NRK Meny
Normal

Ujamne kår for universitetskunst

Medan nokre universitet og høgskular tek godt vare på kunsten sin, blir hann vanskjøtta andre stader.

Ulla Udberg

Ulla Udberg, kunstforvaltar ved UiO.

Foto: Universitetet i Oslo

På Universitetet i Bergen er fleire verk forsømde og i dårleg forfatning. Universitetet i Oslo har derimot hatt ein eigen person tilsett for å ta vare på universitetet sin kunst.

Erlend Hofstad

Erlend Hofstad

Foto: UiB

- Det gir eit sjuskete preg og inntrykk av at ein ikkje bryr seg om den kunstnariske verdien eller arbeidsmiljøet til dei som jobbar her. Det ser jo berre forferdeleg ut, seier universitetslektor ved humanistisk fakultet i Bergen, Erlend Hofstad.

Attgrodd vinterhage

Fakultet ved Universitetet i Bergen er teikna av arkitekt Sverre Lied. Vinterhagen ved fakultetet er ei av mange utsmykkingselement ved universitetet som lid under manglande vedlikehald. Universitetslektor. Hofstad meiner vinterhagen no liknar ein attgrodd hageflekk, og får støtte frå fyrsteamanuensis i nordisk, Johan Myking.

- Faren min var med og bygde huset midt på 60-tallet. Nokre gongar har han spurt meg korleis det ser ut i den fine vinterhagen, og då har jeg hatt problem med å svare. I periodar har det ikkje sett ut, seier Mykling.

Eigen kunstansvarleg i Oslo

Ved Universitet i Oslo er det ein heilt annan situasjon for den store kunstsamlinga. Sidan 60-tallet har universitetet hatt eigen person tilsett for å ta vare på og vise fram kunsten.

- Vi har fått fokus på verdiane universitet har i den visuelle kunsten. Det er viktig at denne kunsten blir formidla til publikum, og ikkje berre heng som død dekor, seier Ulla Udberg, som er universitetet sin kunstforvaltar.

Sidan 1855 har Noregs eldste universitet samla over 2000 kunstverk. Til dagleg er kunsten spreidd i universitetet sine bygningar over til saman 500.000 kvadratmeter.

I går opna Høvikodden ei utstilling med verk frå samlinga som omfattar alt frå portrettmåleri av professorar til moderne foto og kunsthistoriske milepælar. Edvard Munch sitt maleri ”Kjemien” er i dette høvet henta ned frå veggen i Universitetets Aula.

Udberg meiner det ville vore umogleg å ivareta forvaltningsoppgåva utan ein person i 100 prosent stilling.

- Om lag 30.000 menneske har tilknyting til universitetet. Det er ei så stor forvaltnings- og formidlingsoppgåve at det ikkje ville vore mogleg.

Visjonar i Bergen

Professor i kunsthistorie Sigrid Lien er leiar for Universitetet i Bergen sitt utsmykkingsutval. Dei har visjonar for korleis dei skal utvikle og betre kunstverk og utsmykking ved universitetet, og korleis utsmykkinga kan gjerast meir heilskapeleg. Men dei slit med å få tida til å strekke til.

- Vi er eit lite utval med lite ressursar og vi kan ikkje springe rundt kvar dag å passe på dette sjølve. Det ville vore fint om ein person hadde dette som si arbeidsoppgåve på permanent basis, seier Lien.

Kari Tove Elvbakken

Kari Tove Elvbakken, Universitetsdirektør UiB

Foto: UiB

Universitetsdirektør ved Universitetet i Bergen Kari Tove Elvbakken fortel til NRK Kulturnytt at ein no vil vurdere korleis ein kan forvalte utsmykkinga på ein betre måte. Sigrid Lien håpar ein slik gjennomgang vil føre til at det igjen blir satt fokus på arkitektane sine visjonar for universitetet.

- Det hadde vore fint om dette igjen kunne bli ei glede å feste blikket på for alle som ferdast her kvar einaste dag, seier Sigrid Lien.

Kulturstrøm

  • Fant ukjent Stanley Kubrick-manus

    Et Stanley Kubrick-manus de fleste trodde ikke fantes er funnet. «Burning Secret» er en filmatisering av en novelle av Stefan Zweig, skriver The Guardian. Manuset er skrevet i 1956 sammen med forfatteren Calder Willingham, og ble funnet av en filmprofessor ved Bangoor-universitetet, Nathan Abrams. – Alle trodde dette var tapt, jeg kunne ikke tro det da jeg fant det. Kubrick-fans har visst at han ville skrive dette manuset men ingen visste at han gjorde det ferdig, sier Abrams til avisen. Les mer om Kubrick hos NRK Filmpolitiet.

    Stanley Kubrick
    Foto: AP/Scanpix
  • "Pariserne" på Lillehammer

    Per Krogh var blant Matisse-elevene som levde det livlige bohemliv i Paris, men han tjenestegjorde også som skiskoldat for Frankrike under den 1.verdenskrig. I utstillingen "Pariserne" på Lillehammer kunstmuseum vises Krohgs kunst fra Paris sammen med flere andre norske kunstnere som ble en del av Matisse-kretsen tidlig på 1900-tallet. Hør historien i Studio 2 i NRK P2: