Hopp til innhold

Trur Tix og Abid Raja er med i årets Maskorama

Diskusjonane rundt kven som er årets deltakarar i Maskorama er allereie godt i gang. Linnéa Myhre, Abid Raja, Tix og Atle Antonsen er blant namna som går igjen.

Nøkken på scenen.

NØKKEN: Kven er Nøkken i årets Maskorama?

Foto: Julia Marie Naglestad/NRK

Interessa rundt Maskorama har på ingen måte minka med sesong to.

Premieresendinga på laurdag vart sett av 1,1 millionar sjåarar og spekulasjonane om kven som er med går for fullt i sosiale medium.

Vi i NRK som skriv om Maskorama vil understreke at vi har inga aning om kven som skjuler seg bak maskene.

Vi har derfor tråla sosiale medium for å finne ut kven det norske folk trur er med i år.

Mange gjettar at Draken er Tix

Teoriane om draken sprika i alle retningar under fyrste sending. Hinta er som følgjer:

  • Ser skummel ut, men er forsiktig.
  • Han heldt til mykje tid i grotta si i barndomen.
  • Livet har ikkje alltid vore enkelt.
  • Kall dette gjerne eit comeback, sa draken i fyrste sending.
  • I vignetten ser ein blant anna eit sjakkbrett og ballongar.

Jørn Lier Horst, som er gjest i Maskoramapodkasten denne veka, trur Tix skjuler seg i det fryktinngytande kostymet.

– Han har kjent seg utanfor, noko han har tematisert i blant anna boka si «Den stygge andungen». Han var med i MGP og er nå tilbake i Maskorama, som kan seiast å vere eit slags comeback.

Sofie Frøysaa til venstre, Sarah Natasha Melbye gir to tomler opp og Jørn Lier Horst til høyre. Alle smiler til kamera.

DETEKTIVTIPS: Sofie Frøysaa (t.v.) og Jørn Lier Horst er med Sarah Natasha Melbye detektivar i Maskoramapodkasten.

– I tillegg song han faktisk ein låt av årets Eurovision Song Contest-vinnarar Måneskin.

Medan Sofie Frøysaa trekker fram programleiar Victor Sotberg.

– Han har vore open om at han følt seg annleis og utanfor. Vidare var det bilde av leikefigurar som eg trur viser til barne-TV. I tillegg trur eg «grotta» viser til grotta han var nedi i «71 grader nord kjendis».

Havfrua

  • Eg har inga frykt for å gå i djupna, men har stor frykt for å leve eit liv på overflata, seier Havfrua
  • Havfrua er lang og elegant.
  • Havfrua er ikkje vand til å vere på land, men har funne ein måte å løyse det på.
  • Ho ligg i eit gyllent badekar, og i vignetten ser ein skjel og tente stearinljos.

Mange har peika på at det er gullvinnaren i Paralympics Birgit Skarstein som er Havfrua. Fleire framhevar at Det gylne badekaret kan peike på gullmedaljen hennar, og ho held seg mykje på vatn som profesjonell roar. Ho har alltid vore open om utfordringar, og er oppteken av det indre framfor det ytre.

Nasjonal minnekonsert 22.7.12

HAVFRUE?: Haddy N'jie er musikar, programleiar og forfattar. Kanskje er ho også Havfrua i årets Maskorama?

Foto: NRK

Også Haddy N'jie har blitt trekt fram. Ho er for augeblikket gravid og ein god måte å skjule det på er å vere ei sitjande havfrue, meiner mange. Fleire peiker også på at songstemma til Havfrua er lik songstemma til N'jie.

Abid Raja som Nissen

  • Nissen kan vere uføreseieleg og rampete.
  • Ifølgje Nissen er han den kulaste nissen av dei alle, men slik har det ikkje alltid vore.
  • Det har opna seg store dører for han.
  • I vignetten til fyrste sending ser ein også ei krone og ein fotball.

I sosiale medium er det mange som peiker på at Nissen er Abid Raja då han er ein fargerik person og lite tradisjonell. Dei ulike nissane refererer dermed til ulike parti. Fjøsnissar viser til Sp, raudnissar til Arbeidarpartiet og blånissar viser til partiet Høgre. Krona spelar på at han har vore ved Kongens bord som statsråd.

Abid Raja - Venstres valgvake på Det norske teatret. Valgvaker i Oslo på valgdagen 13. september 2021. Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

NISSE?: Her er Abid Raja på Venstres valvake på valdagen tidlegare i år.

Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

Men også Henrik Elvestad blir trekt fram. Mange trur at blomstermønsteret på nisse-kostymet viser til mønsteret på Gudbrandsdalsdrakta, og Elvestad har tilknyting til Lillehammer. Han har vunne «71 grader nord kjendis» og med det blitt krona, spelt i Nissane på låven og har vore medprogramleiar i fotballprogrammet «Golden Goal».

Eit anna namn som har dukka opp er Atle Antonsen. Han er frå Lillehammer, og krona kan spele på at han er kongen i programmet «Kongen befaler».

Også artist Adrian Sellevoll blir nemnt. Fleire synest at blomstermønsteret er likt Louis Vuitton-mønsteret. Han er uttalt «villbass», og han har i tillegg deltatt i fleire reality-program.

Nøkken

  • Nøkken er kjærleikssjuk og har budd for lenge aleine.
  • Mørkeredd, og kjem fram for selskapets skuld.
  • Kjem helst fram etter mørkets frambrot.
  • I vignetten ser ein musefelle, eit gult telt og eit kors.

Mange gjettar på at det er eventyrar Cecilie Skog som skjuler seg i Nøkken-kostymet. Men også Lilli Bendriss, Linnéa Myhre og Marte Stokstad blir trekt fram. Jørn Lier Horst trur derimot at Nøkken kan vere forfattar Unni Lindell.

Linnea Myhre

NØKKEN?: Mange trur Nøkken er Linnea Myhre.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Unni Lindell har eit telt på coveret til romanen «Dronen». Musefella kan peike på «The Mousetrap» av krimdronninga Agatha Christie. Ifølge Horst har Unni Lindell partnar, men dei bur kvar for seg.

Andreas Wahl i Snømonsteret?

  • Han er lidenskapeleg oppteken av det han driv med, men det har ikkje vore gratis.
  • Han seier han gjer noko heilt nytt når han nå står på scena.
  • I vignetten ser ein blant anna reagensrøyr og den periodiske system.

I sosiale medium er det fysikar og programleiaren som blir nemnt flest gongar. I tillegg blir også tidlegare alpinist Aksel Lund Svindal, artistane Didrik Solli-Tangen og artist Emil Solli-Tangen trekt fram.

Andreas Wahl

FYSIKAR: Andreas Wahl har formidla vitskap i mange ulike program i NRK, blant anna i «Folkeopplysningen».

Foto: Ole Kaland / NRK

Lisa Børud eller Sophie Elise?

  • Skjønte tidleg at den ikkje ville vere som dei andre leikane.
  • Merka tidleg at konkurransen for livets gunst ville bli tøff.
  • Meiner at bamsar høyrer heime i skogen.
  • I vignetten ser ein mange forskjellige leikar som Barbie og Fantorangen.

Teoriane er mange. Fleire gjettar på at det er artist Lisa Børud, artist Sandra Lyng, programleiar Margrethe Røed, påverkar Emilie Nereng eller påverkar Sophie Elise som er årets Bamse.

Dei har alle gått sin eigen veg. Men det er også mange som peikar på programleiar i NRK Super Selma Ibrahim, då kostymet og alle leikefigurane kan hinte til barne-TV.

Selma og jakten på den perfekte tro MSUM05100520

SELMA: Selma Ibrahim har jobba i NRK Supernytt sidan 2016.

Foto: Ole Kaland / NRK

Hotellkonge mot kunstsamlar

  • – Vi grisar har høyrd at vi ikkje eig skam, men vi eig mykje anna, fortalde Heldiggrisen under premieren.
  • – Vi håpar og trur at vi er hyggeleg og omgjengeleg, sa han vidare.
  • I vignetten ser ein diverse snacks og drikke som baconcrisp, øl og martini-drink.
  • Det var ein del pengereferansar i songen i fyrste sending.

På grunn av alle pengereferanse i fyrste sending er det mange som ser mot Christian Ringnes. Han er ein av Noregs rikaste, og eig mange eigedomar som blant anna Ekebergrestauranten, Skulpturparken i Ekebergparken, og i 2003 opna han det som er verdas einaste miniflaskemuseum.

Christian Ringnes

FORRETNINGSMANN: Christian Ringnes er forretningsmann og kunstsamlar.

Foto: Anette Holth Hansen / NRK

Det er også mange som trur hotelldirektør Petter Stordalen, oljefondssjefen Nicolai Tangen eller Alex Rosén som skjuler seg i Heldiggrisen.

Ingen kan vite kven som skjuler seg bak maskene før maska er av, og i denne leiken kan det vere kven som helst! Hugs at det berre var 16 personar som tippa at det var Arve Juritzen som var Frosken. Her kan alt skje.

Gå inn på NRK.no/Maskorama for å vere med å gjette, og få med deg det nyaste i Maskoramapodkasten!

Maskorama går på NRK 1 og NRK TV laurdag kl. 19.50.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober