Ulrikke Brandstorp tilbake i Maskorama: – Ingenting er sikkert

På laurdag skal fjorårets vinnar Ulrikke Brandstorp, Sandra Lyng og Bilal Saab synge duett med maskene i Maskorama. Den siste artisten er foreløpig hemmeleg.

Ulrikke Brandstorp

TROLLET: Ulrikke Brandstorp skapte i fjor full forvirring rundt Trollet i fjorårets Maskorama.

Foto: Alexander Vestrum / Alexander Vestrum

Det blir så stas. Eg kosa meg utruleg mykje i fjor, skriv Ulrikke Brandstorp på tekstmelding til NRK.

Samtidig blir det veldig deilig å kunne vere tilbake utan å vere stressa for å avsløre noko, legg ho til.

I fjor vann ho Maskorama i det berømte troll-kostymet.

25-åringen frå Sarpsborg lurte alle då ho plutseleg dukka opp som duettpartnar med Vikingen rett før Trollet skulle synge sin song.

Ulrikke Brandstorp og Vikingen femte sending av Masorama

DUETT: Ulrikke Brandstorp og Vikingen song saman i femte sending av Maskorama i fjor.

Foto: Julia Marie Naglestad

Også i år er det fleire som trur at Brandstorp er med – som Bamsen.

Lurer Ulrikke oss igjen?

Det er veldig stas at folk trur eg er med igjen i år, men nå kan eg med 100 % sikkerheit seie at eg ikkje er inni eit av kostyma. Eller kan eg det? spør ho lurt.

For korleis kan vi eigentleg vite at ho ikkje lurer oss på same måte i år som i fjor?

På det svarer Ulrikke:

Er det ein ting som er sikkert med Maskorama, så er det at ingenting er sikkert ... Hehe!

  • Høyr Maskorama-podkasten i NRK Radio og få med deg hinta du ikkje får andre stadar.

– Trur eg veit kven det er

I tillegg til Brandstorp skal artist og forfattar Sandra Lyng, og artist Bilal Saab vere blant duettpartnarane.

Gjestedommar i Stjernekamp, Sandra Lyng

DUETT: Artist Sandra Lyng er ein av duettpartnarane i Maskorama på laurdag. Her frå Stjernekamp i år der Lyng var gjestedommar.

Foto: Julia Marie Naglestad

Det er ennå ikkje kjent kven som skal synge med kven, men Bilal gler seg.

Det blir veldig artig og interessant å vere med på Maskorama, seier «Stjernekamp»-vinnaren frå 2019.

Spesielt spennande blir det nok å synge med nokon ein ikkje veit kven er, sjølv om eg trur eg veit kven det er, legg han til.

Han får støtte av Sandra Lyng:

– Det er eit rått program. Det er som Melodi Grand Prix på steroid, seier ho.

– Eg likar bamsar

Også Lyng har blitt trekt fram som mogleg kjendis i Bamsen, noko ho verken bekreftar eller avkreftar.

Bamsen maskorama

SANDRA LYNG?: Kan bamsen vere Sandra Lyng eller er det nokon andre?

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

– Kva skal eg seie til det? Eg likar bamsar, seier ho løyndomsfullt.

Kan det vere at du gjer som Ulrikke gjorde i fjor?

– Nei, det blir jo litt vanskeleg. Det går vel ikkje an å skifte så fort? spør ho lurt.

Nytt hint frå Snømonsteret

I dagens episode av Maskorama-podkasten kjem det eit nytt hint frå Snømonsteret.

Programleiaren for podkasten, Sarah Natasha Melbye, får nemleg levert tre skistavar med helsing frå monsteret.

Høgre-politikaren Henrik Asheim og TV-programleiaren Synnøve Skarbø, som er dagens gjestar, lurer fælt på kva det kan vise til.

– Betyr tretalet noko spesielt? utbryt dei i kor.

Siste duettpartnaren er hemmeleg

Mange har vore innom at det er artisten Didrik Solli Tangen som er Snømonsteret. Han ligg blant anna på toppen på lista i VGs Maskorama-profeten.

Didrik Solli Tangen synger opera i Stjernekamp

SNØMONSTERET?: Mange har gjetta på at det er artist Didrik Solli-Tangen som er snømonsteret.

Foto: NRK

Det er framleis hemmeleg kven som er den siste duettpartnaren på laurdag.

– Er det da Didrik Solli-Tangen? spør Melbye i podkasten.

– Og som syng duett med Snømonsteret? Det hadde vore gøy, seier Skarbø og Asheim i kor igjen.

Det får vi vite på laurdag kl. 19.50 på NRK 1 eller i NRK TV.

Kulturstrøm

  • Johnny Depp skal spille den franske kongen Ludvig XV

    Johnny Depp skal spille den franske kongen Ludvig XV i en film av den franske regissøren Maïwenn Le Besco.

    Regissøren selv, som begynte sin karriere som barneskuespiller, skal spille rollen som kongens siste elskerinne Jeanne du Barry, skriver Variety.

    Maïwenn har tidligere laget filmer som «Police» og «Seduced».

    Ludvig XV styrte Frankrike i 59 år og ble kalt «den elskede». Han hadde flere kjente elskerinner, blant dem var også Madame de Pompadour.

    Rollen blir Johnny Depps første siden han tapte et ærekrenkelsessøksmål mot britiske The Sun, angående en artikkel der Hollywood-stjernen ble kalt konemishandler etter anklager fra ekskona Amber Heard.

    Depp har i flere intervjuer nylig hevdet at han nå er «boikottet av Hollywood» og at kulturen der menn anklages for overgrep er basert på løse rykter.

    (NTB)