Hopp til innhold

Maria Due

Maria Due er Ukas Urørt med låta "Better soon". Låta skal få deg til å drøyme deg vekk og tenke på betre tider når eksamenslesinga er på sitt værste.

Maria Due

Urørt meinar

Mjukt og godt i øyrene: Ukas Urørt er mild, fin pop frå ein av Oslos sterke visepopjenter. Både amerikansk folk, latinsk lounge og Joni Mitchell har lagt igjen stjernestøv rundt Maria Dues arrangement på "Better Soon".

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Lytt og last ned Ukas Urørt: "Better Soon" her.

- Better soon var ei av dei aller første sangane eg lagde, seier Maria Due til Urørt når vi spør om historia bak vekas låt. - Men så har den fått litt ny tekst og nye delar etterkvart. Det er ein draum om sommarferie i Lillesand med lukt av bål og solkrem når ein sit i Oslo og les til eksamen, eller har andre grunnar til å drøyme seg vekk.

Erfaren korist og pianist

Maria starta med pianotimar som trettenåring og lytta heftig til foreldra sitt utval av fem kassettar. Særleg Leonard Cohens "Songs of Love and Hate" og Les Misérable.

Då ho var atten år starta ho som organist og korar i Kristiansand-bandet Bloody Pigeons.

Maria Due på By:larm

Maria Due spelte under årets By:larm i Oslo.

- Eg spelte på eit orgel som vog omlag hundre kilo. Fem menn måtte hjelpe til å bære.

Då Maria flytta til Oslo spelte ho i fleire ulike band. I elektronikabandet Belle de Jour var ho vokalist og i indierockbandet Railroad Orchestra var det tilbake til tangentane igjen.

- Då kjøpte eg meg ein synth som gjekk an å ha i sekken, seier ho.

Maria, Maria!

Etter ei stund i Oslos mange musikkmiljø, blei Maria Due kjent med Maria Orieta. Due blei koristen og synthisten hennar. - Høgdepunktet var å varme opp for The National Bank på Rockefeller, mimrar Maria.

Etter å ha kora og syntha med andre, byrja Maria Due å lage sine eigne låtar ein sommar heime i Lillesand. Ho debuterte på Evita Klubb på Soria Moria for tre-fire år sidan også blei det jo By:larmspeling i februar.

Fekk platekontrakt på Sørlandsruta

Maria lagar pop, særleg med, som Urørtredaksjonen påpeiker, eit snev av Joni Mitchell mot slutten av "Better Soon".

- Joni Mitchell, Kate Wolf, Cat Power, Brigitte Bardot, Nick Drake og Belle and Sebastian har mange ulike, fine stemningar og er følsomme utan å bli sentimentale, seier Maria.

Maria trivst eksremt godt i Duper Studio i Bergen saman med supergjengen sin: produsent Yngve Sætre, bassist Bert Kristoffersen og trommis Ole Ludvig Kruger. - Det er som ei boble i himmelen!

Plateinnspeling fiksa ho seg ein gang ho sat på Sørlandsruta i fjor sommar. Ein mann med gitar og fyllenervar kom på. Dei to blei sitjande å prate om musikk og drikke raudvin i baksetet. Maria brann ein CD til fyren. Han likte det han høyrde og kontakta produsent Yngve Sætre.

Quartfestivalen i sommar

Maria Due skal bruke sommaren på det som står igjen av plateinnspeling. Men før den tid skal ho spele på Quartfestivalen. 26. april er det konsert på Youngstorget og 28. april på Javel.

Kva betyr det å bli Ukas Urørt?

Maria Due

- Kjempegøy! Eit steg nærmare popstjernehimmelen, svarar Maria.

Har du ein siste appell til folket?

- Ta meir ferie, dyrk ein ting i sommar, kjøp el-bil, bli vennar igjen og kom på konsert.

Lytt og last ned Ukas Urørt: "Better Soon" her.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.