Hopp til innhold

Ukas Urørt (U47) Team Me

Team Me er mi eiga roteskuffe, seier bandets einaste bandmedlem Marius Drogsås Hagen. Låta "Fool" er Ukas Urørt.

Team Me, Marius Drogsås Hagen
Foto: privat

Urørt meiner:

"Fool er en låt som fungerer like bra som et tykt ullpledd i den tidlige vinteren. Team Me har dratt ut kontakten fra laptopen og fokuserer her på organiske instrumenter. De kommer smygende, en etter en, og sammen med stemmen som kjennes ut som den er 4 centimeter fra trommehinnen din, bygges låten sakte opp helt til man står på skyer."

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Trykk på 'pil ned' til høyre i playeren for å laste ned.

Eg er president

Når Marius Drogsås Hagen (24) beskriv Team Me som si eiga roteskuffe veit han kva han snakkar om. For i tillegg til Team Me, er Marius bassist og korist i Jaqueline. Dei har slept to plater og den tredje er på veg.

Han og kompisen Tord frå The Wombats skal også gi ut skive med sitt samarbeidsprosjekt SIN. Ja, også har han nett laga lyd og musikk til spelet Spaceball 2000. Men i Team Me er det berre Marius.

- Der er eg president, seier han til Urørt. Namnet Team Me fann han på for om lag eit år sidan, då datamaskina hans fylte seg opp med sangar og idéar som ikkje passa inn i verken Jaqueline eller SIN.

- Eg tenkte som så at noko av materialet burde få leve sitt eige liv ute på internett og lagde bandet "Team Me", slik at andre kunne få høyre sangane mine.

Streng sjølvkritikk

Det er ikkje uvanleg at Marius finn inspirasjon medan han les ei velformulert setning i eit blad eller ei bok, høyrer ei låt på radio, eller medan han sit på do.

- Eg sit å trommar på låra mine. Men det kjem som regel litt av seg sjølv viss eg har eit riff eller ei melodilinje, fortel han. - Eg er ein sjukt usystematisk kar, har ingen struktur når eg lagar musikk.

Etter at Urørt ringte Marius og fortalte at han vart Ukas Urørt, sette han seg jammen ned å spelte inn eit par låtar til.

Kva handlar "Fool", Ukas Urørte låt, om?

- Sjølvkritikk, personangrep, ego, den greia med at noko fælt må skje før ein innser at ein er glad i nokon eller har det fint.

Ikkje mat duene, dei kan sprekke!

Den største skandalen Marius har opplevd var den gangen han hadde vert i minnestund til ein kompis og han og ein kamerat fekk auge på ein liten handskriven lapp som hang på kyrkjedøra der det stod: "Ver vennleg å ikkje mate duene med ris, dei kan sprekke!"

- Du kan jo tenke deg korleis vi reagerte. Det blei fort skandale! seier Marius. Og innrømmer at han gjer det alle andre vanlege mennesker gjer når han ikkje lagar musikk. - Eg studerer kvantefysikk og samlar på pins. lørdag ser eg split-hoppet til Ivar Dyrhaug og ét heimelaga pizza.

Inspirasjon

Musikkmessig likar Marius Gillian Welch, Steve Earle, Sufjan Stevens, Bright Eyes, Efterklang, Lars Lillo Stenberg, Patrick Wolf, Sigur Rós og Calexico.

Og på Urørt diggar han: Wintermare, Sate Kuban, Kite, Therese Aune, Skydive, Burning days of Silver, Abominat, Samuel Jackson 5, Captain Credible, Rosco, The Murder Mystery, Common Cause, Built for Speed.

Finn ut meir om Team Me og Marius her:

Team Me på Urørt

Jaqueline på Urørt

SIN på Urørt

Team Me i Spaceball 2000

Lydverket er også begeistra for Team Me

Kulturstrøm

  • Tupac-mistenkt siktet for drap

    Politiet i Las Vegas har arrestert en mann mistenkt i drapssaken etter at Tupac ble skutt og drept i 1996, melder nyhetsbyrået Associated Press. Han er siktet for drapet.

    Mannen har selv innrømmet i intervjuer og i en egen selvbiografi fra 2019 at han var i bilen da skuddvekslingen skjedde, skriver NTB.

    Tupac var bare 25 år da han døde.

    Tupac Shakur var også kjent som 2Pac og etter hvert Makaveli – og solgte over 80 millioner album på den tida da folk kjøpte fysiske plater.

    Han var involvert i flere skyteepisoder og var en del av konflikten mellom rapperne på øst- og vestkysten av USA.

    Tupac
    Foto: AP / NTB