Det finst kanskje andre stadar i verda, men her i Noreg er dette den einaste. Å få spele for 8.000 menneske utan at ingen veit kven du er. Ingen rotar vekk sjansen å få spele på Norwegian Wood. Banda på NRK scenen søndag ville gjerne vise seg fram på best mogeleg måte. Med ei slik innstilling bør det meste kunne gå bra. Eit strålande sol la alt til rette for dei fire siste banda etter suksess på laurdag.
Litt for tøft
Namsosbandet Thereel hadde ei svært vanskeleg oppgåve som første band ut på NRK scenen denne søndagen. Vanskar med teknikken gjorde oppgåva enda tyngre. Bandet frå Midt Noreg, ville likevel litt meir enn teknikken. Thereel var eit entusiastisk band som gav alt for eit publikum som ikkje hadde kome heilt i stemning i Frognerbadet.

Alley Apple var representert med egne fans.
Varm rock
Med sola midt på himmelen, tusenvis av selde halvlitarar og ein varm konsert frå Bo Kaspars Orkester blei det lettare for Sissy Dogfish. Ålesundsbandet gleda dei som stilte seg opp foran NRK scenen. Dette er eit godt norsk rockeband du bør få høyre meir til.
Bandet viser at det ligg tusenvis av øvingstimar bak ein slik minikonsert, og gav ut gratis sjølvfinansierte cd-ar for å få med seg publikum. Eit ekstra pluss til den entusiastiske vokalisten Robert Fylling på gitar. Sunnmøringen hadde kanskje lært av Iggy Pop, Fylling avslutta konserten med å hoppe ut blant publikum.
Gode melodiar
Oslobandet Alley Apple var tredje artist ut på NRK scenen. Eit veletablert band som hadde mange gode melodiar på lager. Med erfaring frå konsertar saman med Briskeby og deLillos hadde bandet ingen vanskar med å ta vare på publikum. Fleire sette seg godt til rette under konserten og likte tydelegvis det bandet hadde å by på.

Frode Aga og resten av Popscore viste eit tydeleg talent på NRK scenen.
Glad pop frå fjordar og fjell
Gode poppmelodiar høyrer ikkje berre til i hovudstaden. Popscore frå Sogn og Fjordane har nyleg gitt ut ein EP med svært gode kritikkar. Det er likevel eit stort steg frå studio til tusenvis av publikum.
Popscore hadde på ein eller annan måte funne ut at her måtte ein berre gripe sjansen. Bandet fekk verkeleg med seg publikum som sette pris på dei flotte poplåtane. Norske plateselskap som ikkje vil høyre meir av denne gjengen bør skamme seg. Lytt til Øvre Årdal og lytt til Popscore.

Banda på NRK scenen søndag, hadde ingen vanskar med å hoppe etter Wirkola-gjengen på laurdag. Gled dykk over norsk pop i åra som kjem!