Eit godt tips kan føre til så mangt. Lise følgde rådet om å sende inn songen "I can forget" til P1 demo. Det førte til at ho er eit steg nærmare draumen om å leve av musikken.
Fått god hjelp
For tida er Lise elev ved allmennfag på Brønnøysund Vidergående Skole. Teksten til "I can forget" har ho laga sjølv, medan ho har fått hjelp til melodien.
- Eg kom i kontakt med Sven Ektvedt gjennom heimesida han har på internett. Han skriv melodiar. Hadde det ikkje vore for han hadde eg aldri vore der eg er i dag, seier Lise.
Vil halde konsert
17 åringen brukar svært mykje tid på musikk. Draumen er å halde ein eigen konsert med eigne låtar.
- Eg hentar inspirasjon frå ting som skjer rundt meg i kvardagen.
Songen "I can forget" er ein svært fengande poplåt som du raskt klarer å nynne til.