Hør:
Dei fleste av oss kjem i løpet av livet til å kome borti arveavgifta.
Men det kostar å overta ei hytte eller ein bustad - Tek du imot meir enn 250 000 kroner frå kvar av foreldra, må du ut med lommeboka.
Nye regler
Ein ny regel som trer i kraft 1. januar 2008 seier at foreldra kan ettergi lån til barna utan at det utløyser arveavgift.
Om far til dømes vil gi deg 350 000 kroner neste år, kan du motta 250 000 kroner som forskudd på arv, og 100 000 kroner som eit lån. Far ettergir årlege renter og avdrag (66 812 kroner) avgiftsfritt i 2 år.
Penger til staten
Arveavgifta er over 400 år gamal, og gir 2 milliardar i inntekt til staten, seier studierektor ved Handelshøgskolen BI i Oslo, Dag Jørgen Hveem. Dette er ei lita inntekt i forhold til kostnaden av å ha ho i bruk.
Norgesglasset NRK P1