Kulturminister åtvarar før fransk filmprisutdeling

Roman Polanski kan bli den store vinnaren når den franske filmprisen César blir delt ut fredag kveld. Det har sett sinna i kok, og den franske kulturministeren åtvarar.

Roman Polanski

Roman Polanski er framleis ein kontroversiell mann i filmverda, over 40 år etter han flykta frå USA på grunn av skuldingar om valdtekt av ei 13 år gammal jente.

Foto: Charles Platiau / Reuters

Prisutdelinga fredag kveld skulle vere ei feiring av fransk filmindustri, men har i staden ført til ein bitter kulturstrid.

Samstundes med at prisutdelingen deles ut fredag kveld, er det høylytte protestar i gatene utanfor. Politiet skal ha brukt tåregass mot demonstrantene.

Polanski er skulda for å ha valdteke ei då 13 år gammal jente i Los Angeles.

Juryen trakk seg

Då nominasjonane til César-prisen blei presentert for to veker sidan, blei filmen «En offiser og en spion» av Roman Polanski nominert til 12 prisar.

Men Polanski er framleis ein kontroversiell mann i filmverda, og reaksjonane då nominasjonslista blei presentert, var så sterke at heile juryen valde å trekke seg.

Det var fleire som oppmoda til boikott av prisutdelinga fredag kveld. Blant dei som ikkje kjem til å kome, er Brad Pitt som skulle ha fått ein ærespris. Ut frå omstende skal han ha tenkt at det var best å la vere, melder AFP, som siterer avisa Le Parisien.

Åtvarar mot gi Polanski pris

Polanski-filmen er framleis nominert til 12 prisar, og er favoritt til å vinne blant anna kategorien beste film.

Men den franske kulturministeren, Franck Riester, meiner det vil vere uheldig å gi Polanski prisar i ei tid etter metoo.

– Det vil sende eit feil signal, seier han til fransk radio.

Emmanuelle Seigner, ektefellen til Roman Polanski, mottar sølvløven for filmen "En offiser og en spion" under filmfestivalen i Venezia 7. september 2019.

«En offiser og en spion» vann Sølvløven under filmfestivalen i Venezia i september i fjor. Emmanuelle Seigner, som er kona til Polanski, tok imot prisen på vegner av ektemannen.

Foto: Alberto Pizzoli / AFP

Den franske likestillingsministeren, Marlene Schiappa, har også sagt at fransk film framleis ikkje er i takt med samfunnet elles etter metoo.

Det er annonsert demonstrasjonar utanfor seremonien fredag, for å vise motstanden mot nominasjonane. Polanski seier heller ikkje han kjem til å delta på utdelinga fredag, i frykt for det han kallar offentleg lynsjing.

– Det verkar som om det er dårlege forhold for ein film som handlar om forsvar av sanninga, kampen for rettferd, mot blindt hat og antisemittisme.

Demonstranter med plakater med voldtektsanklager mot Roman Polanski.

I desember var det demonstrasjonar mot Roman Polanski utanfor ein kino i Paris. Fredag kveld er det venta fleire demonstrasjonar under César-utdelinga der filmen til Polanski er nominert til 12 prisar.

Foto: Christophe Archambault / AFP

Ein av få kulturpersonlegdommar som tek regissøren i forsvar er den franske filmstjerna Brigitte Bardot.

– Vi bør vere takknemlege for at Polanski er i live og reddar fransk film frå å vere middelmåtig. Eg dømmer han ut frå talentet han har, ikkje privatlivet hans, seier ho ifølge Reuters.

Flykta frå USA

Den no 86 år gamle regissøren er framleis etterlyst av amerikansk politi etter at han i 1977 blei skulda for å ha valdteke ei då 13 år gammal jente i Los Angeles.

Polanski vedgjekk at han hadde hatt ulovleg sex med 13-åringen, men hevda ho hadde samtykka.

I 1978 flykta han frå USA til Frankrike, der han framleis bur. Regissøren har vore nøye med å berre reise til land som ikkje har utleveringsavtale med USA.

I kjølvatnet av Weinstein-saka, var det fleire kvinner som stod fram med skuldingar mot Polansi om ting som skulle ha skjedd på ulike tidspunkt i karrieren hans. Regissøren har avvist skuldingane.

Kulturstrøm

  • Filmen «Top Gun Maverick» utsatt

    Premieren på oppfølgeren til 80-tallsfilmen «Top Gun» er utsatt til desember, melder nyhetsbyrået AP. Filmen med Tom Cruise i hovedrollen skulle hatt verdenspremiere i juni, men på grunn av korona-epidemien er ny premieredato satt til 23. desember.

  • Pink testet positivt for korona

    Sangeren Pink opplyser at hun har og hennes tre år gamle sønn har testet positivt for koronaviruset. Hun sier at hun og sønnen hadde symptomer for to uker siden, og at de da testet positivt. Familien har siden holdt seg i hjemmekarantene.

Flere kulturnyheter

Hjemmekontor kan være ensomt, også for KORK, men hvem blir ikke glad av å spille denne udødelige klassikeren alenesammen?

All By Myself med KORK (Korona edition)

Hjemmekontor kan være ensomt, også for KORK, men hvem blir ikke glad av å spille denne udødelige klassikeren alenesammen?