Hopp til innhold

Tysk museum leverer tilbake sjeldan tromme til Noreg

No vender den heilt spesielle tromma heim, 300 år etter at ho vart teken vekk med makt.

En flat tromme med symboler tegnet på brunt skinn ligger på en hvit bakgrunn. Tromma er samisk med brune tråder hengende ut fra den ene enden.

Slik ser Frøyningsfjelltromma ut. Ho blei teken for 300 år sidan, og skal no vende att.

Foto: Michael Reichel

Les på samisk: Museume Tysklaantesne saemien gievrie bååstede vadta

Dei samiske trommene skulle bli destruerte for å utrydde ein del av samisk kultur, men nokre få overlevde.

Ei av dei er no på veg heim til Noreg.

– Me har lenge jobba med å få lov til å fortelja om kulturarven vår på vår eigen måte, seier Birgitta Fossum, direktør ved det sørsamiske museet og kultursenteret, Saemien Sijte.

Birgitta Fossum smiler. Ho står utanfor Det sørsamiske museet og kultursenteret i Snåsa, Saemen Sijte. Det samiske flaget heng bak ho. Fossum har på seg kofte.

Birgitta Fossum starta arbeidet med å få tromma heim til Noreg.

Foto: Privat

Det var ho, som på vegner av museet, sende eit brev til Meininger Museen i 2021. Det vart starten på heimkomsten.

Museet i Tyskland seier no at det er nødvendig å gje ho tilbake.

Brukt til å gje råd eller treffe avgjerder

Trommene vart brukte av åndelege leiarar under ulike ritual, til dømes til å gje råd, treffa avgjerder eller få kontakt med avdøde.

På overtrekket i reinskinn er det enkle figurar som skal førestilla mellom anna menneske, ånder, tre, piler, bogar, elg og rein.

Ein la ein gjenstand på skinnet og slo på anten ramma til tromma eller overtrekket med ein hammar, slik at gjenstanden flytta seg. Kva figur gjenstanden landa på og korleis gjenstanden landa, kunne fortelja den som spurte om det personen ynska å veta.

Desse rituala likte kristne misjonærar på den tida veldig dårleg. Og på slutten av 1600-talet skulle difor alle samiske trommer samlast inn eller bli øydelagde.

– Skulle bli utrydda

Det var misjonæren Thomas Von Westen som beslagla akkurat denne tromma i 1723.

Han møtte på eigarane Bendix Andersen og Jon Torchelsen i Namdalen, og skreiv ned det dei fortalde om tromma. Blant anna kva dei ulike symbola betydde og korleis dei brukte tromma.

Han samla dei inn, blant anna for å lære seg meir om religionen, for så å bruke kunnskapen til å utrydde han, fortel Fossum i Saemien Sijte.

Reisa vidare er godt dokumentert. Ho vart sendt til misjonskollegiet i København, før ho vart ein del av Det kongelege danske kunstkammeret i 1730.

Men ut på 1700-talet enda ho opp i eit tysk kongehus, mest sannsynleg som ei bryllaupsgåve.

Sidan 1837 har ho stått på slottet Elisabethenburg, som i dag er ein del av Meininger museen i Tyskland.

Museet i Tyskland: – Ei kuriositet for oss

I Meininger Museen har tromma stått i den musikkhistoriske utstillinga, blant forskjellige type musikkinstrument.

Frøyningsfjelltromma, montert på ein vegg bak eit utstillingsglas. Ved sida av tromma er det ein illustrasjon som forklarer kva dei ulike teikningane på overtrekket til Tromma betyr.

Frøyningsfjelltromma på utstilling i Meininger Museen i Tyskland.

Foto: Meininger Museen

Til NRK seier direktør ved Meininger Museen, Philipp Adlung, at i samlinga deira var tromma ein kuriositet.

– Meiningen er mest kjent for å vera ein stad for teater og musikk. Museet føler seg spesielt forplikta til å vidareføra denne arven og historia. Den samiske tromma er langt frå fokuset vårt.

Tromma har stått på eit rom saman med andre instrument, nærare bestemt barokkinstrument.

– Det blir heilt feil kontekst, for ho var jo i hovudsak ikkje eit musikkinstrument, men eit reiskap for å hjelpe deg i livet, ein vegvisar, forklarer Fossum.

Del av den musikkhistoriske utstillinga på Meininger Museen. Her er instrumentane, og Frøyningsfjelltromma, montert til veggen, og dei står trygt bak utstillingsglas.

Den sørsamiske Frøyningsfjelltromma på utstilling i Meininger Museen. Tromma er ei rammetromme med overtrekk av reinskinn. Det er enkle teikningar på overtrekket, som t.d. strekmenneske og dyr. I utstillinga står tromma blant fleire instrument, sjølv om akkurat denne tromma rett nok ikkje vart brukt som eit musikkinstrument.

Foto: Meininger Museen

Adlung i Tyskland seier dette blei meir klart for dei i samtalar med deira norske kollegaer.

– Medan tromma har vore ein kuriositet for oss, har ho ei heilt spesiell betyding for det sørsamiske folket. Dette vart me klar over undervegs i samtaler med dei norske kollegaene vore. Difor såg me det som nødvendig å gje tromma tilbake.

Fossum seier det er stort at tromma kjem tilbake, 300 år etter at ho vart teken bort.

Og det vert i ein annan kontekst ein får sjå tromma på Saemien Sijte, enn slik ho stod på Meininger Museen.

– Eit symbol på uretten

Det som misjonæren Thomas Von Westen skreiv ned om tromma, har også overlevd tidas tann.

– Dette er ein av få trommer som er beskrive av samar sjølv, seier Fossum.

I verda elles finst det omtrent 70–80 trommer, men Frøyningsfjelltromma skil seg ut nettopp fordi ho er så godt dokumentert.

En flat tromme med symboler tegnet på brunt skinn ligger på en hvit bakgrunn. Tromma er samisk med brune tråder hengende ut fra den ene enden.

Frøyningsfjelltromma blei tatt ut av Noreg for 300 år sida, no skal ho stå her permanent.

Foto: Michael Reichel

Ho håper tromma kan stillast ut i lag med originaldokumentet til Westen, som i dag står på NTNU i Trondheim.

For henne er trommene eit symbol på den uretten som blei gjort mot samane, og ho er glad for at Frøyningsfjelltromma vender heim igjen.

– Kan komme fleire

Parallelt med tilbakeføringa av Frøyningsfjelltromma har det gått føre seg eit anna norsksamisk-tysk museumssamarbeid.

Prosjektet har i oppdrag å kartlegga samiske gjenstandar og samlingar i tyske museum og kulturarvsinsitusjonar.

For utanom Norden, er det Tyskland som har dei største samiske museumssamlingane. Det er blant anna fordi den etnografiske interessa vart tidleg til i Tyskland, i tillegg til at dei tyske muséa hadde ein særleg fascinasjon for reindriftssamar.

Ved tyske museum finst omtrent 2300 samiske gjenstandar, omtrent 18 av desse er trommer, fleire enn det som finst i Noreg.

Sjølv om prosjektet fyrst og fremst er meint for å kartlegga gjenstandane, trur leiar av prosjektet, Cathrine Baglo, at det kan verta starten på fleire tilbakeføringsprosessar.

– Ved Grassi museum i Leipzig veit vi at dei også vil finne ut kor dei fem trommene dei har, best høyrer heime. De vil gjere det rette.

Les også 1600 kultur-gjenstander kommer hjem: – Enorm betydning

En samisk lykkeamulett, kalt tsorrehtahke.
Man bærer den på beltet, og den er brodert med tinntråd som henger med messingringer og et Maria-emblem. Det er gjort undersøkelser og inni ammuletten er det en kjertel fra rein som er lykkebringende, ifølge konservator Lisa Dunfjeld-Aagård.

Kulturstrøm

  • Skuespiller Shannen Doherty er død

    Skuespilleren som er mest kjent for sin rolle som Brenda Walsh i Beverly Hills 90210 er død.

    Hun ble 53 år gammel etter flere års kamp mot kreft.

    Shannon Doherty
    Foto: AFP
  • Fitness-guru Richard Simmons er død

    Fitness-guru Richard Simmons er død, det melder flere amerikanske medier. Han ble funnet død i sitt eget hjem. Han var også kjent for å være stemmeskuespiller og radiovert.

    Richard Simmons
    Foto: Richard Shotwell / AP
  • Ny «Euphoria»-sesong spilles inn på nyåret

    Etter måneder med spekulasjoner er det endelig bestemt at det blir en ny sesong av braksuksessen «Euphoria», skriver NTB.

    Ungdomsserien har blitt en av verdens mest populære TV-serier de siste årene. Det er tre år siden forrige sesong ble lansert.

    Nå skriver Hollywood Reporter produksjonen av en ny sesong går i gang i januar 2025.