Hopp til innhold

Trygg på to hjul

- Ein motorsyklist blir aldri utlært. Det seier Gaute Bleie, leiar i Norsk Motorcykkel Union (NMCU) avdeling Hordaland. Sjølv om han har køyrd motorsykkel i mange år, startar han kvar sesong med ”avrusting” på øvingsbane før han legg ut i trafikken.

 

Gaute Bleie, leiar i Norsk Motorcykkel Union avd. Hordaland.

Sjølv om han er ein erfaren motorsyklist, startar Gaute Bleie kvar sesong med «avrusting» på øvingsbane.

Foto: NRK

Norge Rundt, NRK 1, fredag 1. juni kl. 1930.  

 

Medlemmar frå NMCU Hordaland på øvingsbana.

Det blir arrangert oppfriskingskurs for både ferske og erfarne motorsyklistar.

Foto: NRK

- Motorsykkelen står i garasjen nesten halve året. Derfor er det viktig å trene seg opp att, å få sykkelen i kroppen igjen når sesongen startar, forklarer Bleie. I samarbeid med andre arrangerer Norsk Motorcykkel Union NMCU køyrekurs for både ferske og erfarne motorsyklistar.

«Blinde» bilistar

Kvart år blir mange motorsyklistar skadd i ulykker. I 8 av 10 kollisjonar mellom motorsykkel og bil, har ikkje bilføraren sett motorsykkelen.

- Vi har vore borte frå vegane i nesten eit halvår, bilistane er avvent med å sjå oss i trafikken, seier Bleie. Dette må motorsyklistane vere klar over. Dei kan aldri rekne med at ein bilist som skal ut i vegen, eller skifte felt, har sett sykkelen.

 Kjem fort  

 

Motorsyklistar på tur.

Det er vanskelegare å vurdere farta til ein motorsykkel enn til ein bil.

Foto: NRK

- Mange ulykker skjer fordi bilføraren trur han rekk å svinge ut i vegen før sykkelen når fram, seier Bleie. Det er vanskelegare å vurdere farta til eit lite køyrety som ein sykkel, enn det er for ein bil. Motorsyklisten kjem ofte mykje fortare enn det ser ut til, sjølv utan å halde spesielt høg fart. Då er det inga hjelp i å ha retten på si side: Motorsyklisten er alltid den svakaste parten i kollisjonar med bil.

Vaksne førarar   

 

Programleiar May Britt Haukås på motorsykkel.

Programleiar May Britt Haukås har ikkje sertifikat for motorsykkel, men syns det er kjekt å få prøvesite ein sykkel.

Foto: NRK

Det er ein myte at det er flest unge som køyrer motorsykkel. Svært mange er vaksne, ferdige med småbarn- og etableringsperioden, og med tid og råd til å ta opp att hobbyen. Men det har skjedd mykje i utviklinga av motorsyklar berre dei siste 10-20 åra. Ein stor motorsykkel i dag har heilt andre krefter enn ein like stor sykkel for nokre år sidan.

- Derfor er det lett å overvurdere eigne kunnskapar og undervurdere sykkelen. Det kan bli fatalt i ein pressa situasjon, seier Bleie, som anbefaler alle motorsyklistar å ta oppfriskingskurs.

Glede   

 

Motorsyklist Marianne Raknes.

Marianne Raknes tok motorsykkelsertifikat for å imponere brørne sine i 1992.

Foto: NRK

Marianne Raknes tok motorsykkelsertifikatet tidleg på 90-tale, på impuls for å imponere dei to eldre brørne sine. Men ho har aldri angra. Ikkje minst etter turen på legendariske Route 66 i USA er ho hekta.  

 

Marianne Raknes i farta på motorsykkelen.

Marianne Raknes på sin Honda Valkyrie.

Foto: NRK

- Det er fridomskjensla, det å kjenne vinden mot kroppen, kjenne luktene, å kome nær naturen som gjer sykkelkøyring så spesielt, seier ho. Og så er det det sosiale: Motorsyklistar helsar alltid på kvarandre. Om ein får problem og må stoppe, er det alltid hjelp å få.

- Då er det berre å vinke til den neste som kjem forbi. Han stoppar garantert for å høyre kva han kan bidra med, smiler Raknes.  

 

Motorsyklistar tek pause i vegkanten.

Køyring er kjekt, men det er pausene også. Motorsyklistar tek vare på kvarandre, og det sosiale er svært viktig.

Foto: NRK

 

Kulturstrøm

  • Ny undersøkelse: Færre leser for barna sine

    Stadig færre foreldre leser høyt for barna sine. Andelen boklesere i befolkningen synker sakte, viser Leserundersøkelsen 2024, som blir sluppet i dag, skriver Den norske forleggerforeningen i en pressemelding.

    – Foreldres lesing er avgjørende for barns ordforråd og leseglede. Nå faller også disse tallene, dette er dramatisk, sier Trine Skei Grande, administrerende direktør i Forleggerforeningen.

    Én av fire foreldre leser aldri høyt for barna sine. I 2017 svarte 93 prosent av foreldre med barn under 10 år at de leste høyt for barna sine. I 2023 var tallet 75 prosent. Samtidig viser undersøkelsen at de som leser for barna sine, gjør det oftere enn før.

    Leseundersøkelsen har blitt gjennomført av Forleggerforeningen og Bokhandlerforeningen siden 1977.

    – Leserundersøkelsen bekrefter at vi trenger et krafttak for lesing, sier Trine Skei Grande i Forleggerforeningen og Anne Schiøtz i Bokhandlerforeningen.

  • Årets verk og Årets utøver

    Årets verk og Årets utøver 2023 ble delt ut i Spillerom, NRK P2, søndag 21. april. Dirigent og fiolinist Lars-Erik ter Jung er kåret til Årets utøver 2023. Tre vinnere får prisen Årets verk; Jan Erik Mikalsen for Fleurs, Nils Henrik Asheim for Organotopia, Tine Surel Lange – Two sides of the River. Prisene deles ut av Norsk komponistforening.

    Årets utøver og Årets verk 2023
    Foto: Kristin Kverndokk / NRK
  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober