ligg på ein knivsegg

Selskapet RiggPartner AS som er leverandør av utstyr og materiell til arrangement-, event- og festivalbransjen er på randa til å gå konkurs.

Portrett av Knut Dyresen, dagleg leiar i RiggPartner AS

Knut Dyresen, dagleg leiar i RiggPartner AS.

Foto: Privat

– Vi skal overleve, men alle tilsette er permitterte, og vi tener cirka 2 prosent av kva vi pleier å gjere. So vi reknar med at at over 90 prosent av årsomsetninga vår er borte.

Han er positiv til at dei som leverandørar snart kan søke stønad for å dekke tapte utgifter.

– Dette verkar svært positivt! Det vil vere eit godt bidrag for å kome oss gjennom krisa.

– Men vi har ikkje fått noko særleg med bestillingar for 2020, so då er det viktig at ein ser på omsetninga selskapet hadde i 2019, og ikkje 2020 når det kjem til stønad.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.