Hopp til innhold

Twitter kan merke meldingane til statsleiarar med åtvaring

Twitter seier det kan få konsekvensar dersom statsleiarar bryt regelverket deira. Men dei vil ikkje automatisk slette ulovlege meldingar.

Donald Trump på Twitter

President Donald Trump er ein av dei mest populære politikarane på Twitter. Han er også ein ivrig tvitrar som ofte legg ut fleire meldingar kvar dag.

Foto: J. David Ake / J. David Ake

Sosiale medium har blitt ein viktig kanal for mange politikarar når dei ønsker å kome i direkte kontakt med veljarane sine. Det gir dei ei anledning til å formidle bodskapen sin ufiltrert til publikum.

Barack Obama er den mest populære politikaren på Twitter, følgd av den noverande presidenten i USA, Donald Trump. Indias statsminister, Narendra Modi, er den tredje mest populære politikaren på plattforma.

Trump er også ein dei mest aktive statsleiarane på Twitter. Han har også lagt ut ein del kontroversielle meldingar, som då han krangla med Nord-Koreas Kim Jong-un om kven som hadde den største og mest effektive atomknappen.

Laster Twitter-innhold

I 2017 blei kontoen til Trump midlertidig deaktivert av ein tilsett i Twitter som hadde siste arbeidsdag i firmaet.

Nye retningslinjer

Dei siste åra har det fleire gongar vore peika på at det har blitt eit hardare ordskifte og meir hets i nettdebatten. Også politikarar har bidrege til dette på sosiale medium. Det har difor vore eit krav om at teknologiselskapa skal setje i verk tiltak dersom statsleiarar går over streken.

Twitter presenterte i førre veke retningslinjer som seier kva selskapet vil gjere dersom statsleiarar legg ut meldingar som er i strid med reglane deira.

Laster Twitter-innhold

Meldingane blir ikkje automatisk sletta, men kan bli merka med ei åtvaring som brukarane må klikke seg forbi for å sjå meldinga, som det ikkje skal vere mogleg å like, dele eller retvitre.

Men det er ikkje fritt fram for statsleiarar å publisere meiningsytringar på plattforma. Oppmoding til vald og terror er blant det som kan kvalifisere til sletting av meldingar.

Vil ikkje vere redaktør

Sosiale medium har blitt ein viktig informasjonskjelde for mange. Folk får sine daglege oppdateringar gjennom delte meiningar, artiklar og annonsar.

Samtidig har det vist seg at ein del av informasjonen som blir spreidd på denne måten er falsk. Det har ført til ein debatt om kontroll.

– Teknologiselskapa har kome i ein vanskeleg situasjon. På den eine sida ønsker dei å vere ein tilretteleggar for debatt. Samtidig blir dei bedne om å vere ei slags portvakt og redaktør, seier førsteamanuensis Bente Kalsnes ved Institutt for kommunikasjon ved Høyskolen Kristiania.

Bente Kalsnes

Førsteamanuensis Bente Kalsnes ved Institutt for kommunikasjon ved Høyskolen Kristiania seier teknologiselskapa ikkje ønsker redaktørrolla mange ønsker å tildele dei i nettdebatten.

Foto: Sonja Balci / HiOA

Ho har blant anna forska på politisk bruk av sosiale medium, falske nyheiter og desinformasjon. Ho seier dei sosiale plattformene ikkje er bygde for å ha det redaktøransvaret dei blir bedne om å ta på seg.

– Når amerikansk TV viser ei politisk reklame, har dei gjort ei vurdering før dei sender reklamen. Det krev ein annan type kompetanse og forretningsmodell enn det teknologiselskapa har, som primært modererer innhald i etterkant.

Hemmeleg

Kalsnes seier det er vanskeleg å vite korleis dei nye retningslinjene til Twitter blir handheva, blant anna fordi dei ikkje vil vere opne om kvar grensa går.

– Det er vanskeleg å få innsyn i modereringspraksisen til desse selskapa. Kva blir fjerna, og er det fjerna for alltid? Det er mykje hemmeleghald rundt denne praksisen, seier ho.

Og Twitter vedgår at det er vanskeleg seie nøyaktig kvar grensa går før dei grip inn og utstyrer ei melding med ein merknad.

– Vi forstår at mange ønsker eit klart ja/nei-skilje, men det er ikkje så enkelt. Twitter blir brukt av verdsleiarar til å kommunisere direkte med veljarane sine og andre leiarar, og til tider presentere politikk. Kvar avgjerd vi tek, kjem til å lage ein ny regel for oss.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober