Hopp til innhold

Grandis og kaffi blir tungrock

Denne Ukas Urørt er Aviendha med låta "Water from Stone". Då dei spelte inn EPen "As the Horizon Burns" gjekk det med masse frossenmat og kaffi. Slikt blir det tungrock av.

Aviendha

Urørt meiner:

Låta Water from Stone startar roleg som ein påskemorgon, men held fram som eit vondt og uheldig fall i salåmbakken.

Dette er hi-fi. Liten tvil om at bergensbandet Aviendha har høyrt på Tool og liknande: seig metal frå øvste hylle i garasjen. Vidunderleg lyd, eigenart og oppfinnsomheit gjer bandet lett å velje til Ukas Urørt.

Last ned gratis: Water from Stone

Lytt til: Water from Stone

Ikkje metal men tungrock

Aviendha

Aviendha

Aviendha er fire menn frå Bergen og Haugesund; Ørjan Støldal Isaksen - gitar, Torkjel Landås - vokal, Ørjan Salvesen Haukaas - bass og Øyvind Strand - trommer.

Bandet seier sjølv dei prøver å skape ei prærie-stemning og ber lyttarane spesielt om å legge merke til stemningsskriftet som finn stad ca. 3 minuttar inn i låta. Då brakar det laus. Men noko metalband likar dei ikkje å kalle seg, det er nok meir tungrock meiner Aviendha sjølv.

Meir om: Aviendha

Kjekt at andre likar det vi gjer

Aviendha har spelt mykje live, mellom anna på Lost Weekend og som oppvarmingsband for Black Debbat. I desember 2007 kom Aviendha ut med sin tredje EP, As the Horizon Burns der ein altså finn Ukas Urørte låt: Water from Stone. I studio levde bandet mest på grandis, diverse anna frossenmat og ikkje minst kaffi. Det er slikt det blir tungrock av!

- Å bli Ukas Urørt er utruleg fett, seier Ørjan Støldal Isaksen då han og band- og namnekollega Ørjan Salvesen Haukaas besøker Siri Narverud Moen i Urørtstudio.

- Det betyr at vi gjer noko rett når andre likar det vi gjer, seier han.

Albumplanar

Urørt er sæleg imponert over lydbildet til det bergensbaserte bandet. Noko dei takkar produsent Rune Langhelle for. Aviendha vil også spele inn plate men først skal dei spele konsert under festivalen med det passande namnet: Piggtråd

Sjekk også ut videoen til låta Stigma på Youtube!

http://www.aviendhaband.com/

http://www.myspace.com/aviendhaband

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober