Hopp til innhold

Girl in reds gitar toppa auksjonen med heile 200.000 kr

Det høgste budet under auksjonen i forbindelse med TV-aksjonen kom på Girl in reds signerte gitar. Den ble seld for heile 200.000 kr.

Marie Ulven, betre kjent som girl in red, held konsert

Girl in red fekk prestisjeprisen Årets spellemann tidlegare i år. I forbindelse med TV-aksjonen kausjonerte ho bort ein signert gitar. Den er ikkje avbilda på dette bildet.

Foto: SUZANNE CORDEIRO / AFP

Pengane går til Legar utan grenser og DNDi sitt arbeid for å gi livreddande helsehjelp og medisinar til menneske som treng det mest.

Denne saken er oppdatert med resultatene:

Signert gitar av Girl in red: 200.000 kr

Marie Ulven, kjent under artistnamnet girl in red er ein norsk vokalist, gitarist og låtskrivar. I år vart ho «Årets spellemann» og tok imot prisen av sjølvaste Billie Eilish. Ho auksjonerte bort ein signert gitar til TV-aksjonen.

EM-drakta til Karsten Warholm: 20.500 kr

Karsten Warholm auksjonerte bort gulldrakta han løp med under EM i år. Med deg på kjøpet får du det originale startnummeret og ei piggsko signert.

Gå til blimed.no for å sjå alle auksjonsobjekta.

Få Jan Thomas og Einar Tørnquist heim til deg: 60.000 kr

Einar Tørnquist og Jan Thomas i forbindelse med podkasten «Jan Thomas og Einar bli venner»

Einar Tørnquist og Jan Thomas er gode venar.

Foto: Plan B

Fire år er gått sidan Jan Thomas og Einar møtte kvarandre i eit podkaststudio for å finne ut om dei to kunne bli venar. Resten er historie! I år kunne du, vennegjengen, familien din eller jobben din by på ei heilt eigen live podkastepisode av «Jan Thomas og Einar blir venner».

Siv Jensens leppestiftkjole: 20.000 kr

Har du drøymt om å ha på deg leppestiftkjolen til Siv Jensen og rope «Morna, Jens!»? Siv Jensen auksjonerte bort kjolen ho brukte under det som ofte er omtalt som eit av dei mest ikoniske augeblikka i norsk politikk!

Rappeller ned Munchmuseet: 21.250 kr

Munchmuseet

Viss du er glad i spenning kan kanskje rappellering ned Munchmuseet vere noko for deg?

Foto: Kyrre Buxrud

Er du glad i høgder? Eller spenning? Eller begge delar? I år var det moglegheit til å by på denne spektakulære opplevinga. Rappeller ned Munchmuseet med éin du gjerne vil dele opplevinga med.

Else Kåss sine rosa crocs: 35.250

Else Kåss auksjonerte bort sine rosa crocs for fjerde gong! Den fyrste gongen, i 2019, angra ho seg, og vann dei tilbake for 10.000 kr. I 2020 og 2021 la dei ut på ein ny auksjons-tur og i fjor vart dei seld for 40.000 kr.

Tur for to personar med seglskipet Christian Radich: 30.000

Christian Radich auksjonerte bort siste etappe på regatta i Tall Ships' Races 2023 og etterfesten i Arendal. I Tall Ships' Races konkurrerer seglskip frå heile verda. Siste etappe går frå Lerwick på Shetland til Arendal, og de er med som mannskap. Kunnskap om segling er ikkje nødvendig.

Signert køyredress av Dennis Hauger: 32.250 kr

Dennis Hauger

Dennis Hauger gjer store framsteg, og køyrer nå for laget Prima Racing i Formel 2.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Den norske verdsmeisteren i formel 3 auksjonerte bort ein signert køyredress til årets TV-aksjon. Hauger, som for tida konkurrerer i formel 2 for Prema Racing, understrekar at dette er ei drakt han har blødd, sveitta og tåra i.

Signert US Open-racket og panneband frå Casper Ruud: 70.000 kr

Casper Ruud er den høgst rangerte norske tennisspelaren gjennom tidene, og ligg nå på tredjeplass på verdsrangeringa – berre slått av Carlos Alcaraz og Rafael Nadal. I år auksjonerte han bort racketen og pannebandet han brukte under årets US Open-finale.

Eit 100 år gammalt oliventre: 18.000

Eit 100 år gammalt oliventre frå Italia blir auksjonert bort. Den har garantert opplevd mykje i løpet av sitt lange løp, blant anna har den pryda scena i Stavanger Konserthus ved fleire anledningar.

I tillegg inneheldt auksjonen intimkonsert med Lars Bremnes, dessertkurs for to personar med Pascal, bordtenniskamp med bordtenniskameratene. Sjå kva det gjekk for på auksjonen.no.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober