NRK Meny
Normal

Uroa for mobilbruk, men foreldre seier ikkje nei

Foreldre meiner barn er altfor unge når dei tar i bruk mobilen – likevel gir nesten alle barna sine lov til å vere på sosiale medium.

Foreldre bekymra for mobilbruk blant barn og unge

IKKJE FULL KONTROLL: Bård Gundersen synest ikkje det er like lett å ha kontroll over kva sonen Jørgen Torkildsby (12) gjer på sosiale medium. Det synest Jørgen er like greitt.

Foto: Nils Tore Hjørnevik / NRK

– Burde vi vore strengare med deg?

Det er Bård Gundersen som spør sonen, 12 år gamle Jørgen Torkildsby. Jørgen har nettopp fortalt NRK at foreldra hans ikkje er særleg strenge når det kjem til sosiale medium.

– Nei, nei, ikkje strengare. Eg må ha fridom utan å bli passa på. Det hadde ikkje vore kult om du overvaka meg, sjekka kva eg likte og kven eg følgjer, seier Jørgen og ser opp på faren.

Uroa foreldre

Ei undersøking marknadføringsbyrået Penetrace har utført for Telenor, viser at 55 prosent av foreldra til barn mellom 10 og 15 år er uroa over tryggleiken til barna på nett og mobil.

Elisabeth Staksrud

IKKJE OVERRASKA: Elisabeth Staksrud trur mange foreldre er uroa for barna fordi dei ikkje har kontroll på sosiale medium sjølve.

Foto: UiO

Førsteamanuensis Elisabeth Staksrud ved Institutt for medium og kommunikasjon ved Universitetet i Oslo er ikkje overraska. Ho meiner uroa delvis kjem av at foreldre manglar kompetanse.

– 34 prosent seier at dei deler bilete av familie og vener på sosiale medium. Samtidig er dei usikre på om dei har open eller lukka profil. Denne utryggleiken blir spegla over til uroa for eigne barn, seier Staksrud.

– Barna lager reglane

Bård Gundersen er ikkje veldig uroa over nettvanene til sonen, men kjenner seg igjen i å ikkje ha mykje erfaring med sosiale medium.

– Det er vel derfor mange blir uroa, fordi vi ikkje veit så mykje om det. Vi vaksne kan lære bort kva som er rett og gale i livet. Men korleis ein skal oppføre seg på nett kan vi ikkje, det er dei unge veks opp i dag som lager reglane, seier Gundersen.

Måtte mase, men fekk til slutt

Undersøkinga til Telenor viser at 57 prosent av foreldra meiner barna er for unge når dei tar i bruk nett og mobil. Likevel er det berre ti prosent av barna som har forbod mot sosiale medium.

Ei av årsakene kan vere at foreldra meiner barna lærer noko. I undersøkinga har 86 prosent av foreldra svart at dei meiner barna får viktig kunnskap når dei bruker nett og mobil.

– Eg måtte mase litt før eg fekk lov til å bruke Instagram og Snapchat, fortel Jørgen Torkildsby.

– Vi var litt skeptiske, men argumentet med at alle i klassen brukte det var med på å avgjere saka, seier Bård Gundersen.

Han meiner dessutan at det kan vere fint med dei nye plattformene som ikkje var der då han vaks opp.

– Ungane er sosiale på ein heilt annan måte enn det vi var, sjølv om det ikkje er fysisk. Det synest eg er fint. Så får vi heller snakke saman om kva som er rett og gale.