NRK Meny
Normal

Turistene tar lynkurs i norsk

"Ro, ro, til fiskeskjaaer" klinger det gebrokkent gjennom konferanserommet sine vinduer mot Karl Johan. På turistlynkurs i norsk læres heilt andre ting enn "skål" og griseord.

Norskkurs
Foto: MMS-foto: Webjørn Espeland / NRK

Senorita Diana (24) fra Madrid i Spania har komme til Norge for å besøke venner og jobbe litt i sommar. Men med norskkunnskaper som ein gjennomsnittleg norsk eittåring er det ikkje like lett å få seg jobb.

På Norlandia Hotel ved Karl Johan er ho og lærer Anita Aasen godt i gang med dei viktigaste norske frasene. Diana har allereie funne seg ein favoritt:

- Åøl er durt i Norge

”Åøl er durt i Norge”. Dyrt øl altså. Ho er også usikker på om ho eigentleg får bruk for ordet "billig" nokon gang.

Lærer Aasen starta opp kurset forrige veke. Ho synast at lommeparlører er alt for tørt, og har savna eit liknande tilbod når ho sjølv har vert i utlandet. Og ho er godt fornøgd med oppmøtet så langt.

- Vi har hatt sju til åtte elevar kvar dag, og har allereie fått bestillinger direkte fra USA. Så ordet sprer seg raskt!

 

Anita Aasen
Foto: MMS-foto: Webjørn Espeland / NRK

 

Både britar, tyskarar, amerikanarar og folk fra Nederland har vert på dei tidlegare kursa.

Skjuler skrivemåten

For å ikkje forvirre utlendingane for masse skjuler ho skrivemåten på "jeg" i starten av kurset.

- Norsk er igrunn eit ganske vanskelig språk å uttale, særlig vokalane og diftongane er det mange som sliter med, forteller Aasen.

"Unnskyld" og "vær så god" er ord som bringer fram masse undring og humring på skolebenkane. Diana sliter med ’høyre’-reglene. Dessutan er ho litt skuffa over å ikkje lære noko så essensielt som banneord.

Eg lover ho eit lynkurs etter lynkurset, mens eg lærer ho den kanskje aller viktigaste frasa for å kunne fungere sosialt i Norge:

"Hadet på badet din gamle sjokolade".