Hopp til innhold

Ukas Urørt (U18) Leiv Reed

Vestlendingen Leiv Reed er denne Ukas Urørt med låta "Lazy". - Songane eg lagar hjelper meg til å hugse ting. Dei er som små postkort til meg sjølv, seier han.

Leiv Reed i hagen under innspeling

Leiv under innspeling i hagen.

Urørt meiner:

Leiv Reed driv med smålystig, akustisk country med vakre folk-element. "Lazy" er ei hymne til late sommardagar og sjølvsagt også eit perfekt soundtrack til denne årstida. Overraskande? Neppe. Fint? Veldig.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Det skulle bli ein skikkeleg låt

Leiv Reed starta som gatemusikant med sporadiske spelejobbar. Han har spelt aleine og med venner på scener i Bergen, Kristiansand, Reed, Sandane, Oslo og Trondheim.

Og låta "Lazy" kom som eit resultat av ein heilt vanleg kvardag:

- Songen blei improvisert fram ved Nidelven i Trondheim etter ein lang dag på Dragvoll (universitetet) for nokre år sidan, fortel han. - Ofte tek eg opp på minidisc eller mobiltelefonen. Eg trur denne songen var bortimot tjue minutt lang og etterkvart som eg fann opptaket igjen, tenkte eg at dette kunne bli ein skikkeleg song.

Opptaket av låta er gjort heime hos far til Leiv i Utvik i Sogn og Fjordane. Robert Jønnum fiksa lyd medan Jørgen Sandvik og Bosse Litsheim hjelpte til på instrument.

Skriv postkort til seg sjølv

Han brukar så mykje tid som muleg på musikk, men Leiv seier han ikkje berre lagar musikk for musikken si skuld: - Det å arbeide, og å vere ein del av det livet ved sidan av musikken er heile motivasjonen for musikken.

Artistar som Richard Thompson, Incredible String Band, Dylan, Lars Wiik, Bonnie "Prince" Billy og Elliott Smith (pluss mange, mange fleire) ligg nærme hjertet til Leiv. Og om sin eigen musikk seier han:

- På mange måtar er musikken postkort til meg sjølv frå stader eg har vert. På grunn av min dårlege evne til å hugse ting, hjelper eg meg sjølv å hugse ved å lage songar. "Lazy" er ein slik type song, eit utsnitt frå kvardagen eg hadde då eg budde i Trondheim.

Meir musikk av Leiv Reed finn du her!

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)