TVNZ er på veg mot Antarktis for å finne Jarle Andhøy. TV-kanalen er ein nasjonal kringkastar og delvis statsfinansiert.
Andhøy er på veg mot området der båten «Berserk», med tre mann om bord, forsvann 22. februar i fjor. Han håper å finne ut kva som skjedde med dei.
TV-teamet reknar med å vere framme kring 15. februar, men er ikkje sikre på om dei kjem til å finne Andhøy.
Dei veit heller ikkje om Andhøy vil snakke med dei.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Bryt forskrift igjen
Andhøy og mannskapet hans har kryssa 60 grader sør med den russiskregistrerte seglbåten «Nilaya».
Dermed bryt han igjen forskrifta for Antarktis og risikerar bøter og fengselstraff.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
NRK har vore i kontakt med Andhøy. Han fortalde at det er meir is i området enn det var i fjor.
– Sidan me er her så seint i sesongen, kjem vi ikkje til å rekke å søke etter «Berserk» under vatn. Men me kjem til å søke på land, på dei stadene me hadde avtalt å møte dei andre gutane. Der kjem vi til å sjekke om dei har lagt igjen utstyr, seier Andhøy til NRK.
Han er førebudd på å snu om istilhøva tilseier det.
– Det er inga skam å snu. Det viktigaste er å komme heile heim, sa han til NRK.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ: