Norges Televisjon (NTV) har i dag søkt om å få byggje ut og drive bakkenettet. Dersom TV 2 tar seg betalt, er det uvisst kor stor betalinga vil bli.
TV 2-sjef Kåre Valebrokk stadfester at selskapet vurderer å ta seg betalt, også for hovudkanalen.
Konkurransen mellom dei kommersielle TV-kanalane er ei av årsakene til at TV 2 vil sikra seg andre inntektskjelder.
Gratis NRK
For å sjå basiskanalane i NRK via bakkenettet, blir det inga ekstra-avgift i tillegg til lisensen. Men TV-skjermen blir svart dersom du ikkje kjøper deg ein digitalboks til 1500 kroner, i første omgang ein boks for kvart TV-apparat, seier NTV-sjef Tor Fuglevik.
Det blir ei etappevis utbygging av bakkenettet. Dei første norske TV-sjåarane vil kunna ta inn digital-tv med ei vanleg antenne om eitt år. Om vel tre år skal heile Norge kunna ta inn signal fra det digitale bakkenettet, som kan få opp til 50 kanalar.
Bak Norges Televisjon står nå NRK, TV 2 og Telenor.
Kulturnytt, NRK P2, 30. september 2005