Ukraina vann Eurovision Song Contest 2022. Det er tredje gongen dei vinn konkurransen.
– For det første vil eg takke alle ukrainarar i heila verda, og alle i Europa som stemte på Ukraina. Sigeren er svært viktig for Ukraina, særleg i år. Hjarteleg takk.
– Alle sigrar for Ukraina er viktige i desse tider. Dei siste månadane har ukrainsk kultur blitt angripe. Vi er her for å vise at ukrainsk kultur og musikk lever.
Det sa frontmann i vinnarbandet Kalush Orchestra, Oleh Psiuk under pressekonferansen etter sigeren.
Trur de at folk stemte på dykk grunna situasjonen landet er i?, fekk dei spørsmål om.
– Songen var nummer éin ifølge fleire bookmakerar. I det siste har eg også høyrt songen i fleire land vi har besøkt dei siste vekene.
Fekk helsing frå presidenten
Kalush Orchestra har ikkje fått ein telefon frå presidenten, og seier han er oppteken med andre ting i det krigsråka landet dei kjem frå. Men dei har likevel fått ei indirekte helsing.
– Musikken vår erobrar Europa, skriv Ukraina sin president Volodymyr Zelenskyj på Telegram etter sigeren.
– Neste år er Ukraina vertskap for Eurovision. For tredje gong i historia. Og eg trur at det ikkje er den siste. Vi skal gjere vårt beste for å ein dag vere vertskap for deltakarane og gjestane til Eurovision i ukrainske Mariupol, skriv han vidare.
Mariupol er ein av dei hardast råka byane under krigen.
På pressekonferansen etter sigeren var det mange følelsar i sving.
SJÅ VIDEOEN HER
Stemmerekord for det krigsråka landet
Ukraina fekk rekordmange 439 poeng frå publikumsstemmene.
Frå juryen fekk dei berre 192 poeng.
– Eg trur at vi har moglegheit til å arrangere Eurovision i eit fredfylt, samla, oppbygd, velståande og lukkeleg Ukraina, sa Psiuk før finalen.
VOKALIST: Her er vokalist Oleh Psiuk rett etter finalen.
Foto: Heiko Junge / NTBOm to dagar reiser dei tilbake til Ukraina. I pressekonferansen seier dei at dei ikkje er sikre på kva dei skal gjere når dei må returnere, men at dei er klare for å kjempe det dei kan for landet sitt.
Kalush Orchestra framførte songen «Stefania», som handlar om mora til Psiuk.
Mogleg jurystemmemanipulering
Eurovision Broadcasting Union (EBU), som er ansvarleg for konkurransen, melder om «uregelmessige stemmemønster» i jurystemmene frå seks land.
Det skriv dei i ei pressemelding.
EBU har jobba saman med sin stemmepartnar for å berekne eit resultat for kvart land råka, slik at stemmegjevinga deira blir eit resultat som gir meining basert på ulike faktorar.
Eit nøytralt utval har følgt prosessen slik det har gått rett føre seg.
Dei skriv også at dei tek eitkvart forsøk på å manipulere stemmeresultat svært alvorleg.
Det er uvisst kva slags land det er snakk om.
Australia.
Foto: MARCO BERTORELLO / AFPStorbritannia.
Foto: MARCO BERTORELLO / AFPPolen.
Foto: MARCO BERTORELLO / AFPSerbia.
Foto: YARA NARDI / ReutersSiste land ut var Estland.
Foto: YARA NARDI / ReutersStorbritannia rakk nesten heilt opp
Morten Westgaard i Eurovision Norway er i Torino og såg konkurransen frå bakrommet.
Han trudde Storbritannia kom til å nå toppen etter å ha sett dei på scena.
Slik gjekk det ikkje. Storbritannia hamna på 2.-plass, og det stod mellom dei og Ukraina heilt til slutt.
Nederland.
Foto: Luca Bruno / APUkraina.
Foto: Sarah Louise Bennett / EBUTyskland.
Foto: Corinne Cumming / EBULitauen.
Foto: MARCO BERTORELLO / AFPAzerbaijan.
Foto: MARCO BERTORELLO / AFPBelgia.
Foto: YARA NARDI / ReutersHellas med norske Amanda Georgiadi Tenfjord.
Foto: Sarah Louise Bennett / EBUIsland.
Foto: Srah Louise Bennett / EBUMoldova.
Foto: MARCO BERTORELLO / AFPSverige.
Foto: Heiko Junge / NTB– Dette var deilig! Ein stor sal med superflinke jordbuarar som kunne heile songen vår! Jim blei skikkeleg overraska og Keith heldt på å sprekke av glede! Torino har vore heilt fantastisk så langt. Dj Astronaut er litt varm og ønsker seg vifte, seier Subwoolfer til NRK i etterkant av framføringa deira.
Jim og Keith er namna på dei to ulvane i gruppa.
Noreg kom på 10.-plass i årets konkurransen og fekk totalt 182 poeng.
Noregs finalist i årets Eurovision Subwoolfer framfører sin song. Her kan du sjå Subwoolfer
– Ver så snill, hjelp Ukraina
Etter det ukrainske bandet Kalush Orchestra var på scena under finalen bad dei om hjelp.
– Det einaste eg ber dykk om er å hjelpe Ukraina, Mariupol, sa Psiuk, som er kjent for å ha på seg rosa hatt.
Det har blitt spekulert om dei kunne bli diskvalifisert av dette, men den europeiske kringkastingsunionen (EBU) seier til VG at dei ser på dette som ein humanitær kommentar og ikkje ein politisk kommentar.
Millionar av sjåarar
200 millionar sjåarar frå heile Europa og Australia samlast for å sjå dei 25 bidraga som var i finalen av årets konkurranse.
I opningsshowet song eit stort kor songen «Give Peace A Chance» av John Lennon og Yoko Ono.
Opningsnummer: Give peace a chance
– Kva er eg med på?
Amanda Tenfjord frå Sunnmøre representerte Hellas i årets finale. Tenfjord er norsk-gresk, og fekk spørsmål om å bidra i konkurransen for Hellas.
Her kan du sjå norsk-greske Amanda Tenfjord framføre Die Together for Hellas
Sunnmøringen og Hellas kom på 8.-plass i konkurransen.
– Dette var som forventa, beste framføringa ho har hatt til no. Skikkeleg innleving. Dette var rørande, seier Morten Westgaard i Eurovision Norway.
Fleire norske sjansar i årets konkurranse
Ikkje nok med Amanda Tenfjord og Subwoolfer, så hadde vi to nordmenn i bandet We Are Domi som stod for Tsjekkia sitt bidrag i konkurransen.
Benjamin Rekstad på keyboard og Casper Hatlestad på gitar.
Tsjekkia fekk totalt 28 poeng i årets konkurranse og kom på 21.-plass.
– Vi har ikkje i tankane våre sånn «no skal vi vinne». Vi skal køyre showet vårt, kose oss på scena og håpe folk likar det, sa Rekstad før finalen.
«Norske» We are Domi framfører «Light Off» som første låt ut i Eurovisionfinalen 2022.
We Are Domi var første bidrag på scena.
Tsjekkia var det første landet ut under årets Eurovision.
Foto: MARCO BERTORELLO / AFPRomania.
Foto: SARAH LOUISE BENNETT / EBUPortugal.
Foto: MARCO BERTORELLO / AFPFinland.
Foto: Luca Bruno / APSveits.
Foto: Sarah Louise Bennett / EBUFrankrike.
Foto: MARCO BERTORELLO / AFPNorge og Subwoolfer.
Foto: Heiko Junge / NTBArmenia.
Foto: MARCO BERTORELLO / AFPVertslandet Italia.
Foto: Corinne Cumming / EBUSpania.
Foto: MARCO BERTORELLO / AFP