Av:
Gaute Heivoll
«Ungdomssangen»
Tiden Norsk Forlag 2005
OK, eg startar med handlinga og med Kaisa. Kaisa Ljungström er i 1972 journalist i Aftonbladet, nygravid og på veg til å intervjue Friedrich Jürgenson i Mölnbo. Dit tek ho tog, og på toget møter ho bror sin og han har også ei historie, men den må få liggje her, vi får halde oss på hovudsporet til Mölnbo og Jürgenson.
Stemmfangaren
Det er sjeldan eg «googlar» romanpersonar, men eit nettsøk på Jürgenson viste faktisk at han i 1972 var ein lys levande person, som i tillegg til å vere tidlegare operasongar og dåverande målar, dreiv med å fange opp stemmer til døde personar. Dels på lydband og dels på radio. Både kjente og ukjente kom med meldingar, og felles for dei alle er at dei snakkar gebrokkent tysk-svensk og at dei strengt tatt ikkje har så mykje på hjartet, dei har det kaldt og dei helsar dei levande.
«Ungdomssangen» er ein uvanleg roman. Ikkje først og fremst på grunn av stemmene til Jürgensson, som for så vidt er uvanlege nok, så vidt eg veit, men fordi Gaute Heivoll skaper fortetta stemningar gjennom kresen språkbruk og handplukka detaljar. Historiene blir lada og underfundige, gjerne med ein undertone av skam eller noko urovekkande.
Dessutan driv han - som dei døde, faktisk - med å sende hemmelege meldingar med teksten sin, små hint og skjulte sitat flettar seg inn og utvidar assosiasjonsrommet, som ikkje var lite frå før. Og store rom er fint, det, men skal ein kome med noko kritisk til denne fascinerande romanen må det vere at her er det lassa litt for mykje på, - ikkje av assosiasjonar, men av personar og handlingsforløyp, og ikkje alle får liv. Eller sagt på ein annan måte: dei vi blir kjent med i vaksen alder gløymer vi fort.
Dessutan: Heivoll er tydeleg oppteken av det som finst mellom himmel og jord, i første romanen var det UFO-ar denne gongen er det stemmer. Likevel er det dét som skjer mellom dei levande og jordiske som sit igjen. Men det er vel greitt nok, det?
Kulturnytt, NRK P2, 16. november 2005
Lyd og video
- Heivoll, Gaute
- anmeldelsen av «Ungdomssangen»
- Anmeldelser romaner/noveller
- Bokanmeldelser
- Gaute Heivoll
Lenker