NRK Meny
Normal

Tunnel ga valdsauke

Ein vestlandskommune opplevde auka bygdevald etter at ei øy vart bunde saman med fastlandet.

Halsnøy-tunnelen
Foto: Bjørn Kjetil Hansen

Hør: Auka Bygdevold

- Det er ungdom som ønsker å hevde sitt revir, seier bygdeforskar med Norsk senter for bygdeforskning Bjørn Egil Flø.

Kvinnherad kommune ytterst i hardangerfjorden hadde opplevd ein nedgang i valdsepisodar etter eit vellukka valdsprosjekt politiet hadde satt i gang. I følge politioverbetjent Sigurd Børve hadde det berre vore 2 registrerte valdsepisodar det første kvartalet 2008.

Tunnel skapte valdsauke

8 mars i år åpna det ein undersjøisk tunnel ut til ei av øyene i kommunen, Halsnøy. Dette førte til at dei om lag 2500 innbygjarane på øya hadde drøyt 10 minutt å køyre inn til kommunesenteret, som no også vart tilgjengeleg 7 dagar i veka, døgnet rundt. Allereie første helga etter tunnelåpninga merka politiet ei valdsauke.

- Vi fekk tre fire valdsepisodar helga etter åpninga, og om lag 3 episodar kvar helg dei neste vekene, fortel politioverbetjent Børve.

Av dei 17 valdsepisodane som har vore i Kvinnherad første halvår 2008 kom 14 av dei i perioden 16 mars til ut april.

Det er vanskeleg å sei om det er tunnelen sin feil, men det vart ein auka sirkulasjon mellom dei ulike utestadane i kommunen og ein del prøving og feiling av nye bekjentskap, fortel Børve.

Markering av revir

- Dette er ungdom som ønsker å markere sitt revir, fortel sosiolog og bygdeforskar Bjørn Egil Flø ved Norsk senter for bygdeforskning. Han samanliknar det med hjorten sine brunsthyl om hausten. - Her kjem ungdom frå Halsnøy inn og ønsker å etablere seg ved dei kulaste diskoteka og pubane, medan ungdommen som allereie er der vil føle seg trua og vil forsøke å forsvare sitt område.

Nokre ungdommar kan fungere som brubygjarar, fortel Flø. - Det er personar som er autoritetar i kulturmiljøa, markante skikkelsar innan idrett og som kjem frå utkantane. Dei vil kunne ha status og respekt i begge leira, og på den måten fungere som brubygjarar. Etterkvart vil dei ulike gruppene finne sin plass, og ein vil dele området seg i mellom, meiner Flø.

Og kva er det dei sloss om? Jo, i følge politioverbetjent Sigurd Børve gjeld det så banale ting som kva bygd du kjem frå, biltype og sjølvsagt jenter.

Norgesglasset NRK P1