Vidar Riseth meiner utdanning eller jobb er viktig for å lukkast med toppidrett

ZADAR (NRK): Vidar Riseth meiner unge utøvarar som tenkjer idrett 24 timar i døgnet ikkje har sjanse til å lukkast. Sjølv jobba han med hytteutbygging då han var på toppen av fotballkarrieren.

Vidar Riseth

MEIR ENN FOTBALL: Vidar Riseth er oppteken av at unge idrettsfolk må skaffe seg fleire bein å stå på.

Foto: arne sørenes / nrk

Vidar Riseth vart tredjemann ut av å «Mesternes Mester»:

– Det har vore heilt fantastisk. Vi har klikka så godt saman, og i deltakarhuset har vi hatt det ufatteleg moro.

Men i det fjerde programmet i den populære NRK-serien var det brått over. Den tidlegare fotballproffen møtte veggen då «fokus» var tema for konkurransane. Han enda heilt sist og rauk ut etter å ha møtt snøbrettkøyrar Kjersti Buaas i nattesten:

Vidar Riseth

UTSLÅTT MEN IKKJE NEDSLÅTT: Vidar Riseth vart tredjemann ut av årets utgåve av «Mesternes Mester.» Etterpå fekk han god tid til å slappe av, bade og trene saman med dei andre utslåtte deltakarane.

Foto: arne sørenes / nrk

– Dagen før gjorde eg det veldig bra. Men den dagen eg rauk ut så synest eg det var fullt fortent. Eg hadde ikkje fortent å gå vidare etter den dagen der.

Riseth hadde trent mykje i tida før «Mesternes Mester», og følte han var god førebudd.

– Øvingane i starten passa meg veldig godt. Det var litt styrke og litt forskjellig. Men brått så kjem vi og så skal vi byrje å telje alt ifrå morellar til… Ja, gud veit alt som var inni der, flirer Riseth.

– Eg bomma med ein morell, og då er det klart at reknestykket kan bli litt feil.

Meisterliga og hytteutbygging

I november 2007 var Vidar Riseth kaptein for Rosenborg då trønderane slo det spanske topplaget Valencia 0-2 på bortebane i Meisterligaen. Samstundes jobba han nesten full tid med hytteutbygging i heimkommunen Frosta ved sida av fotballen.

Riseth har 52 landskampar for Noreg, og var med då Noreg slo Brasil 2-1 i den legendariske VM-kampen i 1998. Han meiner det er viktig at unge talent driv med meir enn idrett dersom dei skal lukkast på toppnivå:

– Ein må ha noko å fylle dagane med. Om det er jobb eller utdanning spelar inga rolle, seier Riseth.

Etter ei lang karriere i norsk og internasjonal fotball har Riseth sett det meste. Han hugsar mange medspelarar som berre tenkte på fotball:

– Det var mange av dei som satsa som var mest opptekne av å slappe av etter trening. Så sat dei og spela Playstation på natta etter trening, og snudde opp ned på døgnet.

SPORT SOCCER

PÅ TOPPEN: Vidar Riseth på ryggen til Mark Viduka og Ian Wright 30. oktober 1999. Viduka scora tre mål på fem minutt då Celtic slo Kilmarnock 5-1 heime på Celtic Park i Glasgow.

Foto: JEFF J MITCHELL / REUTERS

Riseth såg mange som stagnerte. Då han kom tilbake til Rosenborg i 2003 etter proffopphald mellom anna i skotske Celtic og tyske 1860 München, ville han fylle dagane med meir enn fotball. Han reiste heim til Frosta på fritida og var med på å utvikle eit firma som i dag tel 32 arbeidsplassar og driv med alt frå hyttebygging, pukkverk og anleggsverksemd.

For Riseth vart det viktigare og viktigare med struktur for å takle tilværet som profesjonell fotballspelar:

– Eg laga meg eit tidshjul, og så la eg opp tid til familie, tid til trening, tid til jobb og tid til søvn. Det var viktig, for då kunne eg kople heilt ut. Og når eg då kom tilbake på trening, så var eg på. Men eg hadde det like gøy som dei andre, altså.

Sponsorsjef og handballpappa

Då fotballkarrieren var over i 2009 hadde Riseth hyttefirmaet å falle tilbake på. Men så kom Ole Robert Reitan og spurde om han ville vere sponsorsjef i Rema 1000.

– Det var draumejobben min, så for min del så har det vore heilt fantastisk å gje seg.

Som sponsorsjef held Riseth tett kontakt med idrettsmiljøet i Noreg. I tillegg har dottera Sofie etablert seg som handballspelar i elitegruppa til Byåsen.

– Ho satsar for fullt, men eg har vore veldig klar på at ho må ha noko å gjere i tillegg, fortel han.

No jobbar 19-åringen på eit lokalt kaffibrenneri utanom treninga. Det er handballpappa Riseth glad for:

– Du kan vere toppidrettsutøvar sjølv om du studerer eller gjer noko anna på sida. Men det er viktig å legge til rette. For dersom du går og tenkjer på idrett 24 timar i døgnet, ja då har du ikkje sjanse til å nå toppen.

Rådet hans, både til dottera Sofie og andre som vil lukkast innan idretten, er glasklart:

– Få deg utdanning, eller få deg ein jobb som du ikkje blir så sliten av at det går ut over satsinga. Det trur eg er nøkkelen til suksess.

Deltakere, Mesternes mester, sesong 11

MEISTERMØTE: Vidar Riseth, ståande lengst til høgre, er ein av ti tidlegare meistrar som er med i den 11. sesongen av «Mesternes Mester.»

Foto: Stipe Surac/NRK

Kulturstrøm

  • 6-er til nytt Billie Eilish-album

    Billie Eilish er stemmen til en hel generasjon, og hun behandler det ansvaret med et enormt talent, stor respekt og uredd nyskapelse på albumet «Happier Than Ever», ifølge NRKs musikkritiker Espen Borge. Terningkast 6.

    Plateomslag til albumet "Happier than ever" av Billie Eilish
    Foto: Universal
  • Første kvinnelige «Doctor Who» ut

    Jodie Whittaker, som har spilt den 13. doktoren i serien, har vært i rollen siden 2017. Variety skriver at hun nå forlater den suksessfulle BBC-serien, som har blitt sendt siden 1963. Whittaker var den første kvinnelige doktoren i rollen.

    Jodie Whittaker
    Foto: MAX NASH / AFP