Hopp til innhold

Tryllekunstnaren Tore Torell er død

Den kjende tryllekunstnaren Tore Torell er død, 77 år gammal.

Innslag fra Dagsrevyen i 1967

VIDEO: Tore Torell i aksjon i 1967

Tore Torell sovna inn i heimen sin i Sandefjord i går kveld, opplyser familien. Torell har vore ein av dei mest profilerte illusjonistane og tryllekunstnarane her i landet. Han har gitt ut fleire tryllebøker og turnert over heile landet i fleire år.

I 2011 vart han tildelt Kongens fortenestmedalje i sølv for innsatsen. Han vart fødd i Oslo i 1941.

– Andre må ta seg av magien

Tore Torell

Tore Torell er død, 77 år gammal.

Foto: Jon Olav Nesvold / NTB scanpix

I vinter fortalde Torell i eit intervju med Dagbladet at han var ramma av kreft i matrøyret.

– Ettersom det denne gongen er snakk om anna enn illusjonar, er det andre enn meg som må ta seg magien. Men eg føler at eg er i dei neste hender, sa han i intervjuet.

Ifølgje Wikipedia starta han karrieren sin berre elleve år gammal, då han trylla på årsmøtet til KFUM i Oslo. Denne jobben fekk han 50 kroner for. Men han var berre seks år første gongen han opptredde for publikum.

I perioden frå 1963 til 2011 underheldt han gjestene på Kiel-ferja med over 500 førestillingar.

På midten av 1960-talet var han nordisk meister i closeup-magi tre år på rad, og sidan var han profesjonell tryllekunstnar. Kona Nina Fremmerlid Torell var ein del av showet hans i mange år.

Han har også gitt ut fleire bøker om trylling, blant anna ei bok om trylletriks for born. Han har gitt ut trylle-DVD-ar og tryllesett. Han har også vore med i filmane 50/50, Hockeyfeber og 1958, samt fleire hundre TV-produksjonar.

Tore Torell mottar Kongens fortjenestmedalje i sølv.

Tore Torell vart tidelt Kongens fortenestmedalje i sølv i 2010. med på biletet er også kona Nina Fremmerlid og dronning Sonja.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix
Tryllekunstneren Davido om Torell

VIDEO: Intervju med Davido.

Deler av innslag fra Norge Rundt i 1991.

VIDEO: Sjå Tore Torell dele kvinne i to.

– Han brydde seg

Ein mann som lærte Tore Torell å kjenne i løpet av dei siste tiåra er forfattaren Vidar Kvalshaug. Han fortel at han vart introdusert for Torell då han var 22 år, medan Tore Torell då alt hadde gjort dei store tinga i karrieren sin.

Vidar Kvalshaug

Vidar Kvalshaug skildrar Tore Torell som eit menneske som brydde seg.

Foto: Morten Holm / NTB scanpix

– Han var den vaksne, modne fyren som tok ein ung spirrevipp under vengjene sine. Han fortalde historier og skrøner om bransjen, og om å overleve der. Han var veldig ungdommeleg i hovudet sitt, og svært omtenksam. Han ville gjerne føre vidare det han hadde lært, seier Kvalshaug til NRK.

Han fortel om ein mann som brydde seg om andre. I ein telefonsamtale Kvalshaug hadde med Tore Torell i vinter ville han vite korleis det gjekk med sjukdomen.

– Det var han ikkje så interessert i å snakke om. Han snudde samtalen til å spørje korleis det gjekk med borna mine. Han var veldig omtenksam, han brydde seg om andre. Han var også svært oppdatert på moderne teknologi. Han var alltid oppteken av å få med seg det siste, seier forfattaren.

Tore Torell lèt etter seg kona Nina Fremmerlid Torell, ein son, ei dotter og fleire barnebarn.

VIDEO: Tore Torell tryllar for born

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)